DOBAR DAN, slik helsar folk i Kroatia god dag til dei to sykkelturistane Turid og Terje som nettopp har landa på flyplassen i Dubrovnik i oktober 2006. Etter at dei har skrudd på pedalane, snudd styret og pumpa luft i dekka, syklar dei på hovudvegen mot Dubrovnik. Kvelden er komen, og det er stummande mørkt ute. Terje er uroleg fordi han ikkje har tinga overnatting på førehand. Etter tre kilometer skimtar dei eit skilt med overnatting. Rommet dei får, er svært koseleg. Terje, som kjenner ansvaret for å skaffa overnatting, er svært letta. Huset er heilt nytt. Vertinna kjem med ein karaffel vin frå eigen vingard. Neste dag ser dei på ei minnetavle utanfor døra at huset er bygd opp etter at det brann ned under krigsherjngane i oktober 1991.