Neste dag er det flott sommarver med over 20 gradar. "Tenk, vi er i oktober", seier Turid. Dei syklar inn til Dubrovnik. Frå vegen ser dei ned på den historiske byen. For å koma ned til byen, kan dei køyra ein omveg på trafikkerte vegar eller sykla rett ned på ein smal veg som dessverre er einvegskøyrd i feil retning. "Eg køyrer likevel", seier Terje. Dersom du vil vera med dei to tursyklistane inn i gamlebyen i Dubrovnik, kan du klikka på biletet. Om du vil reisa vidare straks, kan du klikka på ei side fram .