SYKKELTUR BERLIN-BØHMEN (2001)
(Terje Melheim)
 

Første delen med kapittel 1-4 finn du  her

Om du vil lesa forteljinga på tysk, kan du klikka her
 



Femte kapittel
som fortel om ein regnversdag som ikkje vert så ille som vi trudde. Vi kjem inn i Erzgebirge, der  vi vert utfordra av bratte stigningar. Under ein imponerande jernbaneviadukt møter vi Gerald. Vi er no i den sentrale delen av Sachsen, og våpenet til Sachsen ser du til høgre. Fargane på forteljinga rettar seg etter heraldikken. 


Ned Kirnitzschtal hadde ikkje veret vore så bra, men kunne vi rekna med betre ver dei neste dagane? Medan vi åt middag på eit vertshus, stod fjernsynet på. Fjernsynsfolka rådde folk til å røma Tyskland og reisa til syden. Dei to neste dagane skulle veret verta så ille at det var berre å gløyma dei. Kvifor skulle vi det? Kvar dag brakte nye opplevingar, men vi var ikkje så høge i hatten då vi kom fram til sykkelvegen som vi skulle følgja langs Elbe. Regnet auste ned, men det var likevel lettare enn skikkeleg Vestlandsver. Trass i veret var Elberadweg  ei fin oppleving. Vegen er bilfri. Overflata er god, anten med asfalt, betongstein eller stabil grus. Etter Donauradweg er Elberadweg ein av dei mest kjende sykkelvegane i Tyskland. Langs vegen er det heile tida god merking, så vi var aldri i tvil om kvar Elberadweg gjekk. Andre skilt langs sykkelvegen var vegvisarar til vertshus, pensjonat og hotell. Eg lika at syklistar er vortne ei slik viktig kundegruppe at vi er økonomisk interessante og at næringslivet bryr seg om oss. Elva Elbe har skore seg ned i sandsteinsområdet, og langs elva er det bratte fjellskrentar. Sächsische Schweiz vert dette området kalla. Frå Elberadweg kunne vi sjå kjende stader oppe på klippene som festningen Königstein og Bastei. Det var så dumt at veret var så dårleg, og dette veret skulle vi ha minst to dagar!

I byen Pirna gav regnet seg, og vi såg mykje lettare på livet. Vi ville ikkje sykla inn i storbyen Dresden, der vi har vore før, men svinga vestover før vi kom inn i byen. Vi tenkte å følgja Lockwitztal, men trafikken på vegen gjennom dalen var stor, og difor svingte vi av til høgre. Då måtte vi sykla opp nokre bratte stigningar, der det var lite  trafikk. Til høgre hadde vi flott utsyn over byen Dresden. Vi sykla fram til ein campingplass ved den oppdemde innsjøen Malter Stauseee. 

Neste dag vakna vi til eit flott ver og skinande sol. Eg skjøna at krisesteminga som vermeldinga på RTL formidla, skulle ein ikkje la seg påverka av. Ved Malter Stausee går det ein vakker jernbane, endå ein smalsporbane med damplokomotiv som er i dagleg drift. Kring år 1900 valde Sachsen å byggja smalsporte sidebanar i det vanskeleg terrenget. Slike banar kunne byggjast billegare. Weißeritzbahn, som banen ved Malter heiter, er framleis den dag i dag i drift, på 75 cm sporvidde og med damplokomotiv. (Banen vart øydelagd av flaumen i 2002) Banen fungerer som ein forstadsbane til Dresden. I den trange dalen langs elva Weißeritz er det knapt nok plass til bane og ein smal vandringssti. Eg sykla på stien fram til Rabenauer Grund, slik at eg kunne fotografera toget i spennande landskap. Turid ville oppleva toget frå innsida. I Rabenauer Grund møttest vi og hadde vår daglege Radler før vi reiste attende til campingplassen.

No var vi komne inn i Erzgebirge. Dette er eit fjellområde med mykje bergverk, mange borger, med smalsporte jernbanar og leiketøysfigurar av tre. Men fjella og dei bratte stigningane var det største problemet vårt då vi sykla vidare vestover. Alle elvane renn nordover, og dei elvedalane måtte vi kryssa. Det gjekk bra ned i dalane, men det var tungt å klatra opp på andre sida. Då såg vi med misunning på Sachsenmagistrale, som jernbanen mellom Chemnitz og Dresden heiter. Banen går over dei djupe dalane på elegante bogeviaduktar. 

Til slutt stod vi oppe på det siste høgdedraget og visste at no var det berre å siga med syklane ned i Lössnitztal, og den dalen trong vi ikkje å klatra opp av. Nedover langs elva Lössnitz kom vi forbi ein fabrikk som lagar typiske erzgebirgiske leike- og pyntesaker av tre. Utanfor fabrikken stod ein "Räuchermännchen" i svært stort format utstilt. "Räuchermännchen" vert bruka som juledekorasjon. Inne i trefiguren kan du plassera eit spesielt lys, og når du tenner på lyset, gjev det røyk frå seg. Røyken stig opp gjennom munnen på "Räuchermännchen"

Vi kunne sykla vidare nedover i Lössnitztal. Slike elvedalar er fine å sykla i. Vegen følgjer elva og har ingen bratte stigningar. Vegen er svingete, slik at trafikken er liten, og noko som er viktig om sommaren; langs vassdraget  er det tett skog som gjev mykje skugge. Frå Lössnitztal gjekk turen vidare ned gjennom Flöhatal. Ved Hetzdorf hadde Sachsenmagistrale tidlegare gått over dalen på ein imponerande viadukt. I 1991 vart jernbanen lagd om og førd over dalen på ei funksjonell og uinteressant betongbru. Under den gamle Hetzdorferviadukten kom Gerald Hummel syklande oss i møte. Det vart eit hjarteleg gjensyn, og Gerald var vel utstyrt for høvet. Han hadde med seg champagne som vi skålte i. 
 



Gerald Hummel vart eg kjend med på ein sykkeltur i 1971. I internettforteljinga  Sassnitz-Schwerin - Radtour mit Rückblicken  (1996)  kan du lesa om dette møtet: 

 Gerald har sykkelturside på internett.

 


 



I regnver på Elberadweg. 
I bakgrunnen "die Bastei"

Weißeritzbahn i Rabenauer Grund

Det siste høgdedraget før vi syklar ned 
i Lössnitztal.

"Räuchermännchen" i kjempedigert 
format.

 


Sjette kapittel
der Gerald fører oss på sykkelturar kring Chemnitz. Eit fjell syner seg å ikkje vera noko ekte fjell. I 30 gradar varme syklar Turid og eg mot Berlin. Vi kjem til byen Schildau, der dei tyska molbuane bur. Soga seier dei bar lys i sekker inn i rådhuset, som ikkje hadde vindauge. Vi kjem fram til elva Elbe der vi finn att Elberadweg.



Frå Hetzdorferviadukten førde Gerald oss på sidevegar og langs sykkelvegar som eg aldri hadde funne sjølv. Så stod vi framfor det nye, moderne huset som Gerald og Uschi nettopp hadde flytta inn i i Niederwiesa. Gerald hadde nådd så pass høg alder då grensa mellom Aust- og Vest-Tyskland vart fjerna at han vart arbeidslaus. Som eit sysselsetjingstiltak fekk han ei interessant oppgåve; han skulle føreslå og  utforska ymse sykkelturar kring storbyen Chemnitz. Eit slikt tiltak må vi sjå i samanheng med turistsatsinga i Aust-Tyskland. Dei neste dagane la vi ut på sykkelturar kring Chemnitz. Gerald var alltid med, og han førde oss på vegar utan trafikk, gjennom skog og mark, men vi var alltid trygge på at vi kom fram.  Det var mykje lettare å sykla på dårlege vegar når vi ikkje hadde bagasje på sykkelen. Reisemåla var anten eit utsynspunkt eller eit slott. Frå eit utsynspunkt meinte Gerald at vi til og med kunne sjå heilt til Völkerdenkmal ved Leipzig.  Dette minnesmerket er reist på slagplassen der Napoleon vart slått ved Leipzig. "Men", sa Gerald, "det er nok bra at veret er så disig at vi ikkje kan sjå det, for Sachsen stod på Napoleon si side og måtte vera med å oppleva nederlaget." Ved eit anna utkikspunkt ved Oelsnitz måtte vi streva oss oppover ein veldig bratt veg. Gerald kunne fortelja at fjellet vi skauv syklane våre opp på, eigentleg ikkje var noko fjell men ein kjempediger haug med stein som vart til overs frå kolgruvene i distriktet. Kolrestar i haugen gjorde at det seig ut gass frå "fjellet", og toppen av fjellet var alltid snøfri. 

Sør for Chemnitz, i Klaffenberg førde Gerald oss til eit imponerande slott med vollgrav. Ein dag vart vi frakta til Jöhstadt ved grensa til Tsjekkia. Vi sykla så langs elvane Pressnitz og Zschopau attende til Niederwiesa. Det var Uschi som var sjåfør på denne turen, og fordi ho måtte køyra bilen heim att, kunne ho ikkje vera med på sykkelturen. Pressnitztal er særleg interessant, for her gjekk det ein smalsporbane tidlegare. I 80-åra la styresmaktene i DDR ned banen, og fordi dei var redde for protestar, vart jernbanen fjerna raskt og effektivt - med helikopter.  Dette hadde det fattige DDR råd til! Etter omveltinga i 1989 er ca 1/3 av Pressnitztalbahn bygd opp att på fritida av interesserte folk. Arbeidet er veldig fint gjort med mykje kjærleik til smalsporbanen. Stasjonane ser mykje vakrare ut no enn dei gjorde på postkort frå 80-åra. På dei nedre 2/3 av banen er det bygt ein idyllisk sykkelveg.  Langs elva Zschopau såg vi borger og slott men og ting som ikkje er så kjekke; ved Chemnitz var det tidlegare mykje tekstilindustri, og no stod alle fabrikkbygningane der tomme og forfalne. Etter at grensa mot vest vart opna, gjekk heimemarknaden i DDR til grunne, og folk i Aust-Tyskland kunne ikkje arbeida på same lønsnivå som asiatisk arbeidskraft. 

Etter ei veke måtte vi reisa frå Gerald og Uschi. Etter samråd med Gerald skulle vi ikkje følgja Zschopaudalen mot nord, fordi det ikkje var nokon samanhengande veg langs elva. Gerald følgde oss 10 km, fram til borga Sachsenburg. Så tok vi til på siste etappe av sykkelturen - attende til Berlin, og no var Turid og eg åleine att. Dette var ein veldig varm dag med temperaturar over 30 °.  Zschopau-elva renn ut i elva Mulde, og langs Mulde går Mulderadweg nede i elvedalen utan bakkar. Mulde var altså mykje betre å sykla langs enn Zschopau. I varmen er ikkje ein sykkel den verste plassen å sitja på. Vinddraget verkar avkjølande.

Neste dag var like varm. Det var ein laurdag. Heldigvis hadde vi vit til å kjøpa inn mat i ein by vi kom gjennom tidleg på dagen. I Tyskland stengjer matvarebutikkane ved middagstid om laurdagen. Om sundagen var ingen butikkar opne. Dette er stikk motsett praksis av det som har vore utviklinga i Skandinavia. Kven er det i Tyskland som går inn for å verna helgefreden? Kyrkja, fagforeiningane eller eigarane av vertshus? For tursyklistar hadde det vore lettare med matvarebutikkar som praktiserer svenske og danske opningsrutinar, men på den andre sida har dei tyske helgefredsvanane visse føremoner; i Tyskland er det ikkje tillate å køyra lastebil i helgene. 

Utan å følgja noka sykkelrute, følgde vi småvegar over Dablener Heide. Mot kvelden kom vi fram til ein by med eit langt namn som Gneisenaustadt Schildau. Byen heiter eigentleg Schildau, men fordi ein stor preussisk general med namn Gneisenau var fødd her, har byen dette lange namnet offisielt, sjølv om byen ligg i Sachsen, og sachsarane ikkje er så veldig glad i preussarane. I denne byen bur Schildborgarane. Det er dei som har den tvilsame æra av å vera molbuar i Tyskland. Molbuhistoriane som vi kjenner, og som skal koma frå Danmark, stammar eigentleg frå Schildbürgerstadt Schildau. Det var die Schildbürger som var først ute med historia om då dei måtte senka kyrkjeklokka fordi dei var redde at fienden skulle koma til byen, og for å finna klokka att, sette dei eit merke på båten. Eller historia om då dei hadde gløymt å laga vindauge i rådhuset sitt, og dei måtte bera inn lys i sekker. Så kan vi innbilske nordmenn gjera oss tankar om kvifor vi må henta molbuvitsar frå Danmark.

På morgonkvisten på campingplassen i Schildau kom det lyn, torden og kraftig regn. Om morgon hadde vi nokre kraftige regnbyer, som snart slutta. No var temperaturen meir slik vi ville ha det.  Ved Torgau nådde vi elva Elbe. Torgau er kjent frå krigshistoria. Der møttest amerikanske og russiske styrkar i mai 1945. Frå Torgau var det naturleg å følgja Elberadweg  vidare mot nord. Elberadweg er ei veldig populær sykkelrute, slik vi konstaterte då vi sykla på denne sykkelvegen sør for Dresden. På neste campingplass møtte vi ein dansk familie som hadde reist med tog til Praha, og derifrå hadde dei sykla heimover, heile tida på Elberadweg.




Slottet i Klaffenbach i 
gotisk stil.



Pressnitztalbahn med nye skjener

Pressnitztalbahn med sykkelveg
på banelegemet.

 
 

Sjuande kapittel
har fargar som viser at vi ikkje lenger er i Sachsen. Vi syklar over Elbe og kjem til Wittenberg som er kjend som Luther-byen. Gjennom endelause alléar syklar vi til Potsdam, der vi finn noko som verkar norsk. Frå Potsdam er det berre 30 km til flyplassen, og dermed er sykkelturen over, men vi har mange gode minne.


Ved Wittenberg sykla vi over Elbe. På ei kjempebrei bru ligg motorvegen og jernbanen ved sida av sykkelvegen. I sentrum av byen var vi ein tur innom Schlosskirche, der Martin Luther i si tid hadde slått opp tesane sine. Det mest interessante i byen er likevel ein ombygd skule. Eit typisk betongplatebygg à la DDR hadde arkitekten Hundertwasser fått i oppdrag å byggja om og gjera meir spennande. Det hadde han greidd med uvanlege element som søyler og dekorative vindauge. Desse elementa var måla i sterke fargar. Eg har tidlegare gjeve uttrykk for kor sykkelvenlege tyskarane er. Ved Hundertwasserskulen opplevde vi det motsette. Då eg ville setja frå meg sykkelen inntil eit gjerde, såg eg eit skilt med: "Anlehnen von Fahrrädern an den Zaun verboten."  I denne villaen bur det nok nokon som er redd for at det skal gå med gjerdet hans som med muren i Berlin. Sjølvsagt sette eg frå meg sykkelen mot gjerdet.

Etter Wittenberg gjekk sykkelturen i så rett linje som råd var mot Potsdam. Vi følgde ikkje noka sykkelrute, og vi valde vegane sjølve. Vi var sjølvsagt redde for dårleg kvalitet på vegane; vi kunne koma ut for grov brustein eller sandveg. Frå Wittenberg var det 60 km til næraste campingplass, men sidan vi hadde sykla  ca 30 km same dag før vi kom til Wittenberg, vart dagsetappen nokså lang. Vi var komne ut på det nordtyske låglandet, og vegane var flate, så eg rekna med at vi skulle greia å koma fram til ein campingplass, men då vi kom forbi eine Gaststätte med Zimmer frei, ville ikkje Turid sykla lengre. 

Frokosten neste morgon var velsmakande, og vi kunne eta oss godt mette. Grunnlaget for å sykla til Potsdam hadde vi. På dei flate vegane sykla vi nordaustover gjennom lange alléar. Mange stader er trea i dei gamle alléane, som er så typiske for tyske landevegar, hogne ned, fordi solide tre nær inn til vegen er så farlege for bilane. I det gamle DDR var det framleis mange allévegar, og då Tyskland vart ein stat att, var det kome ei nostalgisk stemning blant folk, og trea i mange austtyske alléar er difor vortne ståande. For syklistar er det fint med allévegar. For oss er trea ingen trafikkfare. Dei gjev god skugge og vernar elles mot regn og vind.

Landsbyane vi sykla gjennom, er såkalla Straßendörfer. Husa ligg etter kvarandre langs landevegen, slik at landsbyane verkar mykje større enn dei er. Straßendörfer er typiske for Aust-Tyskland. Lengre vest er busetnaden eldre, og landsbyane oppstod før vegane kom. I aust er busetnaden, i alle fall den tyske busetnaden, ikkje så gamal, og landsbyane vart plasserte der fyrstane ville ha dei. Skulle vi følgja den beine vegen mot Potsdam, måtte vi sykla på ei dårleg vegstrekning. 5 km måtte vi sykla på sandveg gjennom skogen. Turid sa at det var godt vi ikkje sykla vidare dagen før, for ho meinte at desse 5 kilometrane hadde ho aldri greidd så trøytt som ho var.

På ein sykkelveg langs Bundesstraße nr. 2 sykla vi inn i Potsdam. Ein fin campingplass fann vi rett over grensa i Vest-Berlin. Frå campingplassen og inn til sentrum av Potsdam sykla vi på ein idyllisk sykkelsti langs elva Havel. Sykkelstien var ein tidlegare patruljeveg for grensestyrkane i DDR, for rett på andre sida av elva ligg Vest-Berlin. vi skulle til slottet Cecilienhof, der Potsdamavtalen vart underteikna i 1945.  Før vi kom fram til Cecilienhof ser eg med eitt ein merkeleg portal med drakehovud. Over portalen er skrive Kongsnæs. Heldigvis var der ei oppslagstavle som kunne forklara kvifor det var noko her som kunne vera norsk. Den siste tyske keisaren, Wilhelm den 2. vitja ofte Noreg. Difor ville han ha noko skikkeleg nasjonalromantisk norsk på orlogsstasjonen sin i Potsdam. Kva i all verda skulle han med ein marinebase midt inne i Tyskland? Det var eit anlegg for representasjonsbåtar for keisaren. Det vart bygt fleire hus i norsk drakestil, men dei er no borte. I DDR-tida låg orlogsstasjonen i grensesona mot Vest-Berlin, og det var først etter 1989 at området vart opna for folk flest. Drakehovudportalen er ikkje original. Ein ny, make til den gamle, vart sett opp i 90-åra. Kaupanger snikkarverkstad har utført arbeidet. Orlogsstasjonen er med på å gje Potsdam eit internasjonalt arkitekturpreg. I Potsdam sentrum finn ein det hollandske kvartalet med typiske hollandske gavlhus. Utanfor sentrum ligg bydelen Alexandrowska med karakteristiske  russiske trehus. I Potsdam hadde hollandske kjøpmenn og russiske arbeidarar slått seg ned. Interessa som Wilhelm 2. hadde for Noreg, førde til Fridtjofstatua på Vangsnes i Sogn og finansiell hjelp til byggjinga av jugendbyen i Ålesund.

Då vi vakna i teltet om morgonen 2. august, visste vi at dette var siste dagen på sykkelturen. No skulle vi sykla berre 30 km gjennom Berlin fram til Tegel-flyplassen. Vi kunne ta det med ro, for flyet gjekk først i åttetida om kvelden. Frå campingplassen nær grensa til Potsdam sykla vi gjennom skogsområdet Grunewald. Ved sida av jernbane og Autobahn tok vi ein veg rett fram gjennom skogen. Vegen er stengd for biltrafikk, og han vert mykje bruka. Hadde det vore berre ein smal sykkelveg, hadde det ikkje vore nok kapasitet for trafikken av syklistar, rulleskøytebrukarar og joggarar frå storbyen Berlin. Til vanleg pleide vi å vera nesten åleine på sykkelvegane. Her på Kronprinzessinweg i Berlin var det liv og røre heile tida.

Etter Grunewald kom vi til område med meir bypreg og mykje meir trafikk, men det er ikkje vanskeleg å sykla gjennom Berlin. I tidlegare Vest-Berlin går det alltid sykkelveg lang dei store vegane. Då vi kom fram til flyplassen, vart Turid sitjande der for å passa bagasje og syklar, eg tok buss og U-Bahn dit vi hadde budd for ein månad sidan og henta sykkeleskene. Om lag ein time bruka eg på å skru syklane frå kvarandre, pakka dei ned og levera kortongane inn. Medan vi venta, tenkte vi på den flotte sykkelturen vi hadde hatt og alt vi hadde sett og opplevd. Det er ikkje utan grunn at du ikkje har lese om punkteringar eller knekte spilar. Vi hadde ingen uhell på turen, berre ein gong måtte eg stilla bremsekabelen, som var vorten for slakk, men det er ikkje verd å nemna ein gong. Ville no sykkeleskene koma med flya til Bergen og ville vi få med oss eskene på bussen frå flyplassen til Bergen? Jau då, alt gjekk fint.





Langs sykkelvegane finst det skilt som vi kan sykla etter. Her er Elberadweg nord for Torgau

 

  Ein skule i Wittenberg som arkitekten Hundertwasser har omforma etter sine idear.


Gjennom endelause allear før vi kjem til Potsdam.




  Eit lite stykke Noreg i Potsdam. Ein portal til minne om orlogsstasjonen Kongsnæs.
 
 Heimeside med fleire sykkelturar