Denne fortljinga er publisert i bladet
På sykkel
nr. 3/94 som Syklistenes landsforening gjev ut.
Forteljinga om båt-og sykkelturen vår finn du og på
internett på tysk med tittel Bike
und Boat. Den tyske forteljinga er lenger og inneheld meir.
Kart over
båt-
og sykkelruta vår
BÅTTUR MED SYKKEL ELLER SYKKELTUR MED
BÅT
(Terje Melheim)
Dei finaste sykkelturane får ein om ein legg ruta
utanfor dei
mest trafikkerte vegane. Ein grei måte å koma til slike
vegar
på langs norskekysten, er med båt. Då kan ein styra
båten
inn til ei øy eller til eit isolert fjordlandskap der det finst
nokre hyggjelege vegstubbar. Smale vegar med mange svingar og med
stabbesteinar
utan for stor biltrafikk er trivelege å sykla på. Sommaren
1993 ville vi, og vi det er Kjartan (10), Sveinung (16) og Turid og
Terje
(alder tidlaus) dra langs vestlandskysten i motorbåt, men vi
ville
også leggja ut på sykkelturar. Syklane kunne vi ta med oss.
Motorbåten vår har ope dekk bak, og syklane kunne
plasserast
på tvers inntil hekken. Dei vart godt dekte til med presenning
mot
sjøskvett. Saltvatn på syklar er ikkje bra, for
sjøvatn
forårsakar lett rustskadar.
Båt til Bergen
Første dagen gjekk båtturen til Bergen. Vi kom i rett
tid til å få med oss den store seglskutefestivalen Cutty
Sark.
På grunn av dette spesielle arrangementet var Vågen sperra
for småbåtar, og vi la oss til i ei ny båthamn nord
for
byen. Å koma inn til sentrum, gjekk lett på sykkel. Langs
bryggene
i Vågen var gata sperra for privatbilar. Med sykkel kom vi greit
fram over alt, og det var heller ikkje vanskeleg å finna
parkeringsplass
nær alle dei skutene vi ville om bord i. Seint om kvelden sykla
vi
attende til motorbåthamna. Vi sykla Fjellvegen, og det var ei
eineståande
oppleving å sykla oppe i fjellsida og sjå ned på
Vågen
og alle seglskutene som låg der med dekorative lyspærer.
"To telt tett i tett"
Syklane vart så stua godt saman bak i båten, og dei vart
atter dekte til med presenning. Vi skulle reisa vidare nordover,
gjennom
Alverstraumen, over Fensfjorden og til Eivindvik i Sogn. Vi hadde fint
ver nordetter, men det var lang tid å sitja uverksam om bord i
ein
motor- båt. Vi gledde oss til neste sykkeltur. Vi la oss
til
i Eivindvik. Eivindvik er kjent som staden der Gulatinget kom saman.
Nokre
bautasteinar framfor kyrkja vitnar om det. Andre kjenner kan henda
staden
frå diktinga til Henrik Wergeland. Sjølv om vi aldri hadde
vore i Eivindvik før, var det likevel noko kjent ved
lokalitetane
der. Det var ein av ungane våre som med eitt kjende seg att
frå
fjernsynsserien "To telt tett i tett". Då vi kom heim etter
turen,
samanlikna vi minna våre frå Eivindvik med bilete i boka
som
var laga til fjernsynsfilmen. No var det ikkje vanskeleg å
sjå
at sykkelturen som familien Sandberg hadde hatt i "To telt tett i tett"
hadde gått føre seg i Eivindvik og omland.
Sykkeltur i Solund
Etter dagstur på sykkel med utgangspunkt Eivindvik reiste vi
over Sognesjøen til Solund. Vi la båten til ved kai i
Hardbakke,
men heile kaiområdet verka utdøydd. Postkontor og butikkar
var nedlagde, men det var mange spor som viste at det hadde vore slike
fasilitetar der inntil nyleg. Vi oppdaga at butikkane, posten og banken
var flytta frå kaia og opp til vegen. Ettersom
samferdslemønstret
endrar seg frå sjø til land, må
samfunnsinnretningane
følgja etter følgja etter. Det er ikkje så lenge
sidan
at det vart bygt vegar på øyane i Solund kommune.
Heldigvis
var det liten trafikk på dei vegane, og vi hadde ein fin
sykkeltur
i øykommunen. Geologien er veldig spesiell her i ytre Sogn. Over
alt er fjellet bygd opp av konglomerat, som er ei bergart kitta saman
av
runde steinar og forsteina sand.
Opp til Vestkapp
Båtferda gjekk så vidare nordetter langs kysten. På
ein måte for vi fram som moderne bubilturistar, som har syklar
hengande
bak på bilen. Skilnaden var altså at vi brukte båt
istadenfor
bubil, og vi kunne koma til mange nye interessante stader, som er
vanskeleg
tilgjengelege ut frå dei gjennomgåande hovudvegane. Ein
annan
skilnad mellom oss og bubilturistane er at deira syklar som oftast
berre
vert hengande som eit dårleg miljøalibi bak på
bilane.
Våre syklar var verkeleg mykje i bruk.
Frå staden Selje sør for Stadhalvøya sykla
vi ut
til Vestkapp, ytst på Stad. Det var sterk stigning opp til
Vestkapplatået.
Sveinung og Terje hadde gode tursyklar med låge gir, og dei ville
gjerne visa kva dei var gode for og sykla heilt opp på
platået.
Turid og Kjartan, som ikkje hadde så gode syklar, likte det
svært
lite og var ikkje blide då dei kom gåande med syklane sine
ein halv time seinare. På Vestkapp hadde vi eit flott utsyn ut
over
havet i vest og hav og øyar i sør og nord.
Vi ville ikkje reisa med båten rundt Stad, så vi
let båten
liggja att i Selje medan vi sjølve sykla vidare mot
Ålesund.
Kanskje kan denne situasjonen minna litt om Fridtjof Nansen, for han
måtte
også reisa frå fartyet sitt og gå på ski for
å
nå Nordpolen. Vi brukte altså sykkel for å nå
målet
vårt i nord. Det var Ålesund, og det målet
nådde
vi. Nansen kom aldri fram til Nordpolen.
På sunnmørske hovudvegar
Vegane langs fjordane på Møre er flate, og dei er fine
å sykla på. Somme gonger for fine, slik at biltrafikken
vert
sjenerande. Då hadde det vore fint om dei gamle vegtraseane var
merkte
med skilt, slik at vi syklistar kunne finna fram til vegar der
trafikken
er mindre, og der det er meir å sjå på. Ofte veit ein
ikkje om slike sidevegar sluttar eller om dei verkeleg fører
gjennom
og fram til hovudvegen igjen. Vegen mellom Fiskå og Eidså
var
nettopp lagd om, og sidan vi var ukjende i området, følgde
vi dei vanlege vegskilta inn på den nye vegen. Den gamle vegen
gjekk
forbi gardane på solsida av dalen og hadde vore mykje
hyggjelegare
å sykla på. Hell i uhell kan vi seia vi hadde, for det tok
til å regna, og vi konstaterte seinare at gamlevegen berre hadde
grusdekke. Våt veggrus er tung å sykla på.
| Etter opplevinga med den bratte stigninga opp til
Vestkapp ville vi
halda oss til flate vegar mot Ålesund. Derfor følgde
vi riksveg 1 frå Ørsta mot Festøy. Det var
ikkje
så lurt, for trafikken var nokså stor, og bilane
køyrde
fort. Det hadde vore betre og ei større naturoppleving om vi
hadde
sykla frå Ørsta over til Standal ved Hjørundfjorden
og følgd vegen langs fjorden fram til ferjeleiet på
Festøy.
Sykkelturistar i Ålesund
Inn til Ålesund er vegane dårleg merkte for oss syklistar,
og fleire gonger måtte vi stoppa og forhøyra oss om
korleis
vi skulle koma oss inn til byen. I slutten av åttiåra vart
det bygt ein motorveg til Ålesund, og alle vegskilt til
Ålesund
viser via motorvegen. At også syklistar har behov for å ta
seg fram i ukjende byar, har verken vegkontor eller turistkontor i
Ålesund
sans for. Det gav oss forresten høve til å snakka med
hyggjelege
ålesundarar kvar gong vi måtte spørja om vegen.
Sykkel
er likevel eit greit framkomstmiddel også i ein by som
Ålesund,
for på sykkel er det lett å ta seg fram frå
campingplass
til bysentrum. Parkeringsproblem har ikkje vi syklistar. Syklane var
også
gode å ha då vi tok oss fram til Borgund museum utanfor
bysentrum.
Naudhamn på øya Askrova
Sykkelturen frå Ålesund og attende til Selje gjekk
først
med snøggbåt til Hareid, med ein avstikkar på sykkel
ut til fugleøya Runde. På veg sørover frå
Selje
med motorbåt og syklane forsvarleg surra og dekte til i hekken
fekk
vi vind og høge bølgjer sør for Florø. Vi
gjekk
derfor inn til den vesle øya Askrova. Neste dag hadde stormen
lagt
seg, og vi nytta høvet til ein liten sykkeltur. Øya har 7
km veg, og her var det fredeleg å sykla. Vi møtte berre
ein
bil og eit par traktorar på den 7 x 2 km lange sykkelturen.
Berggrunnen
er krystallinske skifer i karakteristiske former med svært ujamn
overflate og mørk, flisete form. I heile teke er det lett
å
observera geologiske fenomen mens ein er på sykkeltur. Vegar
går
ofte i skjeringar, som avslører mange geologiske detaljar.
I Sunnfjord hadde vi ein dags pause i Korssund. Hamna
heiter det på
grunn av ein steinkross frå middelalderen som står der. Vi
la ut på ein 50 km lang rundtur og sykla på trafikkfrie,
smale
vegar nesten utan stigningar til staden Øn, deretter nord til
Fure
før vi sykla attende til båten i Korssund. Sjeldan har vi
opplevd vegar som er så idylliske å sykla på.
Sykkel på båt - ein god ide
På turen vår til Ålesund møtte vi få
andre tursyklistar. Motorbåtfolk var det mykje meir av, men det
var
berre vår familie som hadde syklar med i båten. Det er i
grunnen
rart at ikkje fleire har funne ut kor nyttig og interessant det er
å
kombinera båttur med sykkeltur. Motorbåtturar er ofte
monotone
og lite hendingsrike når ein skal leggja lange strekningar bak
seg.
Eit par dagars avveksling med sykkelturar er bra. Syklar er også
svært nyttige når ein skal ein kort tur i land, for det er
ikkje alltid at butikkar og ting ein vil sjå, ligg like ved
båthamna.
Amfibiekombinasjonen sykkel -båt er ein fin og allsidig
måte
å reisa langs kysten på og oppleva det vakre øy- og
fjordlandskapet.
|
Kart
over
båt- og sykkelruta vår.




|
HEIMESIDE
temelhei@online.no
|