 |
På ein
sykkeltur i det gamle DDR i 1971 møtte eg Gerald Hummel på
ungdomsherberget i Schwerin. På sykkelturen vår (Turid og
eg) i Tyskland i 2001 treftest vi og. Gerald har skrive fleire
informative foteljingar om sykkelturar i Tyskland. Sjå heimesida hans. |
|
 |
I 2001 sykla eg og Turid
sørover på Neißeradweg i Tyskland. Nokre kilometer
nord for Zittau møtte vi Martin Wittram med kone Heidi. Dei
skulle sykla Neißeradweg
til endes frå sør mot nord. Martin har ei eiga heimeside
med veldig mange sykkelturar.
Han har gjort mange oppdagingssykkelturar i Aust-Tyskland like etter at
jernteppet vart fjerna. I 1999 gjennomførde han Britannia
på langs, frå
Land's End til Joan o'Groats. Han har sykla mesteparten av Nordsjøsykkelruta,
og då gjesta han oss på
Stord.
Han skriv ikkje berre på
tysk; mange av sykkelturane hans står og på engelsk. |
 |
| Peter Spiegel var med i
sykkelgruppa som stod for den offisielle opninga av
Nordsjøsykkelruta i 2001. Alle la merke til han, for han var den
einaste i gruppa som bruka liggesykkel. 10. og 11. juni sykla eg i lag
med han og andre syklistar frå Langevåg på
Bømlo til Sandvikvåg på Stord. |
 |
| I haustferien 2002 var eg
på sykkeltur i Romsdalen. I Molde møtte eg Svein Kvakland som har
skrive om sykkelturar i Romsdalen. |
|
| I august 2004 sykla
Torstein Magne Reiersen frå Bergen til Stavanger. Eg møtte
han då han kom med ferje til Sandvikvåg på Stord. Vi
sykla i lag til Sagvåg. Han bur i Tønsberg. Heimesidene
hans med sykkelturar finn du på http://www.reiers.net/ |
 |
| Daniel Zwick har skrive om
fleire fantastiske sykkelturar han har hatt i Noreg. Han har studert
ved NTNU i Trondheim og bur no i Verdal. I oktober 2004 reiste
han ein tur til Bergen og Stord. Då gjesta den unge tyske
tursyklisten oss på Stord. Klikk på kartet ved sida av, og
du får sjå kvar han har vore i Noreg med sykkel. Heimesida
hans med sykkelturar finn du på http://www.sykkel.de/de/radreise.htm |
 |
| Andreas Grønbekk
stammar frå Stord, og sidan han veit at eg har vore på
mange sykkelturar, tok han kontakt med meg, slik at vi kunne diskutera
sykkelturar og gje kvarandre gode råd. På heimesida
si har han skrive om fleire sykkelturar i Baltikum, i Tyskland og
på Krimhalvøya. På denne adressa kjem du til
sykkeltursida hans http://www.gronbekk.com/sykkelsiden.html |
|
| Då eg var på
sykkeltur til Bodø i 2006, møtte eg Konrad Konieczny
på Stranda. Han er frå Polen, og han har skrive om fleire
sykkelturar i Noreg. Sykkelturarne hans i Noreg finn du på http://www.norwegia.republika.pl/index.htmlSykkelturane
har han til og med skrive på norsk, sjå http://www.norwegia.republika.pl/n_tur.htm
Du bør og nyta dei fine bileta han har teke frå
sykkelturane i Noreg, sjå her. |
 |
| Asbjørnsen og Moe
har samla mange eventyr. Karl Brodowsky har samla mange sykkelturar på internett.
Han har og sjølv vore på mange sykkelturar anten
åleine eller saman med familien. Hans eigne sykkelturar finn
du her.
Han og familien bur i Schaffhausen i Sveits, og kvar sommar syklar dei
anten i Sverige eller Noreg. Kvar gong er dei innom Mora i Sverige. I
2006 kom dei til Bergen, der eg trefte dei. |
 |
I juni 2009 møtte eg Sylvie
Theberge frå Canada. Vi
venta båe i Rysjedalsvika på ferja over Sognefjorden.
Sylvie har sykla i mange eksotiske land, og ho fortalde ei
skrekkoppleving frå Nicaragua i mars 2009. Ho vart rana av
landevegsrøvarar. To veker etter at eg hade møtt henne i
Rysedalsvika, fekk eg e-post at ho var i India.
|

|