Militærvegen til Voss
Pionersykkeltur i 1996
(Terje Melheim)
Soga om denne sykkelturen vart fortald første gong i
bladet "På
sykkel" (3/1997), som Syklistenes landsforening gjev ut.
Mellom Voss og Bergen har Hordaland vegkontor sett opp skilt
og merka ei sykkelrute. Ruta går frå Voss på
sørsida av Vangsvatnet og opp til Hamlagrøvatnet. Etter
at E 16 er opna langs jernbanen mellom Dale og Bolstadøyri, er
vegen over Hamlagrø vorten ein koseleg veg utan så mykje
trafikk. Frå Hamlagrøvatnet fører sykkelruta ned
til Dale og Stanghelle, men på Stanghelle er det slutt på
sykkelruta. For resten av strekninga til Bergen er det meininga at
syklistar skal ta toget. Å ta med seg sykkel på toget over
korte strekningar, er veldig dyrt. Tenk at vegstellet lagar til ei
sykkelrute som ikkje fører fram til målet. Denne amputerte
og ufullstendige sykkelruta vart til og med gjeven til Syklistenes
landsforening som ei gåve i samband med 50-årsjubileet til
Syklistenes landsforening i 1997. (Sjå "På sykkel" nr
3/1997)
Finst det eit samanhengande sykkelalternativ mellom Voss og
Bergen utanom hovudvegen gjennom Hardanger? Det var dette vi skulle
prøva ut i august 1996. Vi sykla frå Bergen til Voss.
Ein "ny" sykkelveg Bergen-Voss
Fordi E 16 er så vanskeleg å bruka med sykkel, hadde det
vore fint med eit alternativ utanom den lange vegen gjennom Hardanger.
Alternativet finst i form av ein enkel veg, berre ein kjerreveg å
kalla mellom garden Kvitingen i Samnanger kommune og garden
Småbrekkene i Bergsdalen. Det viste seg at det var vanskeleg
å skaffa opplysningar om denne historiske vegen. Historisk
avdeling i Hordland vegkontor kunne ikkje hjelpa meg, men etter kvart
fann eg fram til folk som budde i området. Dei kunne bidra med
opplysningar. Folk i forsvaret med historisk interesse kunne og hjelpa
meg. Vegen vart bygd av det militære i 20-åra med tanke
på forsvaret av Bergenshalvøya, som på den tida
hadde berre jernbanen som einaste landkommunikasjon med omverda.
Militærvegen vart aldri bygd ferdig. Årsaka skal vera kutt
i løyvingane til forsvaret i mellomkrigstida. Dessutan vart
Bergenshalvøya knytt til resten av landet med vegen gjennom
Hardanger i 30-åra.
Militærvegen er vist på karta som Statens kartverk
gjev ut. I serien M 711 treng ein kartblad 1215 I (Norheimsund) og blad
1216 II (Evanger) for å dekkja området. Kartbladet
Norheimsund har vist vegen som kjerreveg, slik at ein ser kvar vegen
manglar. Kartbladet Evanger er vanskelegare å bruka, for på
det kartbladet er vegen teikna som merkt stig, og dermed går det
ikkje fram av kartet kvar dei partia er, der vegen aldri vart bygd
ferdig.
På kjerreveg frå Kvitingen
Vi var to karar (51 og 19) som la ut på oppdagingsferd for
å finna ein ny sykkelveg frå Bergen til Voss. Vi kom fram
til garden Kvitingen klokka halv sju ein fin sommarkveld i august 1996.
Der møtte vi tilfeldig to andre syklistar som og ville
prøva seg på militærvegen. Dei andre syklistane
hadde terrengsyklar utan bagasje. Vi som ville undersøkja
tilhøva for ein ny sykkelveg til Voss, hadde tursyklar med
28 mm dekk og mykje bagasje, som inkluderte telt, sovepose, kokeutstyr
og proviant. Vi fann snart ut at det ikkje nytta å sykla for oss,
vi måtte skyva syklane. Den eine krankarmen batt vi fast til
ramma, slik at pedalane ikkje skulle ta nedi. Syklistane med
terrengsyklar kunne sykla utan store problem, og snart var dei
forsvunne for oss. Garden Kvitingen ligg på 350 m over havet. Den
første delen av vegen var den brattaste (men ikkje den tyngste),
opp Klungerdalen. Vegen var til dels lagd i serpentinar, og det kunne
vera litt vanskeleg å få med seg syklane. Somme stader var
vegen rast ut.
Komne opp frå Klungerdalen, såg vi at terrenget
flata seg ut, og på ei fin grasslette ved Hytteelvi slo vi leir.
Vi hadde då gått 4 km. Seinare på kvelden kom dei to
andre syklistane attende på terrengsyklane sine. Dei hadde sykla
fram til der vegen sluttar, 7,5 km frå Kvitingen. Dei skal vera
glade for at vi var der, for den eine av dei hadde punktert. Dei hadde
ikkje lappesaker med, så der måtte vi tursyklistar med
utstyret i orden hjelpa til.
Nokre kilometer utan veg
Neste dag vakna vi til strålande solskinn. Området kring
Kvitingen er nedslagsfelt for eit viktig elektrisitetsverk for Bergen,
og er eit av dei mest nedbørrike strøka i landet. Vi
opplevde ein fin og mild seinsommardag med 20 grader i 900 meters
høgd. Myrane var turka inn, og det gjorde det lettare å ta
seg fram på vegen og elles i terrenget. Større elvar kunne
vi ta oss over utan vanskar. Vi pakka ned teltet og gjekk vidare langs
militærvegen, men 3,5 km frå der vi hadde hatt leir, var
det slutt på vegen. Vi var no komne 850 meter over havet. Vegen
vidare var merkt med T-ar av Bergen turlag, men vi tok ikkje risken
å gå ut i terenget med relativt tunge syklar. Vi sette
syklane att og gjekk vidare til fots gjennom Gullhorjeskar til vi
støytte på vegen att. Vi såg nøye etter
korleis terrenget var, og kvar vi skulle gå med syklane, som vi
måtte attende og henta. Etter 1,5 km var vi framme på
militærvegen att, men no var vegen dårlegare, og vi
måtte løfta og bera syklane fleire stader. Nedanfor oss
til høgre såg vi Øvre Dukavatn, som er magasin til
det gamle kraftverket for Bergen by. Vatnet var godt nedtappa sommaren
1996.
Spesiell geologi
Etter eit par kilometer var det endå ein gong slutt på
vegen, og her var terrenget endå vanskelegare enn tidlegare.
Små kløfter og store steinar måtte vi ta oss forbi.
Også her gjekk vi først vidare utan syklar, men vi hadde
funne ut at det var lurt å ta ein del av bagasjen med, slik at
syklane ikkje vart så tunge i neste omgang. Vegen fann vi att
etter ein halv kilometer, på det høgaste punktet på
strekninga, 900 meter over havet, og staden heiter rett og slett
Høgdi. I klarveret hadde vi litt av eit utsyn utover
fjellheimen. I området der det var så vanskeleg å ta
seg fram med sykkel, var bergarta kvartsitt, ei kvit og hard bergart.
Dei geologiske førekomstane skiftar brått og markert, for
vi var midt inne i det som geologane kallar skyvedekket, og frå
Høgdi og nedover mot Bergsdalen kom vi inn i eit område
med den mindre hardføre bergarta fyllitt. Vi rekna med at her
som det var laust fjell, hadde det vore lettare å byggja veg,
slik at no skulle vi ta oss fram utan avbrot og tidstap. Det viste seg
at i den bratte skråninga frå toppen på Storliknausen
(1200 m) og ned til Storlitjørna (825 m) hadde det gått
eit stort ras over vegen. Her var det særleg tungt å
ta seg forbi med sykkel.
Etter rasstaden gjekk vegen ned til Bergsdalen fort unna. For
det meste kunne vi stø oss på syklane, som vi kunne la gli
i høveleg fart ved at vi bruka bremsene. Vi kom forbi
Moastølen, og ikkje lenge etter var vi ute på asfaltvegen
ved Småbrekkene (550 m o.h.) i Bergsdalen. Etter at E 16 vart
opna langs jernbanen til Voss, er det liten trafikk på vegen
gjennom Bergsdalen og forbi Hamlagrøvatnet. No var det bra at vi
hadde syklar, slik at vi kunne sykla vidare. Vi hadde ein fin sykkeltur
til Voss i den milde sommarkvelden.
Eit sykkelalternativ Bergen-Voss?
På turen frå Kvitingen til Småbrekkene hadde vi
bruka nær på eit døger. Strekninga langs
militærvegen var totalt på 18 km, målt med
sykkelcomputer, derav var det to gonger utan veg i det heile, på
1,5 og 0,5. Om vi trekkjer frå tida til overnatting, matlaging og
eting, hadde vi ei effektiv sykletid eller gåtid på 9
timar. Hadde vi hatt terrengsyklar utan så mykje bagasje, hadde
det gått raskare, og det hadde og gått raskare om vi kunne
ha teke oss fram på dei veglause partia utan å
undersøkja strekninga først før vi gjekk attende
og henta syklane. Vi fekk høyra etterpå at det hadde vore
lurare av oss om vi hadde gått militærvegen utan at vi
måtte slepa med oss syklar. Til det svara vi:"Hadde Roald
Amundsen ikkje hatt skip med seg, hadde han ikkje oppdaga
Nordvestpassasjen, og det vi ville, var å finna ei ny sykkelrute
mellom Bergen og Voss."

På kartet ser du hovudvegen mellom Bergen og Voss
gjennom Hardanger. Den merka sykkelruta frå Vossevangen, gjennom
Bergsdalen og til Stanghelle er vist. Frå Stanghelle må ein
reisa med tog til Bergen. Strekninga der vi måtte skyva syklane
på den gamle militærvegen mellom Kvitingen og
Småbrekkene, ser du og på kartet.
|
Oppover Klungerdalen.
Vegen er knapt nok
planert.

Over Hytteelvi. Vi var
heldige med veret, og vi
kom oss lett over elva.
I 1992 prøvde eg same
turen og måtte snu her
ved Hytteelvi, som gjekk
stri.
I 20-åra bygde Bergen by
eit kraftverk i dette
området. Kraftverket
forsynte
byen med straum. I 1996
haddeBergen kommune
nettopp selt kraftverket
til det interkommunale
kraftselskapet BKK,
slik at byen kunne få
pengar til å fylla på ei
slunken kommune-
kasse.

Militærvegen går gjennom
eit område med kvit
kvartsitt.

Det høgaste punktet,
900 m over havet.

Det geologiske fenomenet
skyvedekket er vel meir
kjent frå Hardangerjøkulen
og Hallingskarvet, der fast,
hardt fjell ligg oppå den
mjukare og yngre fyllitten.
Grunnen til at denne turen
heilt opp i 900 meters
høgd, som er mykje i
dette verutsette området,
var så vellykka, var at
veret var varmt og
tørt i august 1996. Om
andre har lyst til å prøva
denne turen, så let han
seg gjennomføra
berre om sommaren.
Du kan følgja ein del av
miltærvegen på kart-
bladet Evanger om du
klikkar her.
Heimesida
mi
temelhei@online.no
Ei bok som presenterer
mange fjellsykkelturar, er
Even Saugstad: Sykkel-
turer i skog og fjell.
(ISBN 82-92242-01-5)
|