Sykkeltur i Provence (2005)

Terje Melheim
 
 
 
Her er eit kart over sykkelturen vår

„Kvar skal vi reisa på sykkeltur i haustferien i år?“ spurde Turid. „Kan vi ikkje reisa til Nice?“ føreslo eg. „Men der har vi vore før“. „Ja, men no kan vi dekkja eit større område, for vi kan ta toget vestetter kysten, og så kan vi sykla langs den svære canyonen Gorge du Verdon og koma attende til Nice.“ 

Som sagt så gjort, 1. oktober 2005 reiste vi med flyselskapet Norwegian utan mellomlanding til flyplassen i Nice. Flyet var fylt opp med nordmenn, som vart tømde ut i Nice. Vi var vel dei einaste som hadde syklar med, og frå flyplassen sykla vi  6 km til byen Cagnes-sur-Mer, der vi hadde tinga rom for natta. Neste dag såg vi ikkje på Renoir-museet eller mellomalderbyen Cagnes, for det hadde vi sett på sykkelturen vår fire år tidlegare. Vi sykla austover langs strandvegen og såg på det vi ikkje hadde fått med oss i Nice før, og det viktigaste var Matisse-museet og den russiske kyrkja. Vi la og merke til at bygginga av den nye bybanen i Nice var i godt gjenge. Nice er ikkje så treg med bybanen sin som Bergen er. På den kjende strandpromenaden Promenade des Anglais åt vi føremiddagsmat på ein benk. På benken ved sida av oss sat det eit ungt par. Dei snakka ikkje engelsk, som ein kunne venta her på Promenade des Anglais men norsk. Sjølv om vi var så langt heimanfrå, gjekk det nesten ikkje ein dag utan at vi høyrde norsk tunge der nede ved Middelhavet.
 
 

Neste morgon sykla vi til stasjonen i Cagnes. Vi tok tog vestetter til byen les Arcs. Syklane kunne vi ta med i toget utan ekstra betaling. Vi måtte skifta tog i Antibes, og då var vi så heldige at vogna som var innreidd for sykkeltransport, stansa rett framfor oss, og det var til og med den einaste vogna for syklar i eit langt tog. Frå toget opplevde vi den vakre kyststrekninga Esterel. I 2001 hadde vi sykla her. Eg har skrive ei forteljing frå sykkelturen den gongen, men den har eg skrive på esperanto. Om du likevel skulle ha interessa av å lesa eller sjå på forteljinga med bilete, kan du  klikka  her.

I les Arcs, der vi gjekk av toget, var dei første vi møtte ein jentegjeng som var på jakt etter ein stad å bu. Dei snakka norsk. Vi gav oss ikkje til kjenne som landsmenn. Les Arcs er ein vakker liten by. Ei tavle var slått opp på torget og fortalde at byen har namnet sitt etter ein boge, truleg ein akvadukt frå romartida. Mellomalderbyen med pitoreske gater låg høgare oppe, og derifrå starta vi sykkelturen gjennom provençalsk landskap på gode asfaltvegar med lite trafikk. Heilt flatt var det ikkje, men bakkane var ikkje for mange, og dei var heller ikkje så bratte. Rett som det var kom vi forbi små vingardar. Vi var i god sykkelstemning. 
 
 

Målet for denne dagen var ein landsby med namn Tourtour. Vi ville ta ein liten sideveg opp dit, og i småbyen Flayosc måtte vi spørja etter vegen. Han vi spurde, forklarte oss korleis vi skulle finna fram – på dansk. For å vera sikker på at vi var på rett veg, måtte vi og spørja folk vi møtte langs vegen til Tourtour. No kom svara på fransk, og vi fekk høyra: ”Il faut bien monter”. Det vart altså nokre kilometer med stigning, men stigningane var moderate. I bakkane tok det til å regna, og Turid kom seinare ofte med ordspelet. ”Vegen til Tourtour var litt av ein tortur.” Tourtour ligg på eit høgdedrag med vidt utsyn. Sjølve byen er og litt av eit syn. Sjå på biletet korleis dette huset er bygt over og rundt ein fjellknaus.

Vi overnatta rett utanfor byen i ein chambre d’hôte. Denne overnattingsstaden har til og med eiga heimeside på internett. Neste morgon ville vertinna snakka med oss. Ho ville vita kvar vi var frå, og sjølvsagt kunne ho fortelja at natta før hadde det budd eit norsk par hos henne. Så ville ho vita kvar vi skulle. Først skulle vi til Aups, men slik det er skrive, kunne eg ikkje seia det på fransk, og sidan konsonantar på slutten av eit ord er stumme, sa eg Å. Det forstod ho ikkje, slik at eg måtte visa det på kartet. Då høyrde eg uttalen Åps. Eg vart forundra, men ho sa: ”Nous disons tout”. Det vart kaldt å sykla nedoverbakke frå Tourtour i kortbukse tidleg om morgonen. Vi var jo i syden, men kalenderen viste 4. oktober. I Aups kjøpte vi inn mat, for det var sikkert lenge til neste matbutikk. Så sykla vi nordetter i retning Gorge du Verdon. Etter kvart fekk landskapet meir alpin karakter, og vegen vart bratt. Turid lika det ikkje: ”Alltid så er det bakkar”. Eg måtte svara at vi er i alpane, og vi må rekna med stigningar. ”Tenk på kor flott det skal verta å sykla langs den djupe kløfta Gorge du Verdon. Vi skal ikkje sykla så langt i dag, og om ikkje så lenge har vi nådd toppen, og då går det nedover att.” Turid godtok det svaret, og ho sykla opp alle bakkane. I unnabakkane på den andre sida av fjellpasset var det ein liten gard som tilbaud geitost: Fromage de chèvre. Dermed lærte eg meg ein ny glose på fransk: Geit – la chèvre. Ved den oppdemde innsjøen Lac de Sain Croix ligg byen Salle sur Verdon. Dette er ein rein turistby, men vi var der ikkje i turistsesongen, og byen verka nesten heilt utdøydd. På torget framfor hus med attlatne vindaugsskodder hadde vi måltidet vårt. Med eitt dukka det opp ein turistbuss. Alle dei reisande i bussen hadde med seg grøne plastposar med mat. Dei fordelte seg over alle benkane som var i byen. Der sat vi altså i lag med 50 andre og åt mat på benkane kring torget i byen Salle sur Verdon. 

Vi måtte vidare, og målet vårt denne dagen var Moustier Sainte Marie. Eg kom fram nokre minutt før Turid, og der i turiststraumen i denne småbyen høyrde eg ein høgrøysta passiar på bergensk om Gimle skule. ”Aha, tenkte eg, lærarar på haustferie”. Moustier Sainte Marie er ein spennande by der han ligg med små hus klint inn til ein bratt klippevegg. Oppe på fjellet ligg eit lite valfartskapell. ”Vi går opp dit”, sa eg, men det ville ikkje Turid, for ho visste at neste dag skulle vi sykla 60 km med høgaste punkt over 1000 meter. 

Kløfta Grand Canyon du Verdon er imponerande. Vi sykla på nordsida av kløfta. Vegen var sprengd inn i den loddrette fjellsida, og langt der nede i kløfta såg vi elva Verdon. Landskapet er eit resultat av den unge alpine fjellrekkjefaldinga og sterk erosjon frå rennande vatn under istida. Vi tok det roleg i stigningane, og på lett gir klatra vi opp til det høgaste punktet på 1032 meter over havet. 
 

Så gjekk det nedover att med høge alpine fjell som synte fram kvite, bølgete sedimentlag. Deretter fekk vi ny, men meir moderat stigning fram til neste punkt på 960 meter. Point Sublime kallast dette punktet der vi kunne sjå rett inn i Canyon du Verdon. På kvar side av den smala kløfta var det bratte fjellmassiv. Diverre fekk vi den låge oktobersola rett imot oss. Vegen vidare fram mot Castellane gjekk nede i dalen ved sida av elva Verdon, men her var ikkje dalen så trong og vill lengre. I Castellane gjekk vi på jakt etter eit høveleg rom. Vi var ikkje dei einaste som gjorde det, og med eitt fekk vi høyra: ”Er de norske?” Og Turid sa til ei av damene i følgjet: ”Og er ikkje du veninne av Torunn?” Som eg har skrive før; det gjekk ikkje ein dag utan at vi trefte nordmenn. 

Nordmennene som kom frå nærområdet vårt, kunne fortelja oss at der vi skulle sykla neste dag, var det mange motbakkar. I tillegg til denne lite oppløftande opplysninga måtte vi og konstatera at neste morgon regna det, og veret var retteleg surt. Det var berre å koma seg oppover bakkane på hovudvegen mot Grasse. Denne hovudvegen vert og kalla Route Napoléon, for det var denne vegen Napoleon tok for å gjera statskupp i Paris etter opphaldet på Elba. På låge gir klatra vi sakte og stødig oppover bakkane der Napoleon hadde gått nedover, og der Napoleon og mennene hans hadde vandra oppover, rulla vi lett nedover. Vi svinga så austetter på nokre småvegar, og her på den alpine høgsletta i 1000 meters høgd, verka landskapet reint skandinavisk med skog og grøne markar. Då måtte vi ikkje sjå for høgt opp mot dei bratte og kvite kalkfjella som ikkje verka skandinaviske i heile teke. På turistkontoret i Castellane hadde vi fått høyra at det skulle vera eit hotell i landsbyen Andon. Dit sykla vi, men der fekk vi vita at hotellet ligg i Torenc, men namnet på kommunen var Andon. Heldigvis synte det seg at det var høve til å overnatta i landsbyen Andon, som ligg på 1200 meter over havet. Her var det kaldt. Eg hadde sykla dit i kortbukse, men eg måtte snart få på meg varmare klede. På overnattingsstaden kunne vi få oss middag, men det var den dårlegaste maten eg har smakt på lenge. Vi fekk pølser med harde trevlar i. Vi greidde ikkje å få maten ned. Vi plukka ut det kjøtet som var råd å eta og skylte det ned med vin. Andon er ein vintersportsstad med skiheisar og anlegg både for alpinsport og nordisk langrenn. Kaldt var det i alle fall der oppe. Den  kvelden såg vi ingen andre nordmenn enn oss sjølve.

Neste morgon hadde vi på oss alt det vi hadde av klede. Det var kaldt, og vi skulle dessutan sykla mykje nedover. Då vi nærma oss unnabakkane, steig det varm skoddedis opp frå dalen. 
 

Vi fekk mange kilometer med nedoverbakke. Så kom vi til landsbyen Gourdon. Det er ein mellomalderby som ligg strategisk godt plassert oppe på kanten av ein bratt fjellskrent. Villages perchés vert slike byar kalla. Gourdon er ein pittoresk by med mange fine steinhus og mange butikkar for turistane. Der høyrde vi sjølvsagt lingva norvegica igjen. Frå landsbyen hadde vi eit vidt utsyn. Vi såg heilt ut til havet ved Antibes, og fleire hundre meter rett nedanfor oss såg vi den vesle tettstaden Pont-du-Loup. Det var ikkje vanskeleg å kjenna seg att frå då vi hadde vore der i 2001. Vi la straks merke til pilarane frå den tidlegare jernbaneviadukten. 
 

Frå Gourdon sykla vi så ned til Pont-du-Loup. Det var forresten ikkje mykje sykling, vi rulla nedover vegen, som gjekk i serpentinar, gjennom tronge kløfter og mørke tunnelar, langs elva Loup eller på norsk: Ulve-elva. I Pont-du-Loup tok vi inn på Auberge des Gorges du Loup, Der hadde vi overnatta fire år tidlegare, og vi visste at dette var ein overnattingsplass med kvalitet.  Romma var moderniserte, og maten var svært god. I matsalen var det fyrt opp i ein stor peis. ”Dette er noko heilt anna enn i går i Andon”, sa Turid medan vi hadde ein førsteklasses trerettars middag med vin til. Over oss såg vi stjernene, men endå tydelegare såg vi lysa høgt oppe i fjellsida i Gourdon.

Ponts-du-Loup er ein veldig spesiell stad der han ligg rett framfor den tronge Loup-kløfta med Gourdon over seg. Husa i Ponts du Loup høyrer liksom til i ei anna tid. Det ligg fleire hotell ved vegen, men dei er alle stengde og ligg til nedfalls. Forfall pregar og restane etter den store jernbaneviadukten, som tyskarane sprengde i 1945. Sidan vart han aldri bygd opp att, og jernbanen, som var ein fleire hundre kilometer lang metersporbane, vart lagd ned. Den store brua er altså borte, men brua lever vidare i namnet Pont-du-Loup. Etter krigen vart Pont-du-Loup aldri den attraktive feriestaden som han hadde vore før krigen. Etterkrigsturistane ville heller feriera ved havet og ikkje ved bratte fjellkløfter i innlandet. Det eine hotellet etter det andre vart stengt for godt, men Auberge des Gorges du Loup har greidd å overleva og formidlar ei flott stemning frå 20- og 30- åra. 

Neste dag var dag for heimreise. På veg til flyplassen var vi innom byen Vence. Det er og ein vakker mellomalderby, men han var full av folk. Høyrde vi norsk tale blant alle turistane? Vi høyrde i alle fall norsk på flyplassen der folk venta på å reisa heim med Norwegian. No skulle og Turid reisa heim etter ei fin veke på sykkel i Provence. Eg skulle ikkje reisa heim, for på grunn av ekstra ferieveke, som vert kalla senilveke, kunne eg halda meg ei veke lenger på sykkelsetet i Provence. ”Takk for fin sykkeltur, Turid,” sa eg, ”og god tur heim.” Eg slapp å venta heilt til flyet skulle gå. Dermed kunne eg sykla attende til hotellet i Cagnes-sur-Mer  medan det enno var dagslys.
 
 
Her er eit kart over sykkelturen som Turid og Terje hadde i lag. Her er kartet over sykkelruta som Terje hadde med Turid og sykkelruta som Terje hadde åleine.

No skulle eg altså ha meg ein sykkeltur åleine, og eg møtte ikkje ein einaste nordmann på denne delen av provenceturen. Eg ville utvida sykkelrunden som eg og Turid hadde vore på, slik at eg kunne få med meg fleire sjåverdige ting. Frå Cagnes-sur-Mer sykla eg åleine nordover og innover i den store dalen der elva Var renn. Ved landsbyen Carros kryssa eg over til austsida av elva. Litt rart å tenkja på at den brua eg køyrde over elva på, opphavleg hadde hatt to etasjar, for her hadde jernbanen som gjekk gjennom Pont-du-Loup gått i si tid. På austsida støytte eg på ein sterkt trafikkert hovudveg gjennom Var-dalen. Eg var glad Turid slapp å måtta sykla i slik trafikk. Mykje mindre trafikk var det der eg kunne svinga av og ta ein sideveg oppover langs elva Tinée. I  Saint Sauveur var eg komen 510 m over havet. No skulle eg over eit alpepass på heile 1678 m. Her var stigninga så sterk at det ikkje berre nytta med lågaste gir. Eg måtte gå av og skyva sykkelen. Sola steikte i oktober, og eg hadde ikkje med meg nok drikke. Då såg eg ei elv med friskt vatn. Det smaka godt, men var det trygt å drikka? Det tok eg risken på. Oppe i fjellsida låg landsbyen Roubion. ”Eg må spørja om det er husrom der,” sa eg, for eg var så sliten. Heldigvis var det eit chambre d’hôte i landsbyen. Roubion er ein målarisk landsby med smale gater, der det ikkje er tillate å køyra bil. Landsbyen ligg vel på 1200 m, men vertinna i chambre d' hôte meinte 1400 meter. 
 

Neste morgon sykla eg lett opp dei siste hundre vertikale metrane til fjellpasset Col de la Couillole. Dei bratte bakkane som eg hadde streva meg oppover dagen før, fekk eg no att, slik at eg berre kunne rulla nedover på den andre sida av Col de la Couillole. Eg kom ned i den tronge dalen Gorges de Cian. Vegen var førd i tunnel fleire stader, men den gamle vegen gjekk utanom tunnelane, og han var til og med skilta for syklistar. På ein slik sykkelveg opplevde eg det som Gorges de Cian er kjend for. Canyonen er så trong at han nesten går saman over vegen. Det var som å sykla i ein naturleg tunnel. Dette måtte eg ta foto av, men det var veldig mørkt der nede i det tronge gjelet, og dessutan var fjellsidene av  mørkeraud sandstein, som formørka biletet endå meir. Bileta vart ikkje så vellykka.

Då eg kom ned i den opnare og breiare dalen der elva Var renn, sykla eg langs sporet på jernbanen Chemin de fer de Provence, som går mellom Nice og Digne. Det er ein fantastisk turistbane, og er faktisk den siste overlevande smalsporbanen i Frankrike (utanom Korsika) i ordinær drift. På hovudvegen følgde eg jernbanen vestetter til mellomalderbyen Annot, der eg tok inn på hotell for natta. Vanleg overnattingspris i Provence hausten 2005 låg mellom 40 og 50 euro, og den prisen var den same som Turid og eg betalte for eit rom i lag. Prisavslaget for berre ein person og utanom sesongen var svært lite. I prisen var det ikkje inkludert frukost. Frukost laga eg meg sjølv på rommet. Standardfrukosten på hotell i Frankrike er ikkje mykje å skryta av. Då kjøpte eg heller inn brødmat, pålegg og drikke kvelden før, slik at kunne få meg eit skikkeleg måltid før eg skulle sykla av garde. Same praksis med omsyn til frukosten bruka Turid og eg då vi sykla i lag veka før. 
 
 

I Annot gjekk eg rundt og såg på mellomalderbyen med små steinhus som stod tett saman. På ein open plass spela folk kulespelet la pétanque, fransk kultur – pur! På jernbanestasjonen kjøpte eg meg ein video av Chemin de fer de Provence. Det synte seg då eg kom heim at eg ikkje fekk fram fargane på den videoen, for i Frankrike brukar ein TV-systemet secam. Hadde eg berre visst det, så skulle eg ha kjøpt ein DVD.

Frå Annot sykla eg over Colle de Saint Michele på 1431 meter over havet. Medan eg sykla oppover, hadde eg følgje av Chemin de fer de Provence på den andre dalsida. Jernbanen snor seg oppover gjennom ein vendetunnel og fører over mange fantastiske viaduktar. Dette er den flottaste delen av denne jernbanen. Diverre kom det ikkje noko tog som eg kunne fotografera på viaduktane. På den andre sida av Colle de Saint Michele kom eg ned i Verdon-dalen, og der, etter eit kvarters venting, greidde eg å ta eit bilete av eit motorvogntog på ein viadukt.
 

De som har lese sykkelforteljinga mi så langt, skulle vera kjende med namnet Verdon. Nettopp, sykla ikkje Turid og eg opp den imponerande Grand canyon du Verdon? Ja, det er den same elva, men her oppe har ikkje elva grave seg ned i slike mektige kløfter. Eg følgde elva nedover og kom til småbyen Castellane. Her hadde eg vore ei veke tidlegare med Turid. Sjølv om det hadde regna då vi var der, så verka det no i finveret ikkje så hyggjeleg som sist, for no var eg der åleine utan Turid. Eg sykla vidare med ein gong og slo inn på ein liten sideveg som gjekk søretter gjennom ei trong kløft. Vegen var bratt, og bratt var det og på utsida av vegen. Vegen var nett brei nok til at det var ein fin veg å sykla på, og han førde meg fram til Comps sur Artuby, ein liten by ved eit vegskilje oppe på høgsletta, men det var ikkje så høgt og så kaldt som i Andon. Eg overnatta på Grand Hôtel de Bain. Her har den canadiske tursyklisten Mark Bedard overnatta med kona si Carol i 2004. Han skriv i sykkelforteljinga si at le Grand Hôtel de Bain hadde vore familieeigd og ope sidan 1737. "It was very nice." Det var eg ikkje heilt samd i, for middagen var ikkje særleg god. Steikt kylling med pommes frites utan grønsaker fekk eg til hovudrett. Det var den dårlegaste middagen eg hadde fått sidan Andon. 

Neste morgon, etter frukost på hotellrommet tok eg veg D 71 til Grand canyon du Verdon. Med eitt oppdaga eg eit skilt som sa "Route barrée à 25 km." Eg sykla likevel vidare, for eg rekna med at eg nok skulle koma forbi vegstenginga, og dersom det ikkje gjekk, kunne eg alltids sykla attende til Comps. Vegen gjekk oppe på kanten av canyonen, og det var meir imponerande utsyn over Gorge du Verdon enn der Turid og eg hadde sykla. Sidan vegen eg sykla på no, gjekk på sørsida av la gorge, skulle ein tru at no fekk eg flotte foto, men slik var det ikkje, fordi det var overskya. Bileta vart flate utan skuggar som kunne gje djupn i biletet. Vegen hadde eg heilt for meg sjølv, og eg kunne verkeleg nyta turen i eit flott og dramatisk landskap utan sjenerande biltrafikk. På andre sida av kløfta såg eg vegen der Turid og eg hadde streva oss oppover ei veke tidlegare. Så kom eg fram til den staden der vegen var stengd. Det synte seg at det var ikkje noko meir enn asfalteringsarbeid som var grunn til stenginga. ”Puis-je passer”, spurde eg vegarbeidarane. ”Oui monsieur, vous pouvez passer!”
 

I landsbyen Aiguine kunne eg ta ein liten veg sørover, og så kom eg ut på den vegen der Turid og eg hadde sykla ei veke tidlegare. Jaudå, skiltet med fromage de chèvre hang der framleis, og eg hadde ikkje gløymt glosen min. Snart tok eg ein sideveg mot den vesle byen Ampus. Der tok det til å regna, og det var på tide å finna seg ein stad å overnatta. I Ampus hadde eg ikkje lykka med meg, for der var det ingen hotell. Den næraste staden med overnatting var i Tourtour, og dit var det berre 8 km. Med det same eg sykla frå Ampus, slutta det å regna. Eg fekk meg ein fin Tourtour-tur. Overnattingsstad fann eg  her. Om kvelden ringde eg heim til Turid. ”Kan du gjetta kvar eg er no?” spurde eg. ”Eg er i Tourtour, og eg bur på same staden der vi budde, og no skal eg eta middag i den same restauranten der vi åt for ei veke sidan.” ”Korleis er veret?” spurde Turid. ”I dag hadde eg litt regn, men elles har eg hatt fint ver, og veret har vore betre denne veka enn det var då vi sykla her båe to.”
 
 
Bargemon Fayence
Neste dag gjekk turen austover i retning flyplassen ved Nice. Eg sykla gjennom følgjande koselege småbyar eller villages perchés: Ampus, Châteaudouble, Montferrat, Bargemon, Seillans, Fayence, Mons, Saint Césaire, Grasse, som er ein større by og le Bar-sur-Loup. Så sykla eg ned til Pont-du-Loup der eg tok inn på det kjende og kjære Auberge des Gorges du Loup. Dette var den siste natta i Provence, og på den siste dagen i Provence sykla eg opp til den sterkt turistifiserte småbyen Sain Paul de Vence. I nedoverbakkane frå Saint Paul og ned til Cagnes-sur-Mer hadde eg eit uhell. Eit kummelokk låg djupare enn asfalten ikring. Eg såg det ikkje før det var for seint og raste ned i holet. Eg fekk eit par brestar i felgen på bakhjulet, så eg må nok kjøpa nytt bakhjul. Eg kunne likevel sykla dei ti kilometrane til flyplassen. Der kunne eg etter ei veke utan norsk atter bruka morsmålet mitt, for det var mange nordmenn som hadde samla seg for å reisa heim med direkteflya til Norwegian. Nokre timar seinare trefte eg Turid igjen. Ho stod og venta på meg på Flesland flyplass. Sykkelturen i Provence hadde vore veldig hyggjeleg, vi hadde sett mykje, og vi hadde fine opplevingar. I nærkontakt med natur og kultur hadde syklane ført oss fram til dei ulike stadene, og hadde det ikkje vore for kummelokket nedanfor St. Paul de Vence, hadde vi ikkje hatt eit einaste uhell.
 

 
 
 

På nettet har eg funne nokre sykkelturar som går gjennom om lag dei same områda i Provence som vi sykla gjennom. I tillegg kjem eit par relevante sider utan direkte sykkelturtilknyting.
 

Ein del av denne sykkelforteljinga i Provence er og presentert på fransk. (Un voyage à bicyclette en Provence) http://home.online.no/~temelhei/provence3.html
Det canadiske ekteparet Mike og Carol Bedard har sykla frå Nice, langs Gorge du Verdon og til Aix en Provence i 2004. I Aix opplevde dei at sykkelen til Carol vart stolen. Forteljinga står på engelsk.  http://www.mikebikes.org/04trip/part3.htm
Erik Carlsson & Eric Salomonsson :"Tour of the Alps 2001. Vår fem veckor långa resa från Barcelona till Venedig genom de lila lavendelfälten i Provence och över flera av Alpernas mest kända bergspass. En cykeltur som går längs Gorge du Verdon och genom Gorge de Cian."
Teksten er illustrert med mange foto.  http://www.cykelturist.com/resorna/2001/1/
Dansk forteljing av Torben Finn Laursen. Sykkeltur blant anna langs Gorge du Verdon og gjennom Gorge de Cian.   http://www.cyklingonline.dk/rejser/provence/provence.htm
Mi eiga forteljing frå Provence-sykkelturen vår i 2001. Forteljinga står på språket esperanto. Greier du ikkje å tolka teksten, kan du jo sjå på bileta. http://home.sklbb.no/melheim/esper.html
Mas de l'acacia. Overnattingsstad i Tourtour.  http://www.verdon-tourtour.com/index.htm
L'Auberge des Gorges du Loup http://www.auberge-gorgesduloup.com/htfr/0001.htm
Landsbyen Roubion ved Col de la Couillole.  http://www.provenceweb.fr/f/alpmarit/roubion/roubion.htm
Bilete frå smalsporbanen Nice-Digne. Groupe d'Etudes pour les Chemins de fer de Provence: http://www.gecp.asso.fr/gal/galsom.html
Heimesida mi med fleire sykkelturar. http://home.sklbb.no/melheim/