Sykkeltur frå Skånevik til Skåne (2005)

Terje Melheim
 

Skildringa av denne sykkelturen er vorten nokså lang, men det undrar deg vel ikkje når du høyrer at turen varte frå 22. juni til 4. august, altså 6 veker. Om du ikkje orkar å lesa alt eg har skrive, kan du gå inn på dei ulike kapitla og lesa om sykkelturen gjennom dei landskapa som interesserer deg mest. Du kan og eventuelt klikka på det tyske flagget og få ei kortare historie på tysk 
 

 Gjennom Telemark og Vest- og Østfold

  Gjennom Bohuslän

 Gjennom Halland

 Skåne, første del

 Bornholm

 Skåne, andre del

 Gjennom Västergötland
 
 

I 2005 gjekk sykkelturen heilt sør i Skandinavia, til Skåne. På latin heiter Skåne Scandia, og det er det sørlegaste av Skandinavia som har gjeve namn til heile den skandinaviske halvøya. Sykkelturen starta i Skånevik i Sunnhordland. Dit reiste eg med ein snøggbåt frå HSD. Klokka 20.00 gjekk eg i land og tok til å sykla innover Åkrafjorden mot Fjæra. Bilane vert tvinga gjennom nye, lange tunnelar, og den gamle vegen, som vart bygd i 40-åra, er vorten ein roleg og fin veg å sykla på, og det er til og med ein god opplevingsveg, for han går gjennom eit dramatisk fjordlandskap. Kan henda nokon undrar seg på at eg starta ein sykkeltur klokka 8 om kvelden. Grunnen var at eg sykla berre til Fjæra, der eg venta nokre timar på den nattlege bussruta Haukeliekspressen.
 

Gjennom Telemark og Vest- og Østfold.

Klokka halv to gjekk eg av bussen på Haukeliseter. På nokre få nattetimar var eg komen frå 0 meter over havet til 1000 meter over havet, og eg hadde tent inn minst ein sykkeldag. Det er ikkje noko problem å få sykkel med på ekspressbussane i Noreg, men det er nokså dyrt, for det vert kravt barnepris for sykkelen, og skal ein ta bussen som syklist, bør ein avgrensa bussturen til oppoverbakkar. Frå Haukeliseter gjekk vegen nedover, og i natt mellom 22. og 23. juni var det lyst nok til at eg godt kunne sjå vegen utan lys på sykkelen. Ved Vågsli var det slutt på snøen langs vegen, og der kunne eg slå opp teltet.  Eg sov lenger om morgonen enn eg hadde tenkt, slik at først klokka 12 var eg nede i Haukeligrend og kunne handla inn frukost. 

No fekk eg mange unnabakkar, men så lett var det ikkje alltid. Rett før og rett etter Åmot var det nokre motbakkar som var nokså tunge, men det gjekk altså likevel mest nedoverbakke ned gjennom Telemark. Der eg kunne, tok eg sidevegar for å sleppa unna den store trafikken på E 134. Gjennomgåande sidevegar, som er eit godt alternativ for syklistar, er ikkje særskilt merka i Noreg. Stort sett må ein bruka teft for finna slike gode alternativ. Om kvelden slo eg opp teltet på sørsida av Seljordsvatnet. Sjøormen såg eg ikkje noko til i den lyse midtsommarnatta.

Etter Seljordsvatnet kom eg forbi endå ein turistattraksjon i Telemark. Då eg sykla over kanalen ved Vrangsfoss sluser, fekk eg høyra at det ikkje var lenge til båten kom på veg mot Dalen. Eg fekk eg par fine bilete av kanalbåten ”Henrik Ibsen” før eg sykla ned til Ulefoss og den sterkt trafikkerte vegen mot Skien. Her svikta forresten teften min for sidevegar meg. Ei stor skjering på hovudvegen tyda på at vegen var lagd om. Ein sideveg indikerte gamlevegen, og då eg og såg ei falma gul stripe på sidevegen, var eg sikker i mi sak; her kunne eg sykla og koma inn på hovudvegen seinare. Sidevegen vart smalare og smalare, inntil han brått stoppa i ei fylling som førde den nye hovudvegen over ein liten dal. Eg måtte berre snu og sykla den nye og trafikkerte hovudvegen. I andre land er dei mykje flinkare til å setja opp skilt som syner kvar det finst betre sykkelalternativ enn hovudvegane. I Noreg har syklistar ingen eller svært liten plass blant veg- og trafikkplanleggjarane.
 
 

Kanalbåten Henrik Ibsen på veg mot Dalen.

I Skien var det fest. Ein god kamerat feira 60 år i lag med mange vener. Til Skien var og Turid komen. Turid heiter kona mi, og det var ho eg skulle sykla saman med i Skåne. Til Skien reiste ho med bussen, og med buss reiste ho og dagen etter festen, for då reiste ho heim att. Først 10 dagar seinare skulle vi møtast i Malmö. Eg såg Turid vel av garde på bussen. ”Vi møtest i Malmö”, sa eg då ho gjekk på bussen. Så kasta eg meg på pedalane og sykla vidare mot aust og sør. Frå Horten tok eg ferje over til Moss. Der hadde eg tenkt å overnatta hos ein slektning, men eg hadde ikkje sagt på førehand at eg skulle koma innom. Då eg ringde, var det ingen som tok telefonen. Dei var nok ikkje heime. Eg sykla likevel til huset, og der såg eg at hageslangen låg utover plassen framfor huset, og i huset stod radioen på. Då vart eg glad, for då var eg sikker på at nokon var heime. Eg vart snart vonbroten, for ingen opna då eg ringde på, og hageslangen og radioen skjøna eg var triks for å skremma potensielle innbrotstjuvar. Overnatta ville eg likevel. Eg slo opp telt i hagen, mellom ripsbuskar og epletre. Hageslangen som låg framfor huset vart svært nyttig, for der skaffa eg meg vatn til teen. 

Frå Moss til Rygge og Sarpsborg går vegen på den store endemorenen som heiter Raet. Langs vegen er det korn- og grønsakåkrar på den grøderike jorda. Ved Sarpsborg vart det så mykje trafikk at eg tok ein sideveg gjennom skogane i Østfold. Via Rokke kom eg fram til Halden. Eg ville ikkje sykla langs E 6 inn i Sverige. Eg sykla heller lengre aust, og dermed kom eg til å bli verande i Noreg endå nokre titals kilometer. Sør for Halden er det faktisk så omvendt at frå norsk territorium ser ein VESTOVER mot Sverige.  Då Sverige tok over Båhuslen på midten av 16-hundretalet, let dei vera å ta den delen av Båhuslen som låg aust for Iddefjorden. Truleg var det betre å ha Iddefjorden som ei strategisk grense framfor å halda fast på dei gamle landskapsgrensene. Grensepasseringa til Sverige var markert med eit stort blått skilt, og det skiltet var på ein måte eit minne om den gongen det var venstrekøyring i Sverige. Langs småvegar som kryssar grensa, står det alltid skilt berre på den eine sida av vegen. Skiltet er plassert slik at syklar ein inn i Sverige, står det på venstre side av vegen. Kjem du syklande i motsett retning og syklar inn i Noreg, får du  grenseskiltet alltid på høgre side. 
 
 

Grenseskiltet står på venstre side, slik det gjorde med venstrekøyring i Sverige. Sør for Halden ligg Sverige i vest og Noreg i aust.

 

Gjennom Bohuslän

Etter overnatting i skogen sykla eg til Tanumshede, som er ein større tettstad, og der var det også butikk med godt vareutval, slik at eg kunne ha meg ein betre frukost. Tanumshede er og kjend for dei mange helleritingane som ligg straks sør for tettstaden. På flate sidevegar sykla eg så sørover gjennom Bohuslän, gjennom små grender. Fleire stader såg eg små skilt med Cykelspåret. Eg var komen til den skilta sykkelruta gjennom Bohuslän, og denne sykkelruta er faktisk ein del av Nordsjøsykkelruta. Artig å tenkja på at langs desse vegane hadde tursyklisten Martin Wittram sykla tre år tidlegare. Då eg nærma meg Lysekil følgde eg ikkje alltid sykkelskilta, så i sterk trafikk kom eg fram til byen. Ferda vidare gjekk med båt over til Fiskebackskil. Frå båten kunne eg få eit godt inntrykk av skjergardsbyen Lysekil der ei høg kyrkje på dei høgaste skjera dominerer over byen. Eg har tillate meg å kopiera biletet som Martin Wittram tok av Lysekil då han sykla her i 2002.
 

Foto: Martin Wittram
Lysekil med den gigantiske kyrkja.

 

No var det på tide å finna ein plass å telta på. Ei kabelferje førde meg over til Flatön, og like ved ferjestaden var det ein fin plass ved sjøen. I det fine veret var eit bad i sjøen like bra som ein dusj på ein campingplass.

Neste morgon førde ei ny kabelferje meg frå Flatön til den større øya Orust. I fint sommarver sykla eg forbi Ellös og Hällevikstrand. Neste øy heitte Tjörn, og etter Tjörn nådde eg fastlandet på ei stor bru ved Stenungsund.  Sykkelruta førde austover gjennom den vakre Svartedalen, og så ned til Götaälven der eg følgde ein idyllisk veg med lite trafikk inn til byen Kungälv. No var eg trøytt, og derfor ville eg freista ein campingplass. Så freistande å bu på campingplass var det ikkje, for eg tykkjer det er nokså dyrt at ein person må betala 150 kroner for å sova i sitt eige telt. Campingplassane har berre ein pris, og det er ein fast pris per telt. Om det er mange eller få i det teltet, gjer ingenting. Folk som reiser åleine kjem på den måten veldig dårleg ut når det gjeld kostnader. Campingplassen låg like ved Bohus festning, ein militær installasjon som norske kongar i si tid bygde ved yttergrensa av det norske riket. Då Båhuslen/Bohuslän vart svensk, vart og festninga svensk. Sjølve Kungälv by er vakker med mange fargeglade trehus. Om kvelden arrangerte turistkontoret ei byvandring, som eg var med på. Etter kvart vart det så mange detaljar om dei einskilde husa at eg ikkje orka å vera med lenger, for etter ein hard dag med sykling lengta eg til soveposen i teltet mitt. Eg merka meg at i nokre av husa hadde kjende personar budd, slik som Selma Lagerløf og Pär Lagerquist. Namnet Selma Lagerløf skulle eg treffa på endå fleire gonger på sykkelturen i Skåne.

Frå Kungälv gjekk turen mot Göteborg. Ved sida av motorvegen kunne eg følgja ein god sykkelveg. Før eg kom til Göteborg, måtte eg gjera noko som eg aldri har gjort tidlegare på sykkelturane mine; eg måtte kjøpa solkrem med sterk solfaktor. Eg har alltid vore vant til at bein og armar vert brune av sola så sakte at eg ikkje vert solbrend. I den sterke sommarvarmen som eg opplevde på den første delen av turen denne gongen, skjøna eg at eg måtte ha solkrem for å unngå solforbrenning. I sentrum av Göteborg var den viktigaste oppgåva å finna ein sykkelbrosjyre som kunne syna sykkelvegen vidare sørover langs kysten. På turistkontoret hadde dei ikkje den brosjyren, fordi Ginstleden, som sykkelruta sørover heiter, er knytt til Halland, og Göteborg ligg i Västergötland og ikkje i Halland. Sykkelkart for å koma gjennom Göteborg kosta 20 kroner, men sidan eg skulle sykla her berre ein gong, brydde eg meg ikkje med å kjøpa det. I Göteborg tek dei omsyn til syklistane når vegar og gater vert bygde, og det er mange gode sykkelvegar. Dei er til og med utstyrte med retningsskilt. Fordi eg ikkje var kjend i Göteborg, stod eg snart framfor det faktum at eg ikkje visste kvar eg skulle sykla. Eg kom til å sykla ved sida av ein mann på sykkel med små hjul. Sykkelen var utstyrt med gir, og mannen kunne halda god fart med minisykkelen sin. Dette var ein mann som hadde det sykkelkartet som eg ikkje hadde kjøpt. Han var eigentleg på båttur, og var komen til Göteborg med seglbåt. Sykkelen kunne han falda saman og ha liggjande under dekk. No sykla han til ein spesialforretning for båtutstyr i Askim rett sør for Göteborg. Vi kunne sykla saman eit stykke, for eg visste at eg og skulle sørover. Med eitt var det avskjed, for eit skilt synte Särö, dit eg skulle, medan eit anna synte Askim i ei anna retning. Til Särö hadde det gått ein jernbane tidlegare, og det var ikkje vanskeleg å sjå at sykkelvegen hadde teke den gamle jernbanetraseen i bruk. Sykkelvegen gjekk veldig idyllisk langs kysten. Utan eit skikkeleg sykkelkart var eg heilt avhengig av at alle sykkelskilta var på plass. Ein gong måtte eg spørja folk om vegen til Kungsbacka, som var neste by. Dersom eg er uheldig og kjem i kontakt med folk som ikkje syklar, kan det godt vera at eg vert dirigert i heilt feil retning, mot motorvegen. Så uheldig var eg altså før eg kom meg fram til Kungsbacka. 
 
 

Gjennom Halland.

I Kungsbacka var eg endå meir uheldig, for gearwiren rauk. Sjølvsagt hadde eg med ein reservewire, men eg måtte kutta wiren i høveleg lengd, og avbitartang hadde eg ikkje med. Svenskar er hyggjelege folk, så det varte ikkje så lenge før eg hadde fått lånt ei tang og kutta wiren. Men no gjorde eg noko veldig dumt: Eg tok til å sykla vidare på måfå og rekna med at eg snart skulle sjå skilta for sykkelvegen sør for byen. Eg mista snart retninga og oppdaga at eg var på veg utover på ei halvøy. Det var berre å snu og sykla inn i Kungsbacka for andre gong. I turistkontoret like ved jernbanestasjonen fekk eg tak i det eg hadde bruk for, ein brosjyre for sykkelruta Ginstleden, som går langs den svenske vestkysten gjennom heile Halland. Denne brosjyren finn du og på internett. Det synte seg at sykkelruta svingde austover frå Kungsbacka og fram til eit interessant naturfenomen, Fjärås bräcka. Her ligg det ein stor sandås som markerer at på slutten av istida hadde isen lege inntil denne sandåsen. Smeltevatnet har ført med seg grus som var avsett i havet då havet stod mykje høgare enn i dag. Du kan lesa om Fjärås bräcka på internett. Grusåsen er eit effektivt filtreringsmiddel for drikkevatn. Frå ei pumpe på åsen kunne eg skaffa meg godt drikkevatn. Grusåsen har vore eit slikt markert trekk i landskapet at folk for lenge sidan har sett opp mange bautasteinar nedanfor åsen. Ved bautasteinane såg eg at det ikkje var dyrka mark, og der var det heller ikkje skog med plagsame insekt. Dette ville vera ein fin plass å telta på. På grunn av drikkevasskjelda ved grusåsen måtte eg konstatera at det var forbode å slå opp telt. Eg telta likevel. Grunnen til forbodet mot telting var nok at ein ville hindra at det vart liggjande att ureinande ekskrement i drikkevassområdet. Sjølvsagt let eg ikkje att slike ureinande etterlatenskapar då eg reiste vidare neste morgon. Eg følgde Ginstleden vidare mot sør. Sykkelruta gjekk langs mange småvegar. Tidleg om morgonen var det uventa stor biltrafikk på dei vegane. Det måtte vera pendlarar som var på veg til jobbane i Göteborg. Ein stad kryssa eg ein veg  eit godt stykke framfor ein bil som kom køyrande sakte mot meg. Med eitt dukka det opp ein annan bil i full fart som skulle køyra forbi. Då føraren som køyrde forbi, såg meg på vegen, fløyta han som rasande. Eg såg at det ikkje var nokon fare, og eg tenkte mitt om dumme bilistar som køyrer forbi andre bilar på vegar der det er mange sidevegar. Sjølv med det gode kartet på Ginstledbrosjyren greidde eg å køyra feil i Åsa. I tettstader ønskjer eg ikkje å køyra på store vegar, men for å finna småvegane er eg avhengig av sykkelskilt. Så snart eitt slikt skilt manglar, er det lett å køyra feil. Eg kom ut på ein sideveg som førde meg utover på ei halvøy. Eg måtte sykla attende til Åsa, og no sa eg til meg sjølv at eg syklar vidare mot sør på den gamle E6 som har liten trafikk etter at motorvegen vart bygd. Ved Åskloster såg eg nye skilt for Ginstleden. Ruta gjekk no gjennom eit vakkert naturområde like ved kysten nord for Varberg.  Til dels var sykkelvegen plassert på den gamle traseen til Västkustbanan, som her var lagd om.

Det ein ser på i Varberg, er festninga, og sidan det er ein større by, kunne eg finna ein minibank. Eg stakk bankkortet inn i automaten, og skulle tasta inn koden, men kva hende? Skrekk og gru! Kortet verka ikkje, og det kom berre ei melding om at eg måtte ta ut kortet. I banken kunne dei berre seia at kortet nok var avmagnetisert. Eg ringde heim og fortalde om problemet til Turid. Eg bad henne overføra pengar frå min konto til hennar konto, slik at vi kunne bruka berre hennar bankkort på sykkelturen i Skåne.  Det var enno 5 dagar til eg skulle møta henne i Malmö, men eg hadde heldigvis nok pengar i norsk valuta med meg, som eg veksla inn i svenske pengar. Bankkort med magnetstripe er altså ikkje alltid så sikkert, ein kan  risikera at kortet er avmagnetisert og heilt ubrukande. 

Frå Varberg ville eg ha forandring frå Ginstleden langs kysten. Eg la ruta mi innover i landet. Eit stykke aust for Varberg såg eg skilt for endå ei sykkelrute. Skilta førde meg ut på ein nedlagd jernbane. Traseen vart ikkje berre bruka som sykkelveg, men var og skogsbilveg med grov grus. Eg var hamna på Varberg-Ätran-Järnväg,  som vart lagd ned i 1961. Også førhistoriske bautasteinar såg eg fleire stader. Ved Asige står det to store bautasteinar inntil kvarandre. Til desse førhistoriske steinane høyrer historia om Hagbard og Signe. I følgje segna skulle Hagbard ha vorte hengd opp mellom dei to steinane fordi han hadde forført kongsdottera Signe. Denne tragiske kjærleikshistoria er kjend over heile Norden. Det er ikkje berre i Halland at eit førhistorisk minnesmerke er knytt til denne segna. Hos oss er historia mest kjend frå folkevisa Bendik og Årolilja. 

Så sykla eg vidare gjennom tettstadene Getinge og Harplinge. Harplinge kom eg ufrivillig til på heimvegen då eg sykla nordover fleire veker seinare. Sør for Halmstad fann eg ein fin stad å slå opp teltet mitt, og no gjekk eg til og med inn på garden like ved og spurde om lov til å telta. Det fekk eg, og eg hadde ei god natt ved ein sideveg til Ginstleden langt sør i Halland. Neste dag kryssa eg grensa mellom Halland og Skåne. 
 

Skåne, første del.
 

Før eg kom til det skikkelege Skåne med flate åkrar, måtte eg over Hallandsåsen med ein del stigningar. Hallandsåsen representerer eit fenomen som geologane kallar ein horst. Gjennom dei yngre og mjukare bergartane har grunnfjellet pressa seg opp. Frå vegen såg eg innslaget til den famøse jernbanetunnelen gjennom Hallandsåsen. Västkustbanan, som jernbanen mellom Malmö og Göteborg heiter, er vorten retta ut og stadig forbetra i dei siste tiåra. Eit ledd i å rusta opp Västkustbanan skulle vera ein tunnel gjennom Hallandsåsen. Dei byrja å byggja tunnelen i 90-åra, men fordi det trengde inn så mykje vatn, måtte bygginga stansast. Dette er ein parallell til Romeriksporten ved Oslo. No i 2005 har det svenske Banverket teke opp att bygginga av tunnelen. Sjå Internettadressa til tunnelen gjennom Hallandsåsen.

I Skåne var det slutt på Ginstleden, og no følgde eg sykkelskilt merka ”Cykelspåret”. På ei idyllisk rute langs stranda, forbi Vejbystrand, sykla eg inn i Ängelholm. Eg var no komen ut på eit flatt jordbruksland, der eg følgde ”Cykelspåret” på sidevegar  vidare til Helsingborg. Eg la merke til at ferjene framleis  tok  tok seg over til Helsingør i Danmark, men no var det slutt med at jernbanevogner vart ferja over sundet. Landskapet i Skåne minna mykje om Danmark, og før  hadde Skåne til og med vore ein del av Danmark. Svenskane greidde i si tid å ta alt land som Danmark hadde på det skandinaviske fastlandet. Heilt sidan 1658 har Skåne høyrt til Sverige. Når ein tenkjer på at Danmark hadde mykje land aust for Øresund, kan det vera lettare å forstå at København, som no ligg heilt i kanten av det danske riket, kan vera hovudstad i Danmark. 

Eg sykla så langs Øresund, gjennom Landskrona og Lund. I Lund såg eg på domkyrkja i romansk stil. Lund var ein gong erkebispesete for heile Skandinavia. Dessutan er Lund ein by som har gjort mykje for syklistane. Sykkelvegar inn til sentrum var godt merka, og i sjølve sentrum var det nesten ikkje bilar. Syklistane kunne lett ta seg fram overalt. Det var tydeleg at Lund satsa mykje på den miljøvenlege og fornuftige transportmåten sykkel. På veg frå Lund til Malmö kom eg til å oversjå eit lite skilt, og eg kom på villspor. Venleg forklaring frå folk eg spurde, fekk meg raskt på rett spor. Hadde det ikkje vore for dette eine skiltet, hadde eg funne vegen utan problem, for elles langs heile sykkelvegen til Malmö var det retningsskilt for syklistar. 
 
 

Domkyrkja i Lund

Det var på stasjonen i Malmö eg skulle møta Turid. Eg var der i god tid før ho skulle koma, slik at eg måtte venta lenge.   Ho tok fly frå Bergen til Kastrup og så tok ho tog over til Malmö. Det vart eit hjarteleg gjensyn etter den lange turen min ned gjennom Sverige. Etter flyturen hennar måtte eg skru på pedalane på Turid sin sykkel og pumpa opp dekka. Så sykla vi ut til campingplassen i Limhamn, først forbi Malmöhus festning, og så vidare langs stranda på gode sykkelvegar. ”Det var dumt at vi ikkje fann oss ein restaurant i byen før vi sykla ut her”, sa Turid. Rett etterpå såg vi ein hyggjeleg restaurant ved strandvegen. Over god mat og vin hadde vi mykje å snakka om. Turid si frambremse var gått sund, og det første vi måtte gjera neste dag, var å finna ein sykkelforretning, slik at vi kunne kjøpa ein ny del til bremsa. Difor måtte vi neste morgon sykla attende frå campingplassen og koma oss vekk frå strandvegen og opp i byen. Ved ei stor gate, som ikkje så uventa heitte Linnégatan, fann vi ein sykkelforretning som vart driven av ein mann som ikkje berre stod og selde syklar, men som og dreiv og reparerte syklar medan det ikkje var kundar i butikken. Det var veldig hyggjeleg å få hjelp av ein mann som forstod seg på syklar. Han fann lett fram til den delen vi trong, og han tilbaud oss å låna verktøy om vi hadde bruk for det. Eg sa eg skulle først prøva med mitt eige verktøy, men då eg måtte kutta bremsewiren, måtte eg låna ei avbitartang. Det er kjekt å treffa på ein sykkelmann som er så hjelpsam og som forstår seg godt på dei problema som tursyklistar måtte ha.
 

 Sykkelruta   vår i Skåne. Klikk på kartet.

No kunne sykkelturen vår i Skåne ta til. ”Du kan avgjera kvar vi skal sykla, og du kan få sykla så langt du vil og så fort du vil. Vi har god tid og kan ta det med ro og nyta sykkelturen, ” sa eg til Turid. Slik vart sykkelturen vår og. Kvar dag sykla vi berre 40-50 km, og dersom eg sykla fortare enn Turid, venta eg alltid på henne. ”Cykelspåret” som vi skulle følgja gjennom Skåne, byrja ved campingplassen og førde oss under den store Øresundbrua, som er stengd for syklistar. Cykelspåret førde oss ut på stille vegar forbi fritidshus og ut på ein lang rett veg utan trafikk. ”Dette må vera ein tidlegare jernbane”, sa Turid. Litt forskingsarbeid etter at vi var komne heim, avslørte at banen hadde hatt namnet Malmö-Trälleborg-Järnväg. Gamle jernbanetrasear er koselege å sykla på. Her er det ingen biltrafikk, traseen har veldig moderate stigningar, og det er alltid interessant å observera jernbanerelaterte ting som måtte stå att, kanskje ein stasjonsbygning eller ein plattformkant. 
 
 

Turid på tidlegare jernbanetrasé Hus i Skåne med det skånske flagget.

Jernbanetraseen etter MTJ førde oss til byen Vellinge. Sykkelruta var no skilta fram mot Falsterbro, men det var ikkje dit vi skulle, vi skulle til Trelleborg. På eit sykkelkart over Skåne som eg hadde frå 1996, var det teikna inn ei sykkelrute på vanlege småvegar fram til Trelleborg. Den ruta følgde vi. Først såg vi ingen skilt som viste sykkelrute, og vi følgde dei allminnelege vegskilta. Etter kvart oppdaga vi  små kvadratiske skilt ved sida av vegskilta. Dei små skilta var heilt kvite, godt bleikte av ver og vind. Såg vi nøyare etter, var det skilt for Skåneleden. Skilta var altså ikkje haldne vedlike, og på ti år hadde dei falma slik at dei no var heilt kvite og ubrukande. Heldigvis hadde vi det gamle sykkelkartet, og vi kunne følgja den gamle sykkelruta heilt fram til Trelleborg. Som namnet tyder på, må det ha vore ei borg her. Ein stad med namn Trelleborg finst og på vestkysten av Sjælland i Danmark. Der er det ei stor rundborg over 1000 år gamal. Ei slik borg må ha eksistert i Trelleborg i Skåne og. Fundamentet etter borga vart oppdaga og grave fram arkeologisk i 1990-åra. Sidan er ein del av borga bygd opp att, men berre halvparten er bygd opp fordi ei gate hindrar utbygging i full utstrekning. Frå Trelleborg sykla vi vidare austover langs stranda forbi Smygehuk, som er det sørlegaste punktet i Sverige. Langs vegane i Skåne såg vi ofte små bindingsverkshus. Eg håpa  at vi skulle få sjå eit slikt hus med det opphavlege stråtaket intakt. Langs ein sideveg, der sykkelskilta førde oss, var vi heldige og såg eit bindingsverkshus med skikkeleg stråtak. Utanfor huset stod ei flaggstang med det skånske flagget, som er raudt med ein gul kross. Vi sykla fram til campingplassen i Beddingestrand, men dagsetappen på denne første dagen vart litt for lang for Turid. Ho gjorde meg merksam på kva eg hadde lova henne. Vi skulle ikkje sykla for langt kvar dag. 
 
 

Valmuer i åkeren. Marsvinsholm slott

 

Frå Beddingestrand førde den skilta sykkelruta oss litt inn i landet. Vi kom forbi Vemmenhög. Ved den gamle skulen var det sett opp eit skilt som synte at Selma Lagerlöf hadde budd i denne bygda. Modellen til Nils Holgersson, som Selma Lagerlöf skreiv om i den kjende boka si, skal ho ha funne her i denne bygda. I Skåne veks det mange valmuar i åkrane. Eit bilete av desse fargegilde blomane, som minner om det skånske flagget, måtte vi ha. Langs småvegar kom vi så fram til Marsvinsholm slott. Det er ikkje berre det skånske flagget og det skånske landskapet som minner om Danmark, også dei mange slotta i det skånske landskapet får oss til å tenkja på Danmark. Marsvinsholm slott går attende til Valdemar Atterdag og unionsdronninga Margrete sine dagar. Slottet, slik vi ser det i dag, stammar frå 1850-åra då slottet vart ombygd i renessansestil.

Vidare austover frå Ystad såg vi ikkje markerte sykkelruter, og vi prøvde å finna vegar med lite trafikk. Først frå den trivelege staden Brantevik og inn til Simrishamn kunne vi sykla på ein fin sykkelveg langs kysten. Frå Simrishamn ville vi ta båt over til Bornholm. Båten gjekk om morgonen klokka sju, men verken Turid eller eg var innstilte på å stå så tidleg opp alt neste morgon. Vi fann ut at vi ville vera over ein dag i Simrishamn og ta båten morgon etterpå. No  ville Turid prøva det svenske systembolaget, og om kvelden varta ho opp med ei flaske kvitvin. I teltet ved sida av oss heldt tursyklisten Franz frå Berlin til, og han inviterte vi på vin, men gjesten måtte sjølv ta med seg ein korketrekkjar, for slike ekstra gram hadde vi ikkje med oss i bagasjen. Fordi det ikkje var benkar nær teltet, vart det konversert, og vinen vart konsumert i ståande stilling. På sykkelturen vår i Skåne møtte vi på fleire tursyklistar, og dei var nesten alle saman frå Tyskland. At det var tyskarar, såg vi først og fremst på dei fargeglade sykkelveskene av merket Ortlieb. Ikkje berre Franz møtte vi på campingplassen, det var og andre tursyklistar der, men kvelden etterpå på campingplassen såg vi ingen tursyklistar. For oss verka miljøet fattigare sidan det ikkje var likesinna tursyklistar der. Turid og eg har det slik at det er helst tursyklistar vi plar å  innleia sosial kontakt med. I Simrishamn finst det mange vakre småhus i sentrum. Dei såg vi på då vi var i Simrishamn heile dagen. Vi følgde ei byvandring, som leia oss fram til dei vakraste husa med dei vakraste blomane og dei mest typiske dørene. Dagen etter måtte vi opp klokka fem om morgonen, for då skulle vi ta båten over til Bornholm.
 
 

Hus i Simrishamn Hus i Simrishamn

 

Bornholm

Båten vi skulle reisa med, såg ut som ein norsk fjordabåt, slik eg hugsar dei frå 50- og 60-åra. Båten var ikkje så stor, og han førde ikkje bilar. Syklane fekk vi med oss. Vi fekk  ei fin sjøreise i den vakre morgonen. Frå dekk såg vi Skåne kverva bak båten, og etter kvart dukka ein landskugge opp framfor båten. Det var Bornholm. Vi kom inn til Allinge på nordkysten av Bornholm. I Allinge vaia Danebrog på fleire flaggstenger. Det var ikkje tvil om at vi var komne til Danmark, sjølv om vi var langt borte frå Danmark ”mainland”.  Danmark mista Bornholm samstundes med Skåne, men Bornholm greidde dei å få attende etter nokre år. I Allinge såg eg på brusteinane på kaien at her på kaien hadde det ein gong vore eit hamnespor for tog med smalare sporvidde enn normalspor. Det første eg la merke til på Bornholm, var altså eit teikn på det omfattande meterspornettet som ein gong førde toga mellom dei ulike delane av øya. I Allinge fann vi fram danske pengar, og Turid sa, då ho kom ut frå butikken at her var jordbæra billegare, berre 16 kroner. I Sverige hadde dei kosta 20 kroner. Eg svara tørt at dansk krone er meir verd enn ei svensk krone.
 
 

Sykkelruta vår på Bornholm. Klikk på kartet, så får du det større.

Frå Allinge sykla vi på sykkelvegen mot Hasle. Vi undra oss veldig då vi merka at vegen hadde korte, men bratte stigningar. Klippeøya Bornholm er noko anna enn Danmark, der vi er vande med at vegane alltid er flate. Langs sykkelruta såg vi fleire steinbrot, der ein hadde henta bygningsstein. Til og med råvarer til eit slikt moderne byggverk som Storestrømbrua (som er stengd for syklistar) var henta på granittøya Bornholm. 
 
 

Denne kysten er faktisk ein del av Danmark

Ved Jons Kapell stupar granittkysten bratt ned i havet. Jons Kapell er eit turistmål, og det var nærast ei folkevandring ned til den særmerkte kysten. Ved sykkelvegen stod det no store åtvaringsskilt om at vi kom til ei trappe på sykkelvegen. Heldigvis var det ei smal rampe ved sida av trappa. Her var det best å leia sykkelen. Om kvelden kom vi fram til Rønne. Etter ein spasertur og sykkelrunde i dei koselege smågatene, gjekk vi på restaurant. Vi fann ein restaurant som tilbaud kveldsbufet. Vi kunne eta så mykje vi ville for 145 kroner. Her var suppe, fleire sortar kjøt og velskmakande salatar. Til dessert kunne vi forsyna oss med mange slag ulike sortar is. Etter fleire veker på sykkel med minkande kroppsvekt  kunne eg eta så eg vart verkeleg stappmett. Turid, som ikkje hadde vore så lenge på sykkeltur som eg, åt mykje mindre. 
 
 

Rundkyrkje i Nyker.

Det er ikkje store avstandar på Bornholm. Øya er dobbelt så stor som den øya vi bur på. Rundt Stord er det 60 km å sykla. Etter 120 sykkelkilometer kjem ein rundt heile Bornholm. Frå Rønne tok vi ein ny sykkelveg, og no fekk vi gleda av å sykla på traseen etter ein av dei nedlagde jernbanane på øya. Ein fredeleg og kjekk sykkeltur førde oss fram til Nyker. Her står ei av  rundkyrkjene, som det er fleire av på Bornholm. Kyrkja har ikkje berre vore gudshus, men og forsvarsanlegg, der folk kunne søkja tilflukt om framande folk gjekk til åtak. I nyare tid har dei bygd på kyrkja, slik at ho ikkje er heilt rund, men den sentrale delen av kyrkjebygget syner tydeleg den runde forma. Like ved kyrkja heldt ein tekstilkunstnar til. Turid forsvann inn i butikken, og det tok lang tid før ho kom ut. Eg passa på syklane og bagasjen. Då ho endeleg kom ut av butikken, bar ho på ein liten pakke og såg veldig løyndomsfull ut. 
 

Frå Nyker til Klemensker har ein ikkje greidd å aktivera jernbanetraseen til sykkelveg, i staden for måtte vi følgja hovudvegen, der ei smal stripe var skilt ut for syklistar på kvar side av vegen. Her var det ikkje så kjekt å sykla. I Klemensker kom vi atter ut på sykkelvegen. Vi opplevde då ei av dei finaste sykkelstrekningane på heile turen. Sykkelvegen gjekk gjennom eit litt vilt lyng- og skogsområde med bratte fjellvegger på den eine sida. Jernbanen hadde her i Kleven følgd ei forkastingslinje i den bornholmske grunnfjellsgranitten. Så sykla vi forbi den gamle stasjonsbyen Rø, der vi åt mat utanfor den tidlegare stasjonen, før vi sykla ned til nordkysten. Her var det og ein vill klippekyst, nett slik som i Jons Kapell, og her ligg og eit moderne kunstmuseum med kunst frå heile Bornholm. 

Blant tursyklistane, som det var mange av – endå fleire enn i Skåne – var det flest danskar. Dei var komne til ein del av Danmark som er ulik resten av landet. Her er ei lenke til sykkelferie på Bornholm. Vi sykla så fram til turistbyen Gudhjem. Sykkelvegen dit var av det enkle slaget med ei lita stripe på kanten av hovudvegen. Gudhjem er ein idyllisk by som er sterkt innretta på turisme. Som syklistar kjende vi oss ikkje særleg velkomne. Vegen gjennom Gudhjem sentrum er så smal at han er gjort einvegskøyrd. Hovudvegen går ovanfor byen, og den vegen er open for trafikk i båe retningar, men på vegen gjennom sentrum burde syklistar hatt lov til å sykla i båe retningar. Kvifor skal ikkje syklistane få lov til det når det er bilane som er for breie for gatene? Det er jo mykje hyggjelegare å sykla forbi koselege småhus enn å sykla på ein sterkt trafikkert hovudveg! Hadde Bornholm vore administrert frå Tyskland eller Nederland og ikkje frå Danmark, hadde syklistane fått lov til å bruka gata i båe retningane. Så godt kjenner eg Tyskland og Nederland frå sykkel at eg veit at der er dei mykje meir fornuftige og liberale når det gjeld sykling i einvegskøyrde gater. Ein annan ting som irriterte meg i Gudhjem, var at fleire av dei bratte gatene i byen er stengde for syklistar. Er det den danske administrasjonen på Bornholm som ikkje er vand med bakkar og som er mistruisk til bremsene på danske syklar? Sjølvsagt sykla Turid og eg ned slike bakkar utan det minste problem, og vi brydde oss ikkje om dei dumme trafikkskilta.

Neste morgon på campingplassen i Gudhjem tok vi ned innerteltet, og let ytterteltet stå att. I teltet var det no plass til all bagasjen og syklane våre. No skulle vi ha oss ein dag utan sykling, forresten den einaste på heile turen. Då vi tok båten frå Skåne til Bornholm, kjøpte vi ikkje berre returbillett, vi kjøpte og billett til klippeøya Christiansø langt ute i havet nord-aust for Bornholm. Eg var glad vi kunne ta denne båtturen nettopp denne dagen, for dette var den finaste og varmaste dagen på heile turen. På flaggstengene hang danebrog og det bornholmske flagget, som er raudt med ein grøn kross, rett ned. Ute i havet på Christiansø var det ein svak havbris som gjorde temperaturen meir leveleg. Christiansø var eit fort og ein marinebase som Christian 5. let byggja, slik at danskane til ei viss mon kunne kontrollera den svenske flåten i Austersjøen. Båten vi reiste med ut til øya, var båten som vi hadde reist med til Bornholm, nemleg Ertsholm. No var ikkje båtturen så fin som frå Simrishamn til Allinge. Båten var heilt overfylt. Eg undra meg på om båten kunne ha teke så mange passasjerar dersom det hadde vore store bølgjer på sjøen, men på denne dagen, med dette fine veret var det ingen grunn til uro om bord på den overfylte båten.

Frå Gudhjem følgde sykkelvegen for det meste hovudvegen austover på Bornholm. I Årsdale, der vindmølla sveiv rundt i den svake havvinden, kunne vi ta sidevegar inn mot Nexø. Nexø er den neststørste byen på øya. Delar av han vart til og med bomba av russarane  mot slutten av krigen, fordi tyskarane ikkje ville overgje seg, og heile Bornholm var faktisk okkupert av russarane fram til april 1946. Frå Nexø sykla vi på sykkelveg til Aakirkeby, derifrå sykla vi til Rønne. Vest for Aakirkeby og inn til Rønne var det ein fin sykkeltur, for der gjekk sykkelvegen på ei nedlagd jernbanelinje. Jernbanen Rønne-Aakirkeby-Nexø var den sist strekninga av De bornholmske jernbaner som vart lagd ned. Det skjedde i 1968.

I Rønne skulle vi vaska klede. Turid hadde sett eit myntvaskeri frå sist gong vi var der. Eg hadde så mange skitne plagg at eg måtte kjøpa ny underbukse og t-skjorte for i heile teke å ha noko på meg medan kleda vart vaska. Turid skulle ta seg av vaskinga medan eg sykla ut til campingplassen og tok den same plassen for teltet som vi hadde hatt sist. Campingplassen i Rønne var den beste campingplassen på heile sykkelturen. Då eg kom attende til Rønne og myntvaskeriet, dreiv Turid og tok kleda ut av maskinen og stappa dei inn i tørketrommelen. Kleda var snart ferdige. No visste vi kva vi skulle gjera i Rønne. Vi gjekk til restauranten med ”aftenbufet” og tinga bord for kvelden. Den dagen åt eg ingenting mellom frukost og aftenbufeten. Det lønte seg. Om kvelden då vi sykla frå campingplassen og inn til restauranten i Rønne sentrum, såg eg at Turid hadde fått på seg eit nytt skjørt med mange fine fargar. Det var altså det ho hadde kjøpt hos tekstilkunstnaren i Nyker, og no hadde ho kledd seg for eit skikkeleg restaurantbesøk.

Neste dag, som var siste dag på Bornholm, ville Turid oppleva eit silderøykeri. Det er absolutt to ting ein må ha sett på Bornholm; rundkyrkjer og silderøykeri. Silderøykeri var det best å oppleva i Hasle, altså sykla vi på ein sykkelveg vi kjende frå før og kom fram til Hasle. Der var røykinga alt i full gang, og røyken velta ut av skorsteinen. Inne i røykeriet var det ikkje berre fisk og røyk, men og mange turistar, som såg på røykeprosessen. ”Røyking er ein måte å konservera fisken på,” sa røykaren, som villig vekk svara på spørsmål frå turistane. ”Fisken kan såleis halda seg 6 dagar utan at han vert skjemt.” Vi kjøpte med oss eit par røykte sildefiletar, som vi åt på ein rasteplass der sykkelvegen går gjennom det vakre landskapet Kleven nord for Klemensker. Også her hadde vi sykla tidlegare, men rett etter Kleven svinga vi av på ein annan sykkelveg, mot Allinge. Før Allinge kom vi gjennom eit typisk heilandskap med store einebuskar og røsslyng. Her måtte vi sykla over to ferister, for heilandskapet vert halde ved like av beitande sauer.
 
 

Klokka 6 om kvelden gjekk båten Ertsholm frå Allinge og til Simrishamn. Frå sjøen såg vi korleis svarte skyer trekte seg opp over Bornholm, og snart slo regnet ned. Sjøreisa over til Simrishamn var langt frå så triveleg som turen over til Bornholm hadde vore, og i Simrishamn var det surt og kaldt. På fortausrestaurantane var det tomt for folk, og alle hadde trekt inn i lokala, og der sette Turid og eg oss og. Vi kjøpte oss middag før vi sykla ut til campingplassen. No var det gode, stabile sommarveret over. På resten av turen opplevde vi mykje meir vekslande meteorologiske tilhøve.
 
 

Skåne, andre del

Det regna ikkje neste morgon då vi sykla nordover langs austkysten av Skåne. I fleire av småstadene langs vegen var det ymse slag galleri. Turid skulle innom dei fleste. Då vi kom til utstillinga av bileta som Gunilla Mann har måla, gjekk vi inn båe. Gunnhill Mann målar fargeglade bilete i naivistisk stil. Det er fullt av glade menneske på bileta, og det er ikkje rart at dei er så glade, for på bileta hennar er det mange som syklar. På internett kan du sjå og kjøpa litografiane hennar. Klikk her.  Du bør ta ein ekstra titt på biletet ”Cykelresan". 
 
 

 Sykkelruta   vår i Skåne. Klikk på kartet.

På hovudveg 9 langs kysten var det så stor trafikk at vi heller tok småvegar inne i landet. Ikkje lenge etterpå hadde eg mista retninga, og fordi det ikkje var vegskilt, og det heller ikkje var folk å få auga på, måtte eg stansa ein bil, som det sat venlege menneske i som kunne hjelpa oss. Vi kom fram til Brösarp, der campingplassen låg ved ein idrettsbane. Dei som jobba på campingplassen, var truleg friviljuge som gjorde ein dugnadsinnsats for idrettslaget. Det var ein veldig triveleg campingplass med gode dusjar og godt kjøken. Vi hadde spesialisert matlaginga vår på kokt fisk. Vi kokte frosenfisk effektivt og greitt i mikrobølgjeomnen. Dei fleste campingplassane i Sverige har kjøken med både vanleg omn og mikrobølgjeomn. Brösarp jernbanestasjon låg fleire kilometer utanfor småbyen. Kan henda var det at stasjonen låg så avsides, ein viktig grunn for at den flotte stasjonsbygningen låg der enno, for jernbanen eksisterer ikkje fullstendig. Som trafikkbane var banen nedlagd, men her er det no museumstog  med turisttrafikk. Like ved stasjonsbygningen stod det eit damplokomotiv oppfyrt. Turid og eg tok ein opplevingstur på jernbanen fram og attende til St. Olof. Det synte seg at damplokomotivet ikkje vart bruka. På grunn av brannfaren vart toget køyrt med eit enkelt diesellokomotiv. Det var vi vonbrotne over. Sjå lenka til Skånska järnvägar.
 
 

Skånska järnvägar i Brösarp.

Frå Brösarp og nordover måtte vi sykla eit stykke på den sterkt trafikkerte riksväg 19. Vi var glade då vi kunne svinga av og sykla inn mot Marlehem. Vidare kunne vi sykla langs kysten på småvegar og sykkelvegar heilt til byen Åhus. I Åhus hadde Turid eit trafikkuhell; ho kolliderte med ein syklist. Eg hadde sykla i førevegen, og Turid skulle ta meg att, dermed såg ho ikkje ein syklist som kom frå ein sykkelveg frå høgre. Turid datt over ende, og ho slo seg godt, men alt dette såg ikkje eg, for eg var som vanleg langt føre henne. Heldigvis hadde ho sårvæske og plaster i bagasjen. Ho var litt plaga med såret på kneet i fleire dagar, for når ho måtte krypa inn i teltet, slo ho såret ofte opp att. Neste dag i Åhus ville vi gå på museum, men sidan det ikkje opna før klokka 13, sykla vi vidare. Eg hadde nettopp fått tak i eit fint sykkelkart på turistkontoret. Vi greidde likevel å sykla feil ut av byen inntil vi fann fram til sykkelvegen til Kristianstad. 

Kristianstad vart grunnlagd av den danske kongen Christian den 4. Byen var ein festningsby som skulle forsvara Skåne mot svenskane. Dessverre for danskane måtte dei gje heile Skåne og også Kristianstad til svenskane, som førde tradisjonen som festningsby vidare. Litt ironisk verkar det at svenskane seinare bruka den danske festningsbyen til å forsvara seg mot danskane. Sjølv om det kunne vera trongt for folk innanfor festningsvollane, skulle Christian 4. likevel ha plass til ei kjempediger kyrkje. Kan henda er det den største kyrkja i Norden i renessansestil. Kristianstad var vendepunktet for sykkelturen vår i Skåne. No tok vi til å sykla attende mot Malmö.
 
 

Den heliga trefaldihetskyrkan i renessansestil i Kristianstad

 

Turid har skrive i dagboka si:

Tysdag, 19. juli 
Frå Kristianstad sykla vi på ein nedlagd jernbane. Vi såg på slott og kyrkje i Vittskövle. Der opplevde vi at vi måtte sykla i regn. Terje hadde ei lita punktering. Han skifta slange. I Degeberga var vi innom eit folkemuseum. Vi måtte sykla opp tunge bakkar, og eg greidde meg godt i oppoverbakkane, og eg gjekk ikkje av sykkelen.  Terje kalla denne  åsen  ein horst. I kraftig regn kom vi til Brösarp for andre gong.  Campingplassen ved idrettsbanen var like hyggjeleg som sist.

Onsdag 20. juli
Vi hadde ein kraftig motvind, og det var regn i lufta. Vinden var så sterk at eg ein gong vart tvinga til å gå av sykkelen. Via mange sidevegar nådde vi fram til Tomelilla.

Neste dag hadde vi litt vanskar med å finna vegen ut av Tomelilla. Vi kom ned i ein dal der det låg eit jernbanespor. Det var restane etter den banen som i si tid gjekk frå Tomelilla til Sjöbo. No vert ein del av banen bruka til dresinkøyring. Vi sykla gjennom ein vakker bøkeskog og forbi slotta Snogeholm og Sövdeborg. Slott og bøkeskogar er jo nett som i Danmark. Hadde det ikkje vore for fleire kilometer med grusveg på dei sidevegane vi sykla, hadde vi trudd at vi var i Danmark. 

I Sjöbo var det marknad. Det var tivoli, og frå bord med seglduk over vart det selt mange slags varer. Men det det var mest av, var menneske. I småbyen var det i følgje internett 150 000 menneske som hadde klumpa seg saman og ville oppleva marknadsstemninga. Folk hadde reist til småbyen frå fjern og nær og frå alle retningar. Stemninga var høg, og det var og harryfaktoren. 
 
 

Övedskloster

Vi var glade neste dag då vi kunne koma oss ut av menneskemylderet i Sjöbo. Mykje rolegare var det å sykla ut til Övedskloster. Det opphavlege klosteret var ombygd på 17-hundretalet. Kring den store plassen er slottet med to fløyer heilt symmetrisk oppbygt, og slottet skal vera eit av dei finaste frå 17-hundretalet i Sverige.  Frå Övedkloster følgde vi ei sykkelrute, der vi mista orienteringa. På kartet hadde eg problem med å finna stadene som vegskilta viste til. Tettstaden Askeröd var ikkje avmerka på kartet mitt. Langs vegane i Skåne er det som i Danmark; åkrar og beiteland går heilt inn til vegen på båe sider, og det kan vera vanskeleg å finna nokon stad der vi kan sitja og eta mat. I Askeröd kunne vi det, for sjølv om Askeröd var for liten til å stå på kartet, hadde tettstaden eit stort idrettsanlegg, og der såg vi benkar og bord. Likeve torde ikkje Turid å gå inn på anlegget, for ho såg eit skilt ved gjerdet: ”Rasting förbjuden”. Det ho ikkje visste, var at rasting på svensk har to tydingar. Det tyder rasting, men det tyder og å lufta hunden, og sidan det var eit bilete av ein hund med strek over, skjøna vi at her kunne vi ta ein rast og eta men ikkje lufta hunden. Turid spurde for å vera heilt sikker, vaktmeisteren på idrettsanlegget om vi kunne eta her, og ut frå det venlege svaret, forstod vi at det kunne vi så avgjort.
 
 

På heile turen budde vi i telt.

Landskapet i Skåne er flatt, og kan henda vil nokon seia litt kjedeleg å sykla gjennom. Avveksling fekk vi med å besøkja slott. Neste slott var Bosjökloster, som dette namnet syner, har dette slottet og opphavleg vore eit kloster. I kjellaren på slottet var det plassert figurar med nonnedrakt som sat kring eit bord. Ved slottet var det eit vakkert hageanlegg ned mot innsjøen Ringsjön. For å koma inn på slottet måtte vi betala rett dyre inngangspengar. Billettane synte at vi hadde løyst eit årskort for slottet. Ein nokså utspekulert framgangsmåte. Då vi spurde etter vegen vidare, fekk vi høyra at i staden for å køyra attende, kunne vi sykla gjennom slottshagen og koma ut på hovudvegen der. Eg var litt skeptisk til den forklaringa, for kunne vi koma ut av slottshagen ein annan stad, kunne og folk koma inn der utan å betala dei høge inngangspengane. Der hagen slutta, viste det seg at det var eit par veldig grove ferister, og Turid hadde og sett eit skilt med påskrift ”Skjuting pågår”. Slik kunne ein altså hindra gratisgjester på slottet. 
 
 

 Sykkelruta   vår i Skåne. Klikk på kartet.

Fram mot Lund komponerte vi vår eiga sykkelrute over sidevegar i det flate landskapet. Vinden kom frå sørvest, og det var nettopp den retninga vi sykla. Nærmare Lund var det bygd motorveg, og då tok vi sikte på å sykla på den opphavlege hovudvegen. Dermed hadde vi sykkelveg og ein brei bilveg nesten for oss sjølve. Vi måtte likevel dela vegen med motvinden. Gamle vegar følgjer ofte elvedalar og er meir i ly for vinden. Hovudvegen mot Lund var bygd rett fram på dei mest vindutsette høgdene. Vi sleit oss fram til Lund, som eg hadde vore i tidlegare på turen. ”Her ser du domkyrkja, Turid”, sa eg. Denne gongen fann eg sykkelvegen til Malmö utan problem. Eg køyrde ikkje feil, slik eg hadde gjort sist gong. Malmö er ein interessant by som har mykje å visa fram til turistane. Dessverre er Malmö komen nokså sterkt i skuggen av København. Dei fleste har vore i København, men kor mange har eigentleg vore i Malmö? Kring Lilla torget er det mange trivelege butikkar og mange fine bindingsverkshus. På Stortorget er bygningane meir monumentale. Her ligg rådhuset i renessansestil. I Malmö opplevde vi også historisk sporveg, for like ved Malmöhus festning er det lagt om lag ein kilometer med trikkespor. Den eigentlege trikken i Malmö vart lagd ned i 1973. 
 
 

Turid på Stortorget i Malmö. Museumstrikken framfor Malmöhus festning.

Så var dagen komen då Turid skulle ta toget til Kastrup og reisa heim. Eg hadde tenkt på den lange heimreisa eg hadde på sykkel. Kunne eg berre koma meg med eit tog nordover, så kunne eg korta inn sykkeldistansen med minst ein dag. Problemet er at i Sverige tek ikkje toga som køyrer i regi av SJ syklar. Derimot hadde eg fått vita at på lokaltog i Skåne, dei såkalla Pågatågen kunne ein ta med seg syklar utan problem, ein måtte berre syta for at ein hadde billett, og ein sykkel kosta halv pris av vanleg billett. På ein billett med Pågatog kunne eg koma heilt til Båstad, altså til siste stasjon i Skåne, og eg kunne spara meg for stigningane over Hallandsåsen. Det synte seg at Turid måtte betala like mykje over brua til Kastrup som eg betalte dei tolv mila til Båstad. Turid reiste først frå stasjonen i Malmö etter at eg hadde fått med meg nok svenske og norske pengar til å koma meg heim. ”Farvel Turid, takk for turen, ha ein god tur heim, hels til Sveinung og Kjartan. Eg ser deg heime den 4. august.”
 
 

Gjennom Västergötland

Toget som eg reiste med nord gjennom Skåne, var ikkje eit eigentleg Pågatog. Det var eit såkalla Øresundtog. På det toget kunne eg og få med sykkelen. Toget gjekk heilt til Göteborg, men eg hadde altså løyst billett til skånetariff og gjekk av i Båstad. Eg sykla vidare nordover gjennom Halland, til dels på dei same vegane eg hadde bruka på veg sørover. Frå Halmstad ville eg sykla ei beinare rute enn eg hadde sykla sørover. Utanfor den vesle byen Gullbrandstorp såg eg at sykkelvegen var lagt på ei tidlegare jernbanelinje. Jernbanelinja svinga austover, og det gjorde eg og, men fordi det ikkje fanst retningsskilt langs sykkelvegen, visste eg ikkje kvar eg var. Eg måtte spørja folk som kom syklande forbi. Eg nærma meg byen Herplinge. Til slutt kom eg ut i ei gate som, ikkje uventa heitte Järnvägsgatan. I Herplinge hadde eg vore då eg sykla sørover, og no var eg komen attende hit, heilt ufrivillig. Eg måtte ta fram kart, og finna småvegar som kunne føra meg vidare nordover til Falkenberg og Varberg. 

Nord for Varberg sykla eg innover i landet og kom fram til Allingsås og innsjøen Anten. Ved Anten går ein museumsbane, eit minne om den gamle Västgötabanen som knytte Göteborg til eit stort jordbruksområde mellom Vänern og Vättern. På Västgötaslettan låg det i si tid eit stort jernbanenett, og heile nettet var bygd med smalspor, og seier ein smalspor i Sverige, er det 891 mm ein tenkjer på. 891 millimeter tilsvarar tre svenske fot. Langs innsjøen Anten har entusiastar teke vare på 12 km av dette smalspornettet, og mellom stasjonane Anten, Kvarnabo og Gräfsnäs køyrer museumstog om sommaren. Då eg kom fram til stasjonen Anten, gjekk det nettopp eit tog frå stasjonen. Sjølvsagt var lokomotivet eit damplok. Eg kom i snakk med entusiastane som jobba på jernbanen, og det enda med at eg vart medlem av Anten-Gräfsnäs-Järnväg.  På stasjonsområdet ved Anten fekk eg slå opp telt. Eg møtte mange hyggjelege menneske, og eg snakka oppglødd om det store jernbanenettet som hadde vore i Sverige. Nesten over alt ser ein spor etter tidlegare jernbanar. Eg fortalde til og med om den gamle traseen ved Halmstad som hadde ført meg fram til Herplinge. Mannen eg fortalde det til, hadde arbeidd ved Halmstad stasjon i 60-åra, og ved Herplinge kjende han ikkje til nokon jernbane. Ei veke seinare då eg kom heim, fann eg løysinga på mysteriet. På internett fann eg at nordvest for Halmstad var Västkustbanan lagd om. Det var altså traseen etter den opphavlege banen mellom Göteborg og Malmö eg hadde sykla på. Om kvelden i Anten vart eg synt ikring på anlegget av to ivrige medlemer av foreininga. Vi gjekk gjennom lokstall, vognremise og stasjonsbygning og såg på damplok, diesellok og motorvogner. Dei to omvisarane, som eg dessverre ikkje hugsar namnet på, fotograferte eg framfor motorvogna ”Gullhönan”, som skein i nylakkert treverk. Det var eit prektig stykke renoveringsarbeid som var utført. 
 
 

Den nyrestaurerte motorvogna Gullhönan.

Neste dag reiste eg med tog dei tolv kilometerane med banen fram til Gräfsnäs. Sykkelen hadde eg med. På Gräfsnäs stasjon har foreininga bygd ei skikkeleg vendeskive, slik at loket kunne vendast før det køyrde attende. Om bord på toget hadde konduktøren sagt at dei hadde bruk for sterke barn som kunne vera med å snu loket. Alle ungane melde seg frivillig. 
 

Tog ved Gräfsnäs stasjon Gräfsnäs stasjon har til og med vendeskive

Eg tok hovudvegen mot Vänersborg. Veret var godt overskya, og det bles ein sterk austavind. Alle teikn tyda på at det kom til å regna snart. Austavinden hjelpte meg framover, og kilometrane gjekk raskt unna. I Vänersborg tenkte eg: ”No et eg middag på ein restaurant, så syklar eg vidare til eg finn ein god stad å telta i skogen vest for Vänersborg.” Då eg kom ut frå restauranten, gjekk det ikkje som eg hadde tenkt, for regnet slo ned. Eg måtte ta på meg alt eg hadde av regnklede, og innsåg at det beste eg kunne gjera, var å sykla til campingplassen i Vänersborg. Som på alle svenske campingplassar måtte eg betala full pris for eitt telt, slik at det vart ei våt og dyr natt. Det som var det kjekke, var at eg møtte eit hyggjelege par på campingplassen. Det var tursyklistar som hadde vore på mange interessante sykkelturar. I fjor hadde dei hatt ein lang sykkeltur i Noreg, og året før hadde dei til og med vore på sykkeltur på Island. Interessant var det å utveksla røynsler frå sykkelturar. Irmela og Ulrik, som sykkelparet heitte, hadde og mange gode idear om korleis ein kunne pakka ned proviant som ikkje krev mykje av vekt og volum. Slik hadde dei altså overlevd på Island, der det er langt mellom butikkane. Om kvelden, medan bølgjene slo inn frå Vänern og regnet fossa ned, ringde eg heim og spurde korleis Turid hadde det. Då fekk eg høyra at heime skein sola, og det var fint sommarleg kveldsver. ”Ja, no skal eg gå og leggja meg i eit vått telt,” kunne eg seia.

Neste dag i lett regn sykla eg vidare nordvestover på småvegar gjennom vide skogar. Langs vegen dukka det opp ein og annan gard. Medan eg sykla av garde, kom eg på at eg nesten ikkje hadde meir mat, og ville eg koma forbi ein butikk i desse traktene? Eg fann ut at i staden for å sykla rett mot Kornsjø og grensa, ville det vera lurt å sykla innom Ed, slik at eg kunne proviantera skikkeleg. I Ed var det mange nordmenn som hadde reist til Sverige for å handla billeg. Ein innbyggjar i Ed sa til og med at det budde mange nordmenn i Ed som pendla til arbeid i Noreg. Det er billegare med hus og mat i Sverige. Eg tenkte med meg at prisen for å telta på campingplassar som einsam syklist i alle fall ikkje er billeg, det er han forresten ikkje i Noreg heller, men der er det lettare å pruta ned prisen. Eg sykla vidare mot grensa, og ved Kornsjöen/Kornsjøen slo eg opp teltet på svensk side og såg rett over til Noreg på den andre sida av vatnet.

Då eg sykla over grensa ved Kornsjø, vil det vel ikkje overraska deg at eg fekk skiltet, som synte riksgrense til Noreg, på høgre side av vegen. På baksida av skiltet stod det Riksgränse Sverige. Eg sykla ned til Halden. Ved eit bord på ein leikeplass åt eg middag med dei siste svenske råvarene: Köttbullar, potatissallad, morötter och cider. Tursyklistar er eit mangesidig folkeferd. Medan eg sat der, kom det ein syklist med stor oppakning forbi. I eit band heldt han ein liten hund som trippa tolmodig ved sida av han. Like etterpå kom kona hans og syklande, ho og hadde ein liten hund i band. Det var første gongen eg hadde sett ein slik måte å ha sykkeltur på saman med den firbeinte delen av familien. Eg trur nok det var triveleg.

Frå Halden tok eg tog til Bergen. Eg hadde skaffa meg billett på førehand via internett, men eg fekk oppleva hjelpeløysa til NSB når det galdt å organisera ei reise for nokon som vil ha sykkel med seg på toget. Sjølv om ruteplanane synte at ein kunne ta med seg sykkel på alle tog på Bergensbanen, så var det tilbodet trekt attende heilt utan varsel. Det einaste tilbodet til å ta med seg sykkel på Bergensbanen, var med det såkalla sykkeltoget. Problemet var at det toget gjekk så tidleg frå Oslo at det ikkje var korrespondanse med tog frå Halden. Alt før eg reiste heimanfrå, hadde eg fått ein tilsett på stasjonen i Bergen til å skaffa meg ein sykkelbillett til sykkeltoget, men på baksida av billetten hadde han skrive at konduktøren måtte vera venleg å ta sykkelen med på det vanlege dagtoget. Denne meldinga var og supplert med eit stempel. Eg var veldig nervøs for korleis det ville gå med sykkelen på toget til Bergen. Heldigvis gjekk alt bra. Sykkelen fekk eg med meg utan problem. Det dumme er at når ein skal reisa med toget, så må ein ha ei vond kjensle på førehand fordi ein ikkje veit korleis reisa vil arta seg når ein har med sykkel. Likevel er det tilbodet NSB har for syklistar betre enn det tilbodet SJ har i Sverige (2005).

Eg kom fram til Bergen samstundes med Nordsteamfestivalen. Det er eit arrangement med gamle dampbåtar, slike som i si tid trafikkerte fjordar og sund på Vestlandet. Mange veteranskip kom dampande inn på Vågen i Bergen. Her kom dampbåten ”Stord”, som no var bygd opp att etter ein øydeleggjande brann på slutten av 80-åra. Nokre meir moderne fartøy var det og rom for. Ein god representant for båtane langs vestlandskysten frå 60-åra, er ferja Skånevik. Den ferja har opp gjennom tidene frakta meg og sykkelen over mange fjordar. No står ferja på riksantikvaren si verneliste. Fordi eg starta sykkelturen min i Skånevik, høver det godt å slutta sykkelforteljinga her med eit bilete av ferja Skånevik.
 
 

Foto: Per Gjelsvik

 
 
 
 Heimeside