Klikk på kartet, så får du det større.
Kartet viser den nye  tunnelen mellom Stord og Sveio. Sykkelturen må gå over Bømlo i framtida og vert 30 km lenger. Det har vore stor motstand mot tunnelen lokalt, for på Stord går vegen fram til tunnelen gjennom eit verneverdig landskap, biltrafikken kjem til å auka, og det vert stor handelslekkasje frå Stord og  Bømlo til Haugesund. Alt no, før tunnelen er opna, betaler bilistane bompengar for tunnelen på ferjene. Slik vert dårlege vegprosjekt lønsame. 
 


Nordsjøsykkelruta
 


Samfunnstoppar i Rogaland ville gjera alt for å auka trafikken i dei undersjøiske tunnelane som går under namnet Rennfast. Ferja mellom Skudeneshavn og Mækjarvik skulle gå mellom Skudeneshavn og Rennesøy, slik at bilistane vart tvinga inn på rennfasttunnelane. Folk protesterte, og ferjestrekninga vart førd attende  til Skudenes-Mækjarvik. Samfunnstoppane kravde at dei reisande skulle betala bompengar for Rennfast i tillegg til ferjebillett, sjølv om dei ikkje bruka tunnelane. I 1998 vart takstsystemet i Rennfast lagt om slik at berre bilar og ikkje passasjerar skulle betala bompengar. No betaler passasjerar (inkl. syklistar)  normal ferjetakst mellom Skudeneshavn og Mækjarvik. For bilar betaler bilstar i tillegg til ferjebillett framleis bompengar til Rennfast. Her ser ein kor lett sterke folk kan få stortinget eller fylkestinget til å vedta særlover som tvingar folk til å betala for tenester dei ikkje brukar. 
 


Sidebanen Gandal-Ålgård vart opna i 1924. I si tid gjekk det persontog direkte frå Sandnes til Ålgård, men alt i 1955 vart persontrafikken på sidebanen lagd ned.Heile banen var open for godstrafikk til 1988. Det er framleis litt godstrafikk på ein del av banen. Mellom Figgjo og Ålgård er jernbanetraseen gjort om til sykkelveg. 
 


I samband med at Jærbanen vart spora om frå smalspor til normalspor, og det vart samanhengande jernbanesamband mellom Stavanger og Oslo, vart vanskelege parti på Jærbanen retta ut. Traseen mellom Brusand og Ogna vart lagd om i 1947. Den gamle traseen er skilta for Nordsjøsykkelruta. 
 
 

 To tyske tursyklistar skriv følgjande om ferjesambandet Kristiansand-Hirtshals og Colorline: 
Die Color Line-Verbindung nach Hirtshals hat uns (2 Pers. & Tandem incl. Anhänger) "schlappe" DM 260.-!!!! gekostet. 
Die Stena Line auf dem Rückweg (Göteborg-Frederikshavn) will gerade mal DM 65.- von uns haben. 
Ein beträchtlicher Unterschied ... so finden wir. 

Om du vil lesa heile sykkelforteljinga deira, klikk  her
 

I 1993 reiste den nederlandske tursyklisten Minko Oh med ferja frå Hanstholm til Bergen. Også han vart avvist, fordi båten skulle vera full. Slik skriv han i sykkelrapporten sin: 

Sunday 1 August 
 In Hanstholm I find that the 15.30 boat to Bergen is booked out. I see that the next boat doesn't leave until 
Tuesday evening, this means that I can spend another two and a half days having a look around Denmark. Route 1, a cycle path along the Danish coast, seems to be a pleasant bonus. 

Om du vil lesa heile fortelinga hans, kan du klikka  her.
 


Bok som viser koselege og bilfrie teltplassar utanom campingplassar. 
Du kan lesa meir om desse leirplassane  her.


Klikk på kartet, så får du ein større versjon

Bulbjerg med utsyn over eit stormfullt Skagerak
Bulbjerg, sykkel og eit ruskete Skagerak. Om du vil lesa meir om sykkelen, klikk  her


Den nedlagde jernbanen  eg kom inn på rett vest for Aars, var ein sidebane som gjekk mellom Aars og Hvalpsund ved Limfjorden. Aars var i si tid eit imponerande jernbaneknutepunkt. Banar førde i alle retningar, mot nordaust til Aalborg, mot nordvest til Løgstør, mot sørvest til Hvalpsund, og frå tettstaden Aalestrup, nokre kilometer sør for Aars, greina det ut banar både mot Hobro og Viborg. Persontrafikken på banane i Aars vart innstilt i slutten av 60-åra. Det er ikkje mykje som vitnar om stordomstida til Aars som jernbanesentrum. I dag ligg det eit ruste jernbanespor gjennom byen. Godsbanen Viborg-Aars-Løgstør er sjeldan i bruk. 
 

På slutten av istida eroderte smeltevatnet i lausmassane under isen. Smeltevatnet rann i tunnelar under isen. Dei tydelege dalane i det danske landskapet vert kalla tunneldalar. 
 

I Danmark vert bokstaven å skriven på same måten som i Noreg og Sverige. Mange danskar har hatt tungt for å akseptera rettskrivinga med å  istadenfor aa. Skrivemåten av stadnamn kan lokale styresmakter avgjera, og tendensen er no å ta vare på oldefarstradisjonen og skriva stadnamn med aa. Byen Århus  har valt å, slik det skal vera  i den allminnelege rettskrivinga. Det merkelege er at danskane brukar å i vanleg skrivearbeid, men nesten alle stadnamn vert skrivne med aa
 
 


Kyststien rett vest for Gilleleje. 


 


Den første punkteringa på turen. Vi er rett vest for Tisvildeleje. 
 
 


Vi syklar gjennom det idylliske Kikhavn. 
 
 


Kart over Frederiksværk og Arresø. 
Klikk på kartet, så får du det større. 
 
 


Rett før Hillerød viste det seg at vi sykla på den gamle traseen etter privatbanen Hillerød-Frederiksværk-Hundested. Korleis kunne det henga saman? Frederiksværkbanen eksisterer den dag i dag, i beste velgåande. Vi kjem her inn på eit spesielt fenomen i dansk jernbanehistorie, nemleg Den midtsjællandske jernbane, som skulle føra persontrafikken snøgt mellom Skandinavia og Tyskland utanom København. Denne banen vart nedlagd før han vart opna. På traseen mellom Hillerød og Frederikssund vart det aldri lagt skinner, og ein del av denne traseen kunne Frederiksværkbanen ta over. Den gamle traseen til Frederiksværkbanen var det vi følgde inn til Hillerød. 
 


To syklistar framfor Hillerød slott. 
 


Den noverande forstadsbanen Jægersborg-Nærum gjekk opphaveleg heilt til Vedbæk stasjon på Kystbanen. Uvisst av kva grunn vart banen kalla grisen. Mellom Vedbæk og Nærum er banen lagd ned, og traseen er gjort om til sykkelveg. 

Ved endestasjonen i Nærum 

Susanne og Ole Jacoby har fortalt om sykkelturen sin på Hebridane på internett. Du finn forteljinga deira  her.
 
 


Kart over området mellom Tange Sø og Viborg. Den blå streken er lokal sykkelrute nr. 16. Klikk på kartet, så får du det større. 
 
 


På den nedlagde jernbanen mellom Skive og Glyngøre 
 
 


Sykkelfiendleg saksebom i Danmark 
 


Fleire gonger har eg omtala sykkelstiar på tidlegare jernbanelinjer. Her er ei lenke til eit oversyn over sykkelstiar på nedlagde jernbanar i Danmark.
 
 
 


Nordsjøsykkelruta
 


Siste sommaren med ferjer på Skjersholmane på Stord. 
 

 Heimeside
 

epost til: temelhei@online.no


 

SYKKELTUR STORD-SJÆLLAND

Terje Melheim
 

Del ein: Sykkel Stord-Helsingør

Skal ein sykla frå øy til øy, er det naturleg å bruka skip eller ferje. I år var siste gongen eg kunne sykla frå øya Stord i retning sørover og koma på ein grei og billeg måte over fjorden ved hjelp av ei ferje. Neste sommar er tunnelen under Bømlafjorden ferdig, og det vert mykje vanskelegare å ta seg fram på sykkel. Ferja heilt sør på Bømlo, frå Langevåg til Buavåg skal framleis køyra etter at det såkalla Trekantsambandet er ferdig. For å koma frå Stord til fastlandet i Sveio må eg i framtida sykla om Bømlo og Langevåg, det er ein omveg på 30 km. 

I år tok eg altså ferja over til Valevåg i Sveio. Vegen vidare sørover er svært bra for syklistar. Rett sør for Valevåg sykla eg på den gamle vegen, som er skilta for syklistar. Rettnok manglar det nokre kilometer med sykkelveg rett nord for Førde, men det er nesten samanhengande sykkelveg til Haugesund. Ved fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland, som og er bygrense for Haugesund, sykla eg i vegen, for eg visste om at det i botnen av ein bakke er ein veldig vanskeleg undergang for syklistar. Det var mykje betre å sykla i vegen og utnytta farten frå nedoverbakken til å meistra neste oppoverbakke. 

I Haugesund svinga eg av frå E 39, slik at eg sykla i gågata (Haraldsgata) gjennom bysentrum. Ut av byen på sørsida følgde eg Salhusvegen, som var den gamle hovudvegen inn til byen frå sør. Salhusvegen førde meg fram til Karmsundbrua. Etter vegskilta skulle eg ha sykla ut i E 39 eit godt stykke før brua, men eg visste at ein kunne koma gjennom og ut på E 39 like før brua. Eg hamna inne på ei lagertomt for containarar og lastebilar. Eit gjerde skilde tomta frå vegen bort til brua, men en liten sti viste veg forbi gjerdet. Så stod eg framfor Karmsundbrua, eit byggverk frå 50-åra, som ikkje er bygd med tanke for trafikkdifferensiering mellom syklistar og bilar. Brua har eit smalt fortau på kvar side. Eg sette sykkelen i det lågaste giret og sykla opp stigninga på brua, oppe på det smale fortauet. Det gjekk svært fint, men i sterk vind kunne det ha vore meir hasardiøst. 

På Karmøya er det sykkelveg langs hovudvegen fram til Kopervik. Nokre stader må ein kryssa vegen ved hjelp av undergangar, og ein stad køyrde eg feil fordi det mangla retningsskilt. Frå Koppervik til Skudeneshavn ville eg ikkje sykla den rolege vegen på austsida av Karmøya, for den har eg sykla så ofte før. Eg tok vegen om Åkrahamn, ein veg som før hadde rykte på seg å vera ein veg med mange trafikkulykker.  Det gjekk bra å sykla her fordi det er sykkelveg mesteparten av strekninga fram til Skudeneshavn. Her fekk eg og auga på dei nye sykkelskilta for Nordsjøvegen, som er ei merka internasjonal sykkelrute som skal følgja kysten Nordsjøen rundt. Desse skilta følgde eg fram til dei vakre, kvite trehusa i Skudeneshavn. 

Mellom Skudeneshavn og Mækjarvik går det ferje berre fire gonger for dagen. Eg er svært glad for at denne ferjestrekninga eksisterer i heile teke. For nokre år sidan prøvde bru- og tunnelbyggjarane i Rogaland å endra retninga på denne ferjestrekninga, slik at trafikken skulle gå gjennom tunnelane mellom Rennesøy og fastlandet. Ferja til Mækjarvik tek ein time. På Stavangersida av Boknafjorden hadde eg litt vanskar med å finna rett veg ved garden Grødem. Der måtte eg til og med gå over åkeren for å koma fram til sidevegen som skulle føra meg fram til Stavanger. Då eg først var komen ut på sidevegen ved Grødem, fann eg lett vegen til Stavanger sentrum, for vegen er merka med retningsskilt for syklistar. (Kan eg senda ein takk til SLF-Rogaland?) Det einaste dumme var at det er nokså høg kanststein kvar gong ein skal frå veg og inn på sykkelveg.. Sykkelruta førde meg fram til koselege gater mellom dei gamle trehusa i sentrum. Det var gamaldagse grove brusteinar i gatene, men det fekk eg tola sjølv om det rista godt i sykkel og bagasje. Brustein høyrer til i slike omgjevnader. Vegane fram til Sandnes er og godt merka for syklistar. Etter kvart er det vorte så mange vegar mellom Stavanger og Sandnes at for ein som ikkje er lokalkjend, verkar det svært forvirrande. På grunn av den gode merkinga for syklistar, gjekk det heilt fint å finna fram. I Sandnes møtte eg den første tursyklisten på turen min. Han skulle sykla fram til Egersund same natt og skulle til Tyskland. Sjølv om eg og skulle til Egersund, slo eg  ikkje følgje, for eg ville no finna meg ein plass å slå opp teltet. Eg hadde alt sykla over 10 mil. Den framande syklisten hadde nettopp starta sykkelturen sin i Stavanger og var utkvilt for ein tur på 80 km. 

Eg visste om ein god stad å slå opp teltet mitt. Frå Sandnes kunne eg følgja ein merka sykkelveg i retning mot Ålgård. Før Ålgård, på austsida av Bråsandvatnet er det ei grusflate med furetre der det er heilt ypperleg for syklistar å slå opp telt for ei natt. Neste morgon var det litt regn i lufta. På ein tidlegare jernbanetrasé, som no er sykkelveg, vart eg teken att av eit sykkelfølgje rett før Ålgård.. Dei skulle sykla til Larvik eller Tønsberg og hadde tenkt å sykla over Suleskaret. Det såg ut som dei nettopp hadde starta, for dei sykla på med stor fart. Snart såg eg ikkje meir til dei. Eg følgde mi eiga sykkelrute fram til kysten. I brosjyren "Grønne hjul over Jæren" såg eg at det var vist ein veg på sørsida av Edlandsvatnet ved Ålgård. Den ville eg ta, for der hadde eg aldri sykla før. Det byrja fint med asfaltveg, så vart det grusveg og til slutt berre mark. Eg hadde nok sykla feil, for ved ein gard hadde eg sett eit stort skilt med privat veg. Eg tenkte då at vegen eg skulle ta, gjekk gjennom ei grind og vidare rett fram til vegen som går til Undheim. Til slutt stod eg langt ute på ei beitemark. Vegen eg skulle fram til, såg eg eit stykke borte, men bort dit var det eit par gjerde som eg måtte over. I Rogaland ser det ut til at bøndene set eigedomsretten høgt, for alle gjerda var utstyrte med piggtråd. Når eg tok av bagasjen, greidde eg så vidt å løfta sykkelen over gjerda. Forbi beitande kyr og redde sauer kom eg meg fram til vegen til Undheim, og frå Undheim sykla eg ned til kysten ved Brusand. Her møtte eg att Nordsjøsykkelruta. Ved Brusand er Nordsjøsykkelruta skilta langs ein gamal jernbanetrasé, men eg hadde etter kvart fått dårleg tid, så eg tok hovudvegen. Eg tok heller ikkje "Den vestlandske hovudveg", som er eit gamalt veganlegg som Nordjøruta følgjer, for det var freistande å berre ta hovudvegen til Egersund. Eg hadde så god medvind frå nordvest. Ved Ogna var det sykkelveg som eg følgde nesten fram til Sirevåg. Eg heldt på å sykla ned i ein undergang under vegen, men før eg gjorde det, såg eg at sykkelvegen slutta rett etterpå. Undergangen for syklistar skulle berre tena til å få syklistar over på rett side av vegen. Eg kjenner til dei bratte rampane på norske sykkelvegar, så eg kryssa heller vegen på overflata. 

Eg kom fram til Egersund klokka 14, og båten til Hanstholm skulle gå klokka 16. Eg reiste over frå Egersund, sjølv om eg opphaveleg leika med tanken å ta ein ekstra sykkeltur gjennom Aust-Agder og ta båten over til Danmark frå Kristiansand. Ein viktig grunn til at eg ikkje gjorde det, var prisen på ferja mellom Kristiansand og Hirtshals. Der kravde ferjeselskapet Colorline 100 kr for at folk sette frå seg ein sykkel på bildekket. I ei sykkelforteljing på internett gjev og to tyske syklistar uttrykk for uforskamma dyre prisar på Colorline. Trass i at ferjestrekninga mellom Egersund og Hanstholm er nesten dobbelt så lang som mellom Kristiansand og Hirtshals, vert det billegare for ein passasjer+sykkel på Egersund-Hanstholm, der ein betaler ein anstendig pris på 35 kr for sykkelen. 

No har eg alt fortalt om to ferjestrekningar der ærgjerrige bru- og tunnelbyggjarar gjer livet surt for syklistar. Mellom Egersund og Hanstholm skulle alt gå greit, rekna eg med. Då eg kjøpte billett, fekk eg vita at alt var fullt. Dette var ein alvorleg strek i rekninga. Kva gjorde eg no? Eg forhøyrde meg kva det vil seia at båten var full. Var det for mange passasjerar i høve til bergingsutstyr og passasjersertifikat? Nei, det var ikkje slik, det var ikkje plass nok på bildekket. Sjølv om eg berre hadde sykkel, måtte eg likevel stå på ei venteliste for å koma med, og eg skulle få vera med dersom mannskapet meinte at det til slutt likevel var nok plass for ein sykkel. Høyrest det ikkje dumt ut? Eigentleg var eg steik forbanna. Då dei andre syklistane gjekk ombord, før alle bilane, gjekk eg berre med dei, eg viste billetten, men ikkje lappen om at eg stod på venteliste. (Dei siste skal bli dei første.) 

Dei andre syklistane som skulle til Danmark, var to familiar. Dei hadde kjøpt to bilpakkar på ferja, for det var billegare enn einskildbillettar og like mange sykkelbillettar. Dei fortalde at det hadde vore treigt å få billettseljaren til å gå med på at sykkelfamiliar kunne kjøpa bilpakkar. I telefonen, medan teljarstega raste av garde på 815-nummeret, måtte det god argumentering til før selskapet Fjordline gjekk med på bilpakke for syklistar. Familiane, som kom frå Nærbø, hadde ikkje sykla til Egersund. Dei ville først reisa med toget, men for å ta sykkel med på mellomdistansetog, må ein betala vaksen billett, maksimum kr 40. Det endte med at dei køyrde bil til Egersund med folk og syklar. Ein av dei køyrde så heim til Nærbø med bilen og tok toget åleine til Egersund. Her ser ein eit godt eksempel på at jernbanen, som i utgangspunktet er miljøvenleg, skremmer syklistar bort. Anten er det fordi NSB manglar miljøtankegang eller så er det fordi syklistar ikkje er ei ønska kundegruppe for NSB, som vil gje inntrykk av tom eksklusivitet. 

Fordi båten var forseinka til Egersund, vart vi og forseinka til Hanstholm. Eg hugsar for 2 års sidan (1998) då Turid og eg skulle på ein liten sykkeltur i Danmark. Eg spurde på båten kvar ein skulle sykla ut frå Hanstholm. I resepsjonen på båten m/s Bergen hadde dei knapt peiling på at det var noko som heitte sykkel. Vi endte opp med å sykla på hovudvegen ut av Hanstholm. Det trass i at dei to danske nasjonale sykkelrutene 1 og 2 går innom Hanstholm. I år (2000) visste eg altså betre. No sykla eg opp ein bratt bakke frå hamna og kom inn på vegen som var merka med sykkelrute 2.  Målet for syklinga mi var ein leirplass i skogen om lag 10 km frå Hanstholm. I Danmark gjev ein ut eit eige hefte med små private leirplassar, anten i private hagar, på bondegardar eller i skogen. No sykla eg fram mot den næraste leirplassen frå Hanstholm, ein leirplass i ein skogsplantasje søraust for byen. Det var seint på natta, eg trur klokka var eitt, og det var stummande mørkt. Etter kvart vande augo mine seg til mørkret, og eg skimta vegen framfor meg. Eg er glad for at vegane er så gode som dei er i Danmark. Hadde det vore eit hol i asfalten, hadde eg øydlagt felgane mine. Eg hadde ein fantastisk nordvestleg vind som gav meg ein utruleg fart. Sidan eg hadde overnatta på denne leirplassen for to år sidan, visste eg nøyaktig kvar eg skulle sykla i mørkret. Endeleg kom eg fram til skogen, gjekk forbi ein bom, og der til høgre såg eg ei grasslette som eg visste var leirplassen. Eg fann meg ein plass i le av nokre tre, og om natta høyrde eg godt korleis vinden ulte i skogen. 

Neste dag var vinden like sterk. Eg fekk ein flott medvind medan eg følgde sykkelrute 1 nordaustover. I tilleg til skilt langs sykkelruta hadde eg og eit kart til å orientera meg etter. På amtskarta i målestokk 1:100 000 er sykkelrutene teikna inn. Dersom kartet viste grov grusveg, som eg tykte det var vanskeleg å sykla på med dei tynne (28 mm)  dekka mine, kunne eg sjå på kartet om det gjekk ein asfaltveg langs sykkelruta. Eg hadde skaffa meg eit sykkelkart over Viborg amt. Det viste alle småvegar og om det var fast dekke eller grus. På kartet kunne eg sjå om det gjekk sykkelsti langs hovudvegane. Eg kunne altså komponera min eigen sykkeltur langs landlege småvegar. I Danmark er det mykje tryggare å bruka sykkelsti enn det er i Noreg. For det første er sykkelstiane breiare og betre vedlikehaldne og for det andre har syklistar på sykkelsti forkøyrsrett framfor bilistar som kryssar sykkelstien. Det er altså ikkje som i Noreg, der trafikkreglane er slik at ein syklist kan verta køyrd ned av bilistar som brått finn på å svinga inn over sykkelstien. I nytt land er det viktig å nærma seg den lokale kulturen. Eg gjekk over frå fårepølse til spegepølse, og istadenfor raudsprit bruka eg husholdningssprit til spritkokaren min. Dansk hushaldningssprit er ikkje tilsett raudt fargestoff,  prisen er nesten det halve samanlikna med norsk raudsprit og hushaldningssprit finn du blant reingjeringsmidla i større matvarebutikkar. 

Eg sykla nordaustover i Danmark i feiande medvind. Turen gjekk gjennom Hjardemål klitplantage. Som det går fram av namnet plantasje, er skogane langs kysten planta. Det har ein gjort for å hindra sandflukt. Eg kom fram til Bulbjerg, som ligg høgt over stranda, med eit flott utsyn over Skagerak. Då eg var der, bles det så hardt at eg berre så vidt kunne stå på beina. Vidare søraustover komponerte eg mi eiga sykkelrute på små sidevegar, eg sykla over Limfjorden ved Aggersund og svingte vestover mot Løgstør. Her fekk eg vinden rett i mot og kunne konstatera kor hardt det hadde vore om sykkelturen min hadde gått vestover. Løgstør er ein liten, koseleg by ved Limfjorden der Limfjordmuseet er verd eit besøk. Via sidevegar sykla eg så mot Aars. Ved Havbro kom eg inn på ei lokal sykkelrute, og den sykkelruta førde meg inn på ei nedlagd jernbanelinje inn til Aars. Nedlagde jernbanelinjer som er lagde til rette for sykling er veldig koselege å sykla på. Eg er fri frå biltrafikken, det er minimale stigningar og eg kan sjå etter jernbanehistoriske ting. Denne kvelden kunne det høva å finna ein teltplass i Hobro. Boka "Overnatning i det fri" viste til ein privat teltplass på ein bondegard rett utanfor Hobro. Der vart eg teken vel imot av ein hyggjeleg bonde. Seinare på kvelden kom det eit syklande ektepar frå Færøyane. Dei låg og i telt. Dei var veldig oppglødde over kor fint det var å sykla i Danmark. Sjølvsagt spurde eg korleis det var å sykla på Færøyane. Det meinte dei ikkje var så bra. Dei meinte det var for stor trafikk på vegane, for mange bakkar og tunnelar og for ustadig ver. Eg sa det minte om å sykla i Noreg, så på Færøyane kunne eg godt tenkja meg å ta ein sykkeltur i framtida. 

Byen Hobro vert karakterisert med eit uttrykk "Haa do wot i Hobrow?" No har eg altså vore i Hobro og også i Fyrkat, som er eit forhistorisk borganlegg like ved Hobro. Det stammar truleg frå Harald Blåtanns tid, og eit så stort borganlegg heng truleg saman med samlinga av det danske riket. Borga ligg ved ei samferdsleåre, nemleg i ein tunneldal som utgjer eit framhald av fjorden inn til Hobro. Dei flate tunneldalane vart seinare bruka til å føra fram jernbanane i Danmark, så det er ikkje overraskande å sjå moderne togsett av typen IC 3 ikkje så langt unna den forhistoriske borga Fyrkat. 

Hovudvegen vidare sørover følgjer ikkje tunneldalane. Både den nye motorvegen og den gamle hovudvegen går bakke opp og bakke ned. Trass i ny motorveg var trafikken på den gamle hovudvegen  nokså sjenerande, så eg fann meg sidevegar som førde fram til Randers. I Randers spurde eg på turistkontoret etter merka sykkelrute til Århus. Den følgde eg vidare. Slike sidevegar er hyggjelege å sykla på, ein ser mykje, men dei er lengre enn hovudvegen. Eg hadde inntrykk av at avstanden til Århus ikkje vart mindre same kor hardt eg sykla. Eg hadde ein avtale i Århus. Klokka 16 skulle eg treffa ein jernbaneentusiast frå Hamburg utanfor Århus hovedbanegård. Tida gjekk, og eg syntest det gjekk så sakte med å få ned kilometrane fram til Århus. Eg kom meg no fram, og var ved stasjonen ti over fire. På ein restaurant hadde vi ei hyggjeleg stund medan vi åt middag og snakka om ting som interesserte oss. Så var det tid for den tyske vennen min å gå attende til jernbanestasjonen, og eg sykla ned til hamna for ta katamaranferje over til Sjælland. 

Etter at Storebæltssbrua vart opna, er det ikkje så mange direkte båtsamband mellom Jylland og Sjælland. I tillegg til ordinær ferje mellom Århus og Kalundborg går det katamaranferjer frå Århus og Ebeltoft til Sjællands Odde. Heldigvis at det finst desse båtsambanda, som tok meg raskt og utan omveg over til Sjælland. Storebæltsbrua hadde vore ein stor omveg, og dessutan ser det ut til at danskane har teke etter den norske restriktive trafikkpolitikken mot syklistar. I det sykkelvenlege Danmark er Storebæltsbrua stengd for sylistar. Sjællands Odde er ein istidsavsetnad som strekkjer seg som ein tynn hale 15 km vestover frå  Sjælland "mainland". I den gode medvinden frå vest sykla eg fram til ein skogsleirplass ved Lumsås. Neste dag tok eg endå ei ferje, denne gongen over Isefjorden mellom Rørvig og Hundested i Nordsjælland. Då eg kom fram til Frederiksværk, kom dei første opplevingane min med regn i Danmark. Like vest for Helsingør fann eg meg ein skogsleirplass. Neste dag sykla eg inn til Helsingør, og eg var no komen til eit viktig punkt på sykkelturen min. Her skulle eg møta Turid og Kjartan som kom med fly heimanfrå. Vi skulle så sykla i ei veke på Nordsjælland. Medan eg venta på at dei skulle koma med tog frå Kastrup lufthamn, oppsøkte eg sykkelbutikken og leigde to syklar. Prisen var 400 DDK pr sykkel for 6 dagar. 400 DDK er nesten det det vi måtte ha betalt for å ta syklar med på fly (SAS: 200 NOK pr. sykkel kvar veg) 
 

Del to: Sykkeltur på Nordsjælland

Berre nokre veker før sykkelturen vår på Sjælland var Øresundbrua opna, og all jernbanetrafikk med ferja mellom Helsingør og Helsingborg var innstilt. Det var likevel stor trafikk over sundet ved Helsingør og Helsingborg. Øl er litt billegare å kjøpa i Danmark enn i Sverige, så det var mange svenskar som kom trillande på ølkasser gjennom Helsingør. Då Turid og Kjartan kom, hadde det byrja å regna noko forferdeleg. I Bergen var det strålande solskinn, kunne dei fortelja.Vi henta syklane for å koma oss av garde. Vi tok på oss godt med regnklede, og høljande regn sykla vi, bøygde over sykkelstyra ut av Helsingør i nord. Til høgre i regnet kunne vi så vidt skimta Kronborg slott. Vi skulle følgja sykkelruta Kyststien langs nordkysten av Sjælland. Vi følgde skilta vekk frå hovudvegen og inn på rolege skogsstiar. Det viste seg at det ikkje var så hyggjeleg å sykla her. Regnet hadde gjort stien våt og sleip, så vi fann snart vegen ut på hovudvegen att. Det gjekk forresten godt å sykla her, for vegen var markert med ein halvmeter for syklistar. Ikkje lenge etter, då vi kom fram til Hornbæk, hadde regnet slutta. Vi slo oss til for natta på Gilleleje campingplass, som ligg eit stykke frå kysten. Neste dag sykla vi inne i landet parallelt til kysten, for vi visste at vi ville støyta på sykkelstien som går nord-sør, frå Hillerød til Gilleleje. Det er ein eigen fascinasjon med å sykla på ein vel preparert sykkelsti som går gjennom landskapet langt frå biltrafikk. Frå Gilleleje og fram til Gilbjerg er den vakraste delen av kyststien. Stien går langs nordkysten av Sjælland. Frå sykkelen kunne vi sjå mange seglbåtar ute på havet.  Ved Smidstrup strand følgde sykkelruta små sidevegar i eit feriehusområde. Det var ein sann labyrint av småvegar vi sykla på, og vi visste ikkje kvar vi var. Vi måtte berre lita på skilta som viste sykkelrute. Dei lokale turistkontora i Danmark har eigne brosjyrar for sykkelrutene, og i brosjyrene er det teikna eit kart, som er svært godt å sykla etter. Brosjyren vi bruka her langs nordkysten av Sjælland, heiter Nordkyststien, og han er gratis til utdeling på turistkontora. Frå Rågeleje tok vi ein større veg inn i landet, i retning Vejby, for no var vi svoltne, og i Vejby rekna vi med å finna butikk, og sidan det var jernbanestasjon der, rekna vi og med å finna tak over hovudet medan vi åt. Det var svært naudsynt med tak, for vi hadde nettopp opplevd ei kraftig regnbye. Etter måltidet sykla vi mot Tisvildeleje på ein sykkelsti langs jernbanen. Frå Tisvildeleje går sykkelruta på ein fin grusveg, stengd for bilar, langs kysten og gjennom Tisvilde hegn og Asserbo plantage. Her hadde Kjartan den første punkteringa på turen. Ikkje lenge etterpå fekk eg og ei punktering. Eg måtte fastslå at det var ei lita rift ved ventilen på sykkelslangen. Eg vurderte situasjonen slik at ein ny slange var naudsynt, men det var først neste dag i Hundested at eg kunne kjøpa meg ein ny slange. Før vi kom så langt gjekk sykkelturen vidare langs kysten, forbi nokre idylliske hus i Kikhavn, og vidare forbi Knud Rasmussens hus. Knud Rasmussen er den store polarhelten i Danmark. Han kjenner sjølvsagt ikkje vi nordmenn som er flaska opp med våre eigne heltar som Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. Knud Rasmussen budde her ved kysten når han ikkje var på ekspedisjonar i Grønland. "Rejsebeskrivelserne blev skabt her til havets og vindens akkompagnement," står det i brosjyren Nordkyststien. 

No var vi i Hundested, og her kunne eg kjøpa ny slange til sykkelen. Slangen eg fekk tak i, var berre 19 mm brei. Dekka på sykkelen min er 28 mm breie. Forhandlaren meinte slangen var god nok, men eg var i tvil, for ein så smal slange vil strekkja seg godt ut i eit dekke med større dimensjon, og då har slangen lett for å punktera. Eg skifta ut slangen, men eg tok med den gamle, og bra var det, for om nokre dagar skulle denne slangen verkeleg koma til nytte. 

Rett aust for Hundested tok vi ferje over til vestsida av Roskildefjord og sykla gjennom eit stort skogsområde før vi nådde byen Frederikssund. I teltboka fann vi ein hyggjeleg leirplass i ein privat hage rett nord for Frederikssund. Der likte vi oss så godt at vi spurde om å få vera der ei natt til. Dagen mellom dei to overnattingane bruka vi til å sykla utan bagasje til Frederiksværk, der vi bla.a. vitja bymuseet. Frederiksværk er ein industriby som oppstod rundt ei industriverksemd som kom til Frederiksværk godt verna av merkantilistiske prinsipp. Utan privilegium frå den danske krona var neppe industrien i Frederiksværk liv laga. Danmark hadde bruk for eigen jernindustri på grunn av krigane mot Sverige. Tilførslane av jernvarer frå Noreg kunne lett blokkerast. Aust for Frederiksværk ligg den største innsjøen i Danmark, Arresø. Opphaveleg var dei ei havbukt, men sandflukt har stengt Arresø ute frå Roskilde fjord. Det vart grave ein kanal frå innsjøen og ned til fjorden. Vassfallet kunne brukast til å driva nokre møller, og der vart det grunnlagt jernstøyperi og kruttfabrikk. I dag fører ein industritradisjonen vidare med eit stålvalseverk. 

Etter ei god natt på det mjuke graset i hagen nord for Frederikssund sykla vi austover mot Hillerød. Rett som det var kom vi til ein merkeleg grusås som vi måtte over. Her var det til og med så bratt at Turid, som ikkje hadde så god sykkel, måtte gå av og gå. Det landskapsfenomenet vi hadde å gjera med, var ei tidlegare strandlinje. Sandflukt langs stranda hadde bygd opp denne åsen. Som i dei fleste delane av Skandinavia har og Sjælland heva seg etter istida. Tidlegare kystar vert liggjande fleire kilometer inne i landet. Litt før Hillerød kom vi inn på ein sykkelsti som førde oss gjennom landskapet langt frå nokon bilveg. Det var ikkje vanskeleg å sjå at dette hadde vore ein jernbane. I Hillerød såg vi sjølvsagt på Frederiksborg slott og det fantastiske hageanlegget. Innvendig i slottet var det mange målarstykke frå dansk historie. Mange heltebilete frå tidleg dansk historie var måla i nasjonalromatisk ånd på 18-hundretalet. Elles var Christian 4. den kongen som det var flest bilete av i samlinga. 

Vidare austover frå Hillerød var ikkje veret så godt. Vi fekk ei kraftig regnbye i Karlebo. På veg mot Niverød stoppa vi for å venta på Turid. Ho kom ikkje! Eg vart uroleg og sykla attende nokre kilometer til vegkrysset der vi hadde sett ho siste gong. Eg såg ho ikkje på vegen, og i vegkrysset var ho heller ikkje. Kunne ho ha teke ein annan veg i vegkrysset? Eg svingte sørover i vegkrysset. Langt framme på denne breie hovudvegen, som går mellom Hørsholm og Fredensborg, såg eg ein einsam syklist. Eg sykla etter, men etter nokre kilometer kunne eg fastslå at det ikkje var Turid. Eg snudde for å sykla attende. Då hende det! Utanfor den kvite stripa på vegen, der syklistane har ein halv meter til disposisjon, låg ein liten stein som eg trefte med framhjulet. Samanstøyten var så kraftig at eg fekk ei total punktering. Om eg freista å pumpa opp slangen for å lokalisera holet, var det fånyttes, for lufta lak så snøgt ut. Ein fortvila situasjon. Kjartan stod og venta ein stad ved vegen, Turid var forsvunnen, og ingen visste kvar eg var. Eg kom til å bruka lang tid med å lappa sykkelen. Då kom eg på at i her i det sjællandske sykkelparadiset var det ein ekstra slange, og sjølv om eg meinte at gummien hadde sprekker ved ventilfestet, hadde slangen halde før eg skifta han ut. Eg fjerna den punkterte slangen, og sette i slangen som eg hadde teke med frå Hundested. Lufta heldt, og eg kunne sykla attende dit Kjartan venta. Der var og Turid. Ho hadde sett eit skilt med sykkelsti til Nivå og meinte at vi kanskje hadde sykla den vegen. Då ho ikkje fann oss, kom ho attende. Innvendig var eg skjelven og svært sint. 

Etter overnatting på campingplassen i Nivå sykla vi nordover Kystvejen til Helsingør. Det var tid for å levera inn dei leigde syklane. I Helsingør var bybiletet det same som for ei veke sidan, svenskane dreiv og trilla på ølkassene sine. Turid og Kjartan tok så bussen sørover på Kystvejen til Louisiana, der dei ville sjå på kunsten. Eg sykla lengre sørover, for eg ville oppsøkja ein kollega når det gjeld tursykling på internett. Neste dag skulle vi reisa til Polen utan syklar, og eg hadde avtalt å setja att sykkelen medan vi var i Polen. Nær Verkebæk kom eg ut på ein sykkelveg som heiter Grisestien. Endå ein gong var eg komen på  ein gamal jernbane.  Langs vegen, der det altså før hadde gått tog, stod det benkar, og over ein av benkane voks velsmakande kirsebær på eit tre. Eg fann fram til huset til Susanne og Ole Jacobi. Eg visste at dei var på sykkeltur på Hebridane, og at dei ikkje var heime. Avtalen var at eg skulle setja frå meg sykkelen på baksida av huset. No kjende eg vegen, og neste morgon kunne eg raskt ta meg fram til rett hus med sykkel. Sykkelen let eg stå att bak huset og tok buss og s-bane inn til København, og saman med Turid og Kjartan kom vi oss ombord i båten til Polen. 
 

Del tre: Sykkelretur København-Stord

Etter tre vekers ferie i Polen var vi attende i København. Kjartan og Turid skulle vera ein dag i København og ta fly heim om kvelden. Eg tok s-bane og buss ut til forstaden nord for København og henta sykkelen. No gjekk ferda heimover, og eg prøvde å ta strake vegen. Eg heldt meg til hovudvegar med sykkelsti. Eg sykla til Hillerød, deretter Frederiksværk, der eg var for tredje gong denne sommaren, deretter til Hundested (og tredje gong). Så med ferje over til Rørvig. Då eg kom til Lumsås, der eg kjende teltplassen i Sonnrup Skov frå då eg sykla i motsett retning, fann eg ut at det var best å slå leir for natta.  Om natta auka vinden kraftig på, og eg måtte kjempa meg fram i ein hard nordvestleg vind for å koma til katamaranferja ytst på Sjællands Odde. Fordelane med medvind som eg hadde hatt på vegen til Helsingør, måtte eg no betala for. 

Då eg kom til Århus, fann eg fram til den store vegen Viborgvej som eg følgde ut av byen. Vegen går rett fram ned og opp av dalar, og heile tida hadde eg sterk motvind. Det var fin sykkelveg ved sida av vegen. I tettstaden Voldby kunne eg svinga av frå hovudvegen og ta meg inn til byen Hammel. Vidare sykla eg over Sall, Thorsø og  Sahl. Eg var no komen inn på ei lokal sykkelrute nr. 16. Det var veldig fint å ta seg fram langs sykkelruta når ruta viste veg gjennom ein skog, men det var svært hardt på vegar i det opne landskapet der vestavinden slo sterkt imot for ein syklist på veg mot vest. På ein liten skogsveg følgde eg rute 16 ned til ein tunneldal der Gudenåen flyt. Gudenåen er demt opp til ein innsjø (Tange Sø). Ved demninga ligg eit vasskraftverk som kan utnytta fallhøgda på om lag 10 meter. Vasskraftverk finst det og i Danmark. Vidare mot vest sykla eg gjennom Vindum Skov. Frå Bruunshåb førde sykkelruta meg på ein veldig koseleg sykkelveg mot Viborg. Der i byen  tok eg meg ein pause på 20 minutt. Benken eg sat på, stod rett framfor domkyrkja, som er i romansk stil, og minnar litt om byggjeklossebygg frå tida då byggjeklossane var av tre, før legoklossane kom.  I Viborg svikta eg sykkelruta og tok hovudvegen rett vestover til Ravnstrup og vidare over sidevegar til eg hamna i Skive. 

Neste dag følgde eg ei nedlagd jernbanelinje mot nordvest. Jernbanelinja er gjort om til sykkelveg, og nasjonal sykkelrute nr. 2 er skilta langs denne sykkelstien. Den tidlegare jernbanelinja har fått fast grus, som gjorde det lett å sykla. Det som eg ikkje lika, var alle saksebommane kvar gong sykkelvegen kryssa ein bilveg. Når sykkelvegen ikkje går inntil eksisterande bilveg, let det danske vegverket syklistane alltid få vikeplikt. Men istadenfor å setja opp eit vanleg vikepliktskilt, har dei plassert nokre svære saksebommar i vegen for syklistane. Med bagasje på sykkelen er desse bommane vanskelege å manøvrera seg gjennom. Dei verkar heller ikkje bra på trafikktryggleiken, for eg hadde mi fulle hyre med å balansera meg gjennom opninga mellom bommane. Trafikken på den kryssande vegen hadde eg ikkje auga for. Desse saksebommane vil eg kalla eit irriterande tiltak. Vi får sjå det positive i det; kan henda er saksebommane sette opp for å hindra motorkøyretøy i å køyra inn på sykkelvegen. 

Sykkelvegen eg sykla på, var altså ein jernbane som i si tid gjekk frå Skive til Glyngøre. Derifrå gjekk det ferje til Nykøbing på øya Mors. På den måten fekk Mors jernbanesamband. Ein må rekna med at når forfattaren Axel Sandemose, som stamma frå Mors, skulle ut i den store verda, måtte han starta jernbanereisa si med ferje over til fastlandet. På Mors hadde eg vore for to års sidan, så her opplevde eg at også ein syklist kryssar sitt spor. Frå Mors reiste eg over til fastlandet nord for Limfjorden via ferje over Feggesund. To danske damer som eg snakka med på ferja, var og på sykkeltur. Dei tykte det var så sterk vestavind, så no var dei leie av å sykla i motvind og ville leggja ruta austover, så dei kunne få nyta medvinden. Eg kunne ikkje velja retning på sykkelturen min, for no skulle eg vestover mot Hanstholm, rett imot vinden. Vinden var ikkje så hard på demninga over Østerild fjord. Vegen er ein grov grusveg, der eg ikkje kunne sykla så fort likevel.  Demninga var bygd fordi ein ein gong hadde planar om å tørleggja Østerild fjord, og vinna inn jordbruksland, men tiltaket kosta for mykje, og fjorden vart ikkje tørlagd.  Østerild fjord er i dag eit reint fugleparadis. Ved Hjardemål kom eg ut på hovudvegen til Hanstholm. Der lika eg meg ikkje, utan sykkelveg som det er langs denne trafikkerte vegen.  Medan eg balanserte på kanten av vegen i motvinden, dura trailarane forbi. Den siste mila kunne eg køyra utanom hovudvegen, eg sykla til høgre, over sandryggen som går langs stranda og følgde ein kystnær veg inn til Hanstholm. I Hanstholm er det ikkje så godt med innretningar for syklistar. Eg såg og for første gong i Danmark, ei rundkøyring, der det ikkje var markert ekstra sykkelbane for syklistar langs ytterkant av rundkøyringa. Slik markering av rundkøyringane er standard i Danmark, men altså ikkje i Hanstholm. Er det ukulturen frå Noreg når det gjeld tilretteleggjing for sykling som har smitta over på Hanstholm? 

Natta over med båten til Egersund vart uroleg, for i den sterke nordvestvinden, slo båten mot bølgjene så det rista i heile skroget. Halv åtte var eg framme i Egersund. Vinden hadde då lagt seg. Eg ville freista å sykla heilt heim til Stord på ein dag frå Egersund, så heller ikkje no sykla eg over den gamle vestlandske hovudveg. Eg tok den trafikkerte hovudvegen, rv 44 over Jæren. Fram til eit stykke før Nærbø var det ingen sykkelveg langs denne vegen. Ein stad vart eg til og med lurt til å kryssa vegen til inga nytte. Skilt med sykkelveg viste seg å vera misvisande, for sykkelvegen slutta etter 10 meter bak ein sving. Derfor er parolen min: Ver skeptisk til sykkelvegar i Noreg. Ikkje sykl inn på sykkelvegen før du veit sikkert at det er eit godt alternativ i høve til vegen. Vidare nordetter forbi Bryne var det god sykelveg etter norsk, men ikkje dansk standard. Det mest enerverande er likevel dei mange undergangane som fører sykkelvegen frå ei side av vegen til den andre. Undergangane er meir bygde for fotgjengarar enn for syklistar. Først syklar du ned ein kort, men svært bratt bakke, så svingar du brått 90 grader for å koma gjennom tunnelen under vegen, så svingar du på ny brått 90 grader og opp ei bratt rampe. Om du ikkje har sykkelen i lågt gir på førehand, greier du ikkje å sykla opp denne rampa. Det verkar som desse primitive undergangane høyrer med til standardopplegget som vegdirektoratet har spreidd til alle vegkontor i heile landet, for over alt i Noreg er desse undergangane for syklistar like dårlege og like lite funksjonelle. Ved Kleppe svinga eg av frå riksveg 44 og inn på veg 510. Her har dei effektive vegstyresmaktene gått til det steget å sperra vegen for gåande og syklistar. Eit skilt viste til venstre til ein sykkelveg, men på grunn av dårleg skilting vidare, mista eg snart sykkelvegen. Då stod eg framfor dilemmaet: Skulle eg kasta vekk tid med å leita etter sykkelvegen eller skulle eg rett og slett sykla på den forbodne vegen. Valet var ikkje så vanskeleg, eg gjorde det siste. Eg kunne berre konstatera at vegfolk brukar mykje meir pengar på å setja opp skilt som viser at vegen er stengd for syklistar enn på å setja opp skilt som skal hjelpa syklistar. Ruta mi gjekk deretter forbi Solastranda og på vestsida av Hafrsfjorden. Fleire stader såg eg oppmerkinga for Nordsjøsykkelruta, som eg og delsvis følgde. Til høgre kunne eg sjå mange høge hus i Stavanger, men eg sykla utanom heile Stavanger. Via tettstaden Randaberg kom eg fram til ferjestaden Mækjarvik. Frå Skudeneshavn tok eg vegen på austsida av Karmøy fram til Kopervik, der eg fekk meg eit par kilometer ekstra omveg fordi det var vanskeleg å finna vegen gjennom sentrum og forbi hamna etter at det var bygd ny veg i 1990-åra. Over Karmsundbrua sykla eg på fortauet på venstre side av brua, fordi sykkelvegen på Karmøysida går på venstre side av vegen og fordi Salhusvegen, den gamle vegen inn til Haugesund, kom eg lettare inn på om eg sykla på det venstre fortauet. Etter 180 km var eg komen fram til Valevåg og kunne ta ferja over til Stord. Ukomplisert og uproblematisk var det å reisa over Bømlafjorden. Det går ei ferje kvar time. Neste år når trekantsambandet er ferdig, vert alt mykje verre. Ferje går det ikkje i heile teke, og tunnelen under fjorden vert det forbode å sykla gjennom. På ferja over fjorden kunne eg nyta fjordlandskapet, der sommarmørkret i augustkvelden tok til å senka seg.