Trikken
i Trieste
Terje
Melheim
I haustferien
2004 reiste Truls og Trine til Trieste. Aust i Italia like ved grensa
mot
Slovenia og Kroatia ligg den tidlegare romerske kolonien
Tergeste.
Då Truls og Trine gjekk frå stasjonen til hotellet,
såg
Truls med eitt trikkeskjener i gata.
"Sjå,
Trine, trikk!" ropa han. Med øva auga såg han raskt at det
var meterspor, og det var heller ikkje vanskeleg å sjå
på
dei blankslipte skjenene at her hadde det nettopp gått trikk.
Trikkelinja,
som stammar frå 1902, var altså ikkje lagd ned, og det var
heller ikkje slik at trikken var innstilt utanom sommarsesongen.
Neste
dag var det naturleg å ta ein tur med trikken, for han
køyrer
til ein stor turistattraksjon i karstlandskapet ovanfor Trieste. Det
dei
to turistane Trine og Truls ville sjå på, var ei
kjempediger
hole. Grotta gigante heiter hola. Dei kunne ikkje reisa med trikk heile
vegen fram, men der trikken slutta, tok dei buss vidare. Heile reisa
gjekk
med ein vanleg bussbillett frå bybussane i Trieste. Trikkane har
dører berre på ei side, og sidan trikkane ikkje vender,
må
dei reisande alltid gå av og på trikken på same side
av sporet. Trikkane verka noko antikvariske og gav ein god nostalgisk
smak
med tresete. Ikkje alle trikkane i trafikk i Trieste har tresete.
Trikkane
stammar frå 1935 og 1942. Nett då trikken skulle til
å
køyra frå endestasjonen, kom det ei ung dame med sykkel.
Ho
hengde sykkelen opp på eit lite stativ framme på trikken
før
ho gjekk inn på trikken. Etter ein liten halvkilometer gjennom
gatene
i Trieste, kom Trine og Truls til staden der trikken skulle forvandlast
til fløybane. Slik er altså metoden trikken i Trieste
brukar
for å greie den bratte strekninga oppetter åsen over den
italienske
hamnebyen. Trikken køyrde inn framfor eit merkeleg lokomotiv.
Den
spesielle pensen fungerte slik at dei dei to skjenene vart flytta til
sides
(Schleppweiche), og trikken køyrde varsamt ned framfor
lokomotivet,
som eigentleg ikkje var noko lokomotiv, men ei vogn som det var festa
ein
slepekabel til. Bak trikken gjekk no fløybanelokomotivet.
Kabelen
trekte trikk og lokomotiv oppetter åsen. Stigninga er på
heile
260 promille! Fordi trikken har vanlege trikkehjul med flensar på
innsida av hjula, er det ikkje råd å bruka pensar som ikkje
rører på seg, slik Fløybanen har. Rett før
den
staden trikken oppover skal møta trikken nedover, er det bygd
inn
ein pens (Schleppweiche). Truls meinte at dei brukar så
kompliserte
pensar på fløybanen i Trieste, fordi hjula på
kabellokomotiva
har flensar på båe sider. Det er for å hindra
avsporing.
Truls tok seg ikkje tid til å sjå etter om hjula på
fløybanelokomotiva
har slike hjul, og det irriterte han i lang tid etterpå. Etter
møtestaden
for dei to trikkane går sporet ikkje saman att. Her er det
dobbeltspor,
som i grunnen ikkje er noko dobbeltspor, for aldri kan to trikkar
møtast
på denne strekninga, og derfor ligg dei to spora veldig tett
saman.
Under dei to fløybaneloka er slepekabelen plassert midt under,
og
hadde det vore berre eitt spor ovanfor møtestaden, ville dei to
kablane ha kome borti kvarandre. Ein føremon er det med å
ha kabelen midt i sporet; nedanfor møtestaden kan kabelen
på
dei to lokomotiva bruka dei same glidehjula mellom skjenene.
Der
fløybanestrekninga sluttar, går kabelen ned i eit hol
mellom
skjenene. Hjula og motorane for kabeldrifta er plasserte under spora.
Trikken
kan altså køyra vidare for eiga kraft utan kompliserte
sporarrangement
for å sleppa konfliktar med slepekabelen. Trikkeføraren,
som
sat og las avisa medan trikken med Trine og Truls vart skubba oppover
av
fløybanelokomotivet, la bort lesestoffet og kopla inn
trikkemotorane.
Ferda gjekk vidare oppetter åsen, der kvite kalkfjell stakk fram
mellom det grøne i naturen. Ved stasjonen Conconello er det
kryssingsspor,
og der stod trikken nedover og venta på trikken med dei to
turistane
i . Eit par haldeplassar til, og Truls og Trine var ved Obelisco, der
det
sjølvsagt står ein obelisk. Han vart reist i 1830 då
ein veg mellom Wien og kysten ved Trieste vart opna. Vegskiltet
på
den moderne vegen, som går parallelt med trikken, syner at no var
trikken komen til Opicina, men Truls la merke til at det stod to skilt,
på det andre stod det Opcina. Det skal vera ein hake over c-en,
men
det er ikkje han som skriv i stand til å skriva på
datamaskinen.
Trine og Truls var altså inne i eit tospråkleg
område.
Her støyter romansk språk saman med slavisk språk.
Grensa
til Slovenia er berre 7 km unna. Obelisco er ein fin stad å
gå
av trikken på, og her gjekk den unge dama med sykkelen av.
Trikken
hadde klatra mange meter opp i åsen og var no på 343 meter
over havet, og det er den høgaste stoppestaden på
banen.
Sykkelheisen Trampe i Trondheim er ikkje så effektiv med
transport
av syklar som det trikken i Trieste er. Frå stoppestaden Obelisco
er det flott utsyn over Adriaterhavet ved Trieste. På grunn av
mykje
dis var ikkje utsynet så godt då Trine og Truls var her, og
dei vart sitjande på trikken, som køyrde eit par kilometer
vidare innover i landet, til sentrum av byen Opicina. Då hadde
dei
køyrt 5,2 trikkekilometer frå sentrum av Trieste.
Frå
Opicina reiste dei to turistane Truls og Trine vidare til Grotta
gigante
med buss.
På
veg attende til Trieste med trikk kunne Truls observera andre
interessante
ting langs trikkesporet. Rett ovanfor den bratte
fløybanestrekninga
ligg det eit sidespor som kunne fanga opp ein trikk i tilfelle bremsene
skulle svikta. Først når trikken på veg nedover har
stansa heilt, vert pensen lagt om, og trikken kan køyra fram til
det ventande fløybanelokomotivet. I 1902, same året som
banen
vart opna, var det ei stor ulykke her. Ein trikk kunne ikkje bremsa, og
raste nedover den bratte strekninga. På den tida vart det
bruka
tannhjulsteknikk på den bratte strekninga. Også den gongen
måtte trikkane ha hjelp av eigne lokomotiv, som då var
utstyrte
med tannhjul og ikkje fløybanekabel. Trikken til Opicina vart
opphaveleg
bygd av eit austerriks firma, for på den tida høyrde
Trieste
til Austerrike. Trieste var faktisk hamnebyen til Wien. I 1928 vart
trikkelinja
bygd om til kabeldrift istadenfor tannstangdrift. Då Trine og
Truls
var komne trygt ned fløybanestrekninga, køyrde dei vidare
gjennom Trieste med trikken til endestasjonen på piazza Oberdan.
|
Bilete frå trikketuren
Trieste-Opicina |
|