Vettisfossen og den tapte klokka.

Sykkeltur 2009



Terje Melheim



I Øvre Årdal sykla eg inn i den tronge Hjelledalen. På campingplassen la eg att størstedelen av bagasjen og sykla lett oppetter dalen. Snart kom eg til enden av den offisielle vegen der folk måtte setja frå seg bilane og gå vidare til fots, for her byrja Folkevegen, som vart bygd på dugnad opp til garden Vetti. Dalen vart endå trongare mellom bratte fjellsider der det eine imponerande fossefallet etter det andre kom dundrande ned og gav folk på vegen ein god dusj.



Men eg hadde ein endå større foss i sikte, lenger inne i dalen held Vettisfossen til, heile 275 meter høg frå topp til botn og den høgaste i Nord-Europa.



På Folkevegen kunne eg halda god fart fordi eg ikkje hadde mykje bagasje. Vegen er ikkje asfaltert, og det rista godt i sykkelen. Rett som det var oppdaga eg at armbandsuret mitt var vekke. Eg hadde nok mista det på vegen på grunn av all ristinga. Hadde eg nettopp mista klokka, eller måtte eg sykla langt attende for å finna henne? Eg tenkte som så: "Syklar eg attende, kan det vera at eg ikkje får oppleva den høge Vettisfossen. Eg får heller sykla vidare. Klokka var ikkje så mykje verd, dessutan kunne eg halda kontroll med tida likevel, for det var klokke både på mobiltelefonen og på sykkelcomputeren.

Ved garden Vetti stod ein bilist som skulle til å køyra nedetter vegen. Truleg var det ein som bur på Vetti og hadde lov til å køyra bil på Folkevegen. Eg kom i snakk med mannen. Då spurde eg om han kunne sjå etter klokka mi nedover. "Om du ser klokka, må du ikkje køyra over henne, og om du skulle finna klokka, kan du då levera henne inn på campingplassen?" Det skulle han gjera. Ved garden Vetti stod det eit skilt som synte til Vettisfossen. Eg måtte setja frå meg sykkelen og følgde stien i slyng oppover den bratte fjellsida. Då kom eg opp til toppen av Vettisfossen der fossen kastar seg utfor dei 275 metrane ned i dalbotnen. Eg skjøna raskt at det var vanskeleg å få eit godt inntrykk av den høge fossen her ovanfrå, for eg kunne ikkje sjå ned i dalbotnen der fossen slutta. Kan henda hadde det vore betre om eg hadde halde meg nede ved garden Vetti og sett på fossen nedanfrå. I alle høve opplevde eg ein flott foss og eit bratt og vilt landskap der eg stod ved sida av ein brusande foss og eit loddrett stup ned i dalen.



Då eg sykla nedetter dalen og ned til campingplassen, spurde eg alle som kom gåande imot meg om dei hadde funne ei klokke på vegen. Svaret var alltid negativt. Sjølvsagt spurde eg og i resepsjonen på campingplassen, og under over alle under - der var klokka mi! Eg fekk ikkje takka den kjekke mannen som truleg bur på garden Vetti. Eg såg etter på internett kva den lokale avisa heiter i Årdal, men eg fann inga lokalavis. Eg tykte det vart litt for sterkt å kontakta nitimen i radioen. Eg fekk ikkje uttrykt noka takk til finnaren av klokka mi.
Om han skulle koma til å lesa denne teksten, så gjer eg det no: Tusen takk!

Sykkelturen min starta i Bergen i slutten av juni 2009, og 2009 var det året Bergensbanen feira 100-års jubileum. I samband med den hendinga vart det køyrt fleire damptog på banen. Gourmetfirmaet "Sult" arrangerte damptur frå Bergen med gamle førsteklasses trevogner. Spisevogn var også med, der ein fekk servert velsmakande matretter. Då eg skulle gå ombord i toget i Bergen, var eg litt redd for at personalet skulle vera avvisande for ønskjet mitt om å få med sykkel i toget, men då eg såg at den ivrige tursyklisten og jernbaneentusiasten Torstein Reiersen hadde teneste på toget, skjøna eg at sykkelen var sikra plass.

Trass i at Bergensbanen er 100 år, er banen aldri bygd ferdig. Bergensbanen sluttar eigentleg i Hønefoss, og det var der eg gjekk av toget.



Frå Hønefoss sykla eg til ein campingplass ved Randsfjorden. Etter overnatting sykla eg austetter til Hadeland med store gardar i eit ope jordbrukslandskap. Eg fann fram til den gamle Kongevegen som går nordetter gjennom det frodige kulturlandskapet. No var eg på Austlandet, og der brukte dei ikkje steingardar men skigardar for å gjerda inn beiteområda. "Eit typisk kjenneteikn for Austlandet", tenkte eg og tok eit bilete av ein skigard med sykkel.



Kongevegen hadde preg av å vera ein gamal historisk veg. Han var for det meste ikkje asfaltert, og han gjekk bakke opp og bakke ned. I tillegg gjekk han forbi vakre steinkyrkjer frå mellomalderen. Er det ikkje rart kor ulikt folk her i landet har teke vare på dei gamle kulturskattane? I Sunnhordland, der eg bur, vart dei gamle steinkyrkjene frå mellomalderen rivne ned mot slutten av 1800-talet fordi folk trong større kyrkjerom. På Hadeland står enno dei gamle kyrkjene på Lunde og Tingelstad i all sin glans, og på Granvollen har dei teke vare på ikkje berre ei kyrkje men to kyrkjer rett ved sida av kvarandre. Det er dei kjende Søsterkyrkjene på Hadeland.



I utlandet bruker måndagen å vera ein kviledag med mange turistattraksjonar og museum stengde. Det same opplevde eg her på Hadeland. Hadelandsmuseet var stengt på denne måndagen i juni 2009, og det same var teikneseriemuseet på Brandbu. Etter eit godt måltid på ein benk i Brandbu, tok eg til på stigningane bak Brandbukampen. Ved Bleiken kryssa eg Gjøvikbanen, og sidan det kom eit tog nettopp då, fekk eg eit bilete av Gjøviktoget med Randsfjorden som fin bakgrunn.


Nordetter frå Bleiken gjekk sykkelturen på skogsvegar mot Eina. Eg var svært redd for at eg skulle ta feil av vegen. Det skulle ikkje så mykje til før ein valde gal veg i eit vegkryss. Eg spurde alle folk eg møtte om eg var på rett veg. Ein stad sette eg til og med frå meg sykkelen og gjekk inn i svartaste skauen, der ein tømmerhoggar dreiv og felte tre, for eg måtte vita kva som var rett veg i neste vekgryss. På asfaltvegen rett før Eina var det ein mann som rådde meg til å ta ein annan skogsveg mot vatnet Skjellbreia då han høyrde at eg skulle til Trevatn. Trevatn er ein stasjon på Valdresbanen. Stasjonen ligg svært aude til, og sidan Valdresbanen er nedlagd, og det ikkje er trafikk på banen lenger, tenkte eg at Trevatn stasjon må omgje seg med ei spesiell stemning - ein stasjon i audemarka.



K A R T Hønefoss - Dokka


Eg følgde no Valdresbanen vidare vestetter. Då eg tok til på den bratte og lange stigninga over Tonsåsen, såg eg eit skilt til Etna stasjon. Eg tenkt då på dei tre dagane eg hadde traska langs Valdresbanen ved Etna stasjon i oktober 1988, nokre månader før banen skulle leggjast ned. Eg filma alle toga som kom forbi, for eg ville ha nokre inntrykksfulle minne frå ein hyggjeleg bane. Ei natt låg eg i telt på snøen ved Etna stasjon, dei to andre nettene fekk eg heldigvis sova i ei arbeidsbrakke like ved sporet. No etterpå tenkjer eg at det er utruleg kva jernbaneentusiastar kan finna på av sinnsvake ting. Eg har skrive om opplevingane mine ved Valdresbanen på Visit to Valdres Railway.

På veg ned frå Tonsåsen på vestsida såg eg skilt som synte til ein sykkelveg. Dei skilta følgde eg og kom ned til tidlegare Aurdal stasjon der traseen etter Valdresbanen var gjort om til sykkelveg. No midt på sommaren lyste det i fine fargar av lupinane som i si tid vart planta langs banen. Føremålet med lupinane var at dei skulle binda sanden som svillene låg i og gjera sporet meir stabilt.



Etter Aurdal var det slutt på asfalten på sykkelvegen, og med god grus under sykkelhjula kom eg til Leira stasjon. Like etter stasjonen kryssar vegen frå Gol over sykkelvegen. Tenk at det er ikkje laga til avkøyringsrampar frå sykkelvegen.  Sykkelvegen vert rett og slett blokkert og syklistane vert fanga bak autovernet. Den slags diskiminering kjenner vi syklistar frå fleire stader i Noreg, og det er like opprivande kvar gong ein kjem ut for noko slikt.

På andre sida av vegen frå Gol gjekk sykkelvegen vidare mot Fagernes, men det var uråd å seia om sykkelvegen gjekk på traseen etter Valdresbanen, for landskapet hadde vorte sprengt ned i samband med utviding av bilvegen. Etter Fagernes var det slutt på sykkelveg langs hovudvegen E 16. Der eg kunne, tok eg sidevegar parallelt med E 16, men eg fekk fleire tunge oppoverbakkar på den måten. Fordelen var at det var mykje mindre trafikk på sidevegane, og eg kom rett forbi interessante stavkyrkjer frå mellomalderen.


Ved Høre stavkyrkje fann eg eit bord der eg kunne setja meg ned og eta lunsj. På kyrkjegarden dreiv ein mann frå kyrkjerådet og planta ut blomar på gravene. Eg la merke til at det var ny mur under stavkyrkja, og eg fekk vita at den gamle muren vart tetta att med mørtel som eit ledd i renoveringsarbeid, men det førde til at fundamentet under kyrkja vart alt for tett, og det vart fuktskadar på trevirket. Før skadane vart for store, måtte det murast ny tørrmur som ventilerte og sleppte ut væta.


Eg var uviss på om eg ville få mange bakkar om eg sykla vidare på sidevegen. "Det er absolutt best å sykla på den vesle vegen nord for Vangsmjøsi", fekk eg høyra. "Der slepp du all trafikken frå dei svære trailarane."

Der den vesle vegen munnar ut på E 16, var det til og med ein butikk. Eg vart veldig letta, for no meinte eg at provianteringsproblemet mitt var løyst. Men det var det nok ikkje. Butikken var nedlagd! Det var heller ingen campingplass på denne staden, men eg slo opp teltet på andre sida av E 16, ved eit lite vatn. Teltplassen verka heilt ideell. Den sjenerande og litt kalde nordavinden som eg hadde hatt til no på turen, gav seg, og vatnet vart heilt speglblankt. Rettnok hadde eg ikkje fått kjøpt mat, men fordi laksekotelettar alltid vert selde med fire i kvar pakke, hadde eg to att frå middagen dagen før. Då eg sende dagens SMS heim, fortalde eg kor fint eg hadde det og om den fine, usjenerte teltplassen eg hadde funne.


Eg skulle nok ikkje ha fortalt så optimistisk om staden der eg telta, for rett som det var tok vatnet til å krusa seg med nye bølgjer. No kom vinden frå sør, og han auka i styrke ut over natta. Det tok og til å regna. Vinden ruska og sleit kraftig i teltduken. Eg fekk ikkje blund på augo heile natta. Ut på morgonkvisten  pakka eg saman teltet, og utan frukost trødde til i bakkane oppover mot Tyinkrysset. Her sykla eg forbi det som ein gong har vore Skogstad ungdomsherberge. Det var artig å tenkja på at her hadde eg overnatta på den første store sykkelturen min i 1960, for nesten førti år sidan. Den gongen betalte eg kr 3,50 for overnattinga. Stigningane opp til Tyinkrysset er ikkje så bratte. Det regna litt, men eg hadde medvind. Eg visste at det var butikk i Tyinkrysset. Butikken var open då eg kom fram, og eg fekk kjøpt meg frukost.

Frukosten gav meg ny styrke, og stigningane opp til innsjøen Tyin på vel 1000 meter over havet meistra pensjonisten bra. Pensjonisten, som har høve til å reisa på sykkeltur fleire gonger for året, er altså eg. Langs Tyin kryssa eg fylkesgrensa til Sogn og Fjordane,


og så tok vegen til å gå nedover, nedover og nedover. Langt nede under meg skimta eg busetnaden og aluminiumsfabrikken i Øvre Årdal. Som lesaren hugsar, var det der eg heldt på å mista armbandsuret mitt.

K A R T Lomen stavkyrkje - Vettis

Dagen etter opplevinga med Vettisfossen og klokka sykla eg gjennom Årdalstangen og langs fjorden ut til ferjestaden Fodnes. Ved kaien låg det ei ferje og venta, bilane hadde køyrt ombord. No hadde eg klokke som eg kunne sjå på. Ho var tre minutt på tolv. Eg spurta over venteplassen for bilane og kom meg ombord i ferja nett før ferjelemmen vart stengd. Ferjene frå den relativt nye ferjestaden Fodnes kryssar Sognefjorden på ein smal stad, slik at ferjeturen vert så kort som råd er. Ferjekaien på andre sida av fjorden heiter Mannheller. Her er det ikkje eit hus. Rett etter ferjekaien går vegen inn i ein tre kilometer lang tunnel. På førehand hadde eg vore redd for at eit diskriminerande skilt skulle syna at tunnelen var stengd for syklistar. Heldigvis var det ikkje noko slikt skilt. Etter at alle bilane var køyrde, var det fint å sykla oppover i stigninga inne i tunnelen. Då stål- og bensinbølgja kom frå neste ferje, var eg komen ut or tunnelen.

Eg sykla til Sogndal, der eg støytte på mørkeraude skilt som synte veg for sykkelruta Sognefjordruta. Eg følgde skilta nordaustover mot Hafslo. Ved ein tunnel synte eit skilt veg for syklistar utanom tunnelen. "Det må vera hyggjelegare å følgja den gamle vegen utanom tunnelen," tenkte eg, men det var nok slik at skiltinga av denne alternative vegen ikkje var følgd opp. Vegen førde fram til ein kraftstasjon, og der var det slutt på vegen. Vegen eg skulle ha følgt, bratt opp til venstre, var ikkje skilta i heile teke. På campingplassen i Hafslo budde eg to netter, og dagen mellom dei to nettene brukte eg til å sykla inn til den avgsidesliggjande bygda Veitastrond. Veitastrond er ei bygd som vi vestlendingar kjenner godt til frå aviser og Vestlandsrevyen, for om vinteren er vegen inn dit ofte sperra av ras, og då er bygda verkeleg isolert. Inn dit ville eg sykla. Vegen går flat og fin langs Veitastrondsvatnet. Oppe på dei høge fjella skein Jostedalsbreen blank og mektig. På vegen var det fleire mørke tunnelar, men her var det gjort eit godt arbeid med å merka den gamle vegen som sykkelveg. Sjølv om den gamle vegen var noko falleferdig og overgrodd, var det lett å sykla på han, og på ein godversdag midt på sommaren var det ingen fare for ras.





Her inne ved Jostedalsbreeen finn ein eit aktivt og levedyktig bygdesamfunn.




Innover i fjellheimen følgde eg ein grusveg og kom nærmare innpå Jostedalsbreen.




K  A  R  T    Vettis-Veitastrond
Kartet som illustrerer
denne sykkelturen, er eit Cappelen-kart frå 1968. Somme stader har eg altså sykla på veglause strekningar.



Etter ein god sjølvlaga frukost på campingplassen i Hafslo neste morgon gjekk sykkelturen min vestetter på nordsida av Sognefjorden. Midt på sommaren i slutten av juni synte markblomane seg i all si prakt langs vegen.








Rett før Høyanger kom eg ut for det som er det største marerittet for ein tursyklist. Framfor ein tunnel stod det eit skilt som synte at tunnelen var stengd for syklistar. Nokon omkøyringsveg var det ikkje. Då var det berre å køyra inn til sida av vegen, ta av seg solbrillene, ta på seg ein varm genser, setja på raudt baklys og tenna frontlykta. Tunnelen hadde lys, og det gjekk veldig fint å sykla gjennom den flate tunnelen der det var lite trafikk. Eg vart forbikøyrd av fire bilar og ein moped. Eg la merke til at det var vanskelegare for bilistane å køyra forbi mopedfararen, som køyrde i 40 km/timen, enn det var for dei å køyra forbi meg, som heldt 20 km/t. Likevel gjorde mopedføraren noko som var heilt lovleg medan eg derimot hadde brote det som skal vera trafikkreglar då eg såg bort frå det diskriminerande skiltet.

Ni kilometer vest for aluminiumsstaden Høyanger ligg Nordeide med ferjekai og stopp for snøggbåten til og frå Bergen. Elles var her korkje butikk eller campingplass. Derimot var det ein stor murbygning som inneheldt venterom med nyttige fasilitetar for ein tursyklist, blant anna eit toalett. Utanfor var det ein flott plass å slå opp telt med utsyn over Sognefjorden. Ein mann som budde i huset, sa at venterommet var ope heile natta, men eg burde spørja eigaren om å få slå opp telt. Eigaren heldt til på ein gard på andre sida av vegen. Då eg spurde om å få lov til å slå opp teltet ved tørkestativet utanfor murbygningen, gav han meg lov til det og var veldig glad for at eg hadde spurt og ikkje berre teke meg til rette.



K A R T                   Veitastrond - Nordeide


Eg sykla så langs fjorden til Vadheim, men derifrå tok eg ikkje E 39 til ferjestaden Lavik. Eg tok ein svær omveg om Guddalen. Dermed fekk eg sett nye stader og lagt nye kilometer under sykkelhjula.



I Rysjedalsvika måtte eg venta ein time på ferja over Sognefjorden. Saman med meg venta det ein syklande globetrottar. Det var Sylvie Théberge frå Canada som ikkje hadde fast jobb og ikkje fast bustad. Ho brukte livet til å sykla kring i verda. No var ho i Noreg, og i dette dyre landet levde ho på billegaste måte. Det vil seia ho telta alltid utanom campingplassar. Om nokre veker skulle ho til India. I mars 2009 hadde ho opplevd noko fælt då ho sykla i Nicaragua. Ho var utsett for eit overfall. Ho vart truga med pistol. Pass og pengar og sykkel og all bagasje hadde dei teke frå henne. Sylvie Théberge har eiga heimeside der ho legg ut bilete frå sykkelturane sine. http://www.sylvietheberge.com



No skulle ho vidare sørover mot Bergen. Vi sykla ikkje i lag vidare, for eg hadde ei alternativ rute. Eit år tidlegare hadde dei opna ein ny veg mellom Dingja og Eivindvik. Eg kunne såleis sykla frå Rysjedalsvika, langs kysten til Dingja og Eivindvik, og frå Eivindvik tok eg båt over til Smørhamn. Det vart ei dyr båtstrekning, for Fjord1 eller Fylkesbaatane krev nesten 50 kroner for sykkelen på korte strekningar. Samla billettpris berre over til Smørhamn vart på nesten 100 kroner. Lokalbåtane, som hadde vore fine å bruka til øyhopping langs kysten av Sogn og Fjordane, forbyr seg å bruka når prisen for syklar er så høge.

I Smørhamn står statuen av Kong Olav, som dei ikkje ville ha i Oslo. Statuen gjer seg ute ved leia, like ved det gamle Gulatinget. Både leia langs kysten og Gulatinget er faktorar som er viktige i samband med rikssamlinga og at kongemakta oppstod. Kongestatuen har ei betre plassering her enn han ville ha hatt ein eller annan stad i Oslo.



Øyane i Gulen var nytt land for meg. Eg hadde aldri vore her ute før. Øyane er bundne saman med bruer, slik at eg kunne sykla vest til Byrknes. For å koma inn til fastlandet att måtte eg ta ferje. Den siste brua som knyter øyane til fastlandet, kom først på plass i november 2010. Før ferja brakte meg og sykkelen til Leirvåg like ved Mongstad-anlegget, var ferja innom Sløvåg. Det var her det var ein kraftig eksplosjon i ein lagertank for kjemiske avfallsstoff. Utsleppa gjorde at folk i lokalområdet i Gulen vart kvalme og sjuke. Ikkje berre det private selskapet som driv mottaksstasjonen for problemavfall men og sentrale styresmakter hadde svikta. Forureiningstilsynet hadde svikta fordi dei nesten aldri kontrollerte men trudde dei kunne lita på rapporteringa frå selskapet. På ferja over til Sløvåg såg eg eit motiv som illustrerer situasjonen der.




K A R T        Rysjedalsvika - Bergen
Kartet som syner
denne sykkelturen, er eit Cappelen-kart frå
1968. Somme stader har eg altså sykla på veglause strekningar.

Frå ferjestaden Leirvåg er det berre 70 kilometer å sykla til Bergen. Men for ein syklist er det ikkje lett å finna fram, for retningsskilt for syklistar finst det nesten ikkje. Du bør helst ikkje sykla for lenge på hovudvegen E 39 med utriveleg biltrafikk. Du bør ta den gamle vegen frå Vågseidet til Seim. Vegen er asfaltert, smal og svingete og er ein opplevingsrik veg å sykla. Ein dansk syklist har sagt: "En dejlig vej!" Du må vita korleis du finn fram på sykkelvegen frå Knarvik til Nordhordlandsbrua. Sykkelvegen er ikkje så godt skilta. På Nordhordlandsbrua er tilhøva lagde til rette for sykling, men når du kjem i land på sørsida, merkar du at sykkelvegen har nokre meiningslause omvegar. Då må du koma deg ut i sjølve vegbanen og koma deg fram til Salhus utan dei store omvegane. Like etter Salhus må du ignorera eit meiningslaust skilt som syner at det er stengt for syklistar gjennom ein veldig kort tunnel. Etter Salhus må du og finna dei to vegane du skal svinga til høgre i: Laberget og Morvikvegen. I Eidsvågen må du finna den bilfrie vegen som fører over Munkebotn. Men då er du komen fram til Bergen. Og det var eg og. Eg sykla forbi jernbanestasjonen der eg hadde starta denne turen elleve dagar tidlegare.

  H E I M E S I D E