|
1. Gratis
deltaking – og ope for ALLE.
2. Så lenge føret tillet det, joggar me lysløypa frå Vabakkjen
inn mot Landåsvatnet og attende via Studalen.
3. Me held igjen adrenalin og prestasjonsangst og siktar oss
mot mest mogleg felles transport, der uanstrengt prat i feltet provar
høveleg tempo.
4. Dei som BERRE MÅ syna formen for ålmenta, kan ta
ekshibisjonismen ut ETTER den obligatorisk sosiale fyrsterunden.
5. Det vert slege hardt ned på doping og forsøk på å dra opp
tempoet.
6. Ved skiføre vil ein skitur same dag kvalifisera til
kryss/smilefjes som erstatning for frammøte. Snø og is vil dessutan kunna
medføra andre løypeval.
Lat JUNGELTELEGRAFEN ljoma!
NB!!! All ferdsel på eige ansvar –
det same gjeld forhandlingar i heimen.
for O-gubben
Gudleik Q. Sleppen d.a.l.
|